1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Arbeids- og sosialdepartementet legg her fram forslag om endringar i følgjande lover:
lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)
lov 16. desember 2011 nr. 59 om endringer i folketrygdloven (ny uføretrygd og alderspensjon til uføre)
lov 20. juni 2014 nr. 24 om endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (tilpasninger til ny uføretrygd i folketrygden og ny uførepensjonsordning for offentlig tjenestepensjon) del XVI
lov 29. april 2005 nr. 21 om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg
lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott
lov 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltningen
lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs
lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett
Forslaga gjeld:
Oppheving av ferietillegget i dagpengeordninga og tilsvarande ferietillegg til dei særskilde sjukepengane til dagpengemottakarar – sjå kapittel 2.
Endring av barnetillegget i uføretrygda frå behovsprøvd til eit standardisert barnetillegg frå 1. januar 2016 – sjå kapittel 3.
Endring av perioden med rett til overgangsstønad vert etter hovudregelen redusert frå tre til eitt år eller fram til barnet får rett til barnehageplass etter barnehagelova § 12 a – sjå kapittel 4.
Endring i folketrygdlova § 22-8 slik at det kan gjerast frådrag for meirutbetalingar av tillegg etter folketrygdlova § 19-9 og § 19-14 femte ledd, når ein ektemake som det er gjeve forsørgingstillegg for, får etterbetalt ei eiga yting for den same perioden – sjå kapittel 5.
Oppheving av regelen i folketrygdlova § 25-5 a om sanksjonar ved sjukmeldars brott på plikt til å delta i dialogmøte – sjå kapittel 6.
Avvikling av forsørgingstillegg for barn og ektemake under 67 år til mottakarar av supplerande stønad – sjå kapittel 7.
Endring i forskotteringslova for å reflektere endringar i andre lover – sjå kapittel 8.
Unnatak frå forvaltningsmessig teieplikt i arbeids- og velferdsforvaltningslova – sjå kapittel 9.
Lovendringane er naudsynte følgjer av forslag som er fremja i Prop. 1 S (2014–2015) Statsbudsjettet. I tillegg vert det foreslått einskilde lovtekniske justeringar, presiseringar og opprettingar i folketrygdlova, forskotteringslova, i konkurslova og i dekningslova.