5 Endring i folketrygdlova § 22-8 første leddet
5.1 Innleiing
Departementet foreslår at folketrygdlova § 22-8 første leddet vert supplert, slik at ein kan gjere frådrag for meirutbetalingar av tillegg etter folketrygdlova § 19-9 og § 19-14 femte ledd, når ein ektemake som det er gjeve forsørgingstillegg for, får etterbetalt ei eiga yting for den same perioden.
5.2 Gjeldande reglar
Folketrygdlova § 22-8 første leddet gjev reglar for tilfelle der ein person som det er gjeve forsørgingstillegg for, får rett til eigen pensjon, overgangsstønad eller arbeidsavklaringspengar. Dersom ytinga vert etterbetalt for tidsrom da forsørgjaren fekk forsørgingstillegg eller auka særtillegg pga. forsørginga, vert det gjort frådrag i etterbetalinga svarande til forsørgingstillegget mm. Dette hindrar at same stønadsbehovet vert dekt to gonger. Slik føresegna lyder i dag, omfattar heimelen for frådrag ikkje tilsvarande meirutbetalingar av pensjonstillegg etter folketrygdlova § 19-9 eller tillegg etter folketrygdlova § 19-14 femte leddet.
Pensjonstillegg etter folketrygdlova § 19-9 vert gjevne dersom minste pensjonsnivå etter folketrygdlova § 19-8 er høgare enn den grunnpensjonen og tilleggspensjonen som pensjonisten har rett til, dvs. saker der pensjonisten ville hatt rett til (heilt eller delvis) særtillegg etter pensjonsreglane før 2011. Minste pensjonsnivå vert mellom anna fastsett under omsyn til om pensjonisten forsørgjer ektemake, og dette verkar også inn på pensjonstillegget etter § 19-9. Når den forsørgde ektemaken får rett til eigen pensjon, vert pensjonstillegget til den tidlegare forsørgjaren sett ned.
Etter folketrygdlova § 19-14 femte leddet har ein pensjonist rett til eit tillegg dersom utbetalt pensjon etter regulering vert lågare enn det minste pensjonsnivået pensjonisten har rett til etter lova § 19-8. Dette gjeld ved mottak av full alderspensjon. Også dette tillegget vert påverka av at pensjonisten får forsørgingstillegg for ektemake, og tilsvarande som for tillegget etter § 19-9, vert tillegget etter § 19-14 femte leddet sett ned når den forsørgde ektemaken får rett til eigen pensjon.
5.3 Vurderingar og forslag
Departementet finn det klart at ein bør gjere frådrag for meirutbetalingar av pensjonstillegg etter folketrygdlova § 19-9 og tillegg etter § 19-14 femte leddet når ein tidlegare forsørgja ektemake får etterbetalt eiga yting for ein periode da den andre ektemaken har fått ytingar fastsett under omsyn til forsørginga. Ein foreslår difor at folketrygdlova § 22-8 første leddet vert supplert, slik at det skal gjerast frådrag i etterbetalinga til den forsørgde dersom forsørgjaren på grunn av forsørginga har fått utbetalt eit høgare pensjonstillegg etter § 19-9 eller eit høgare tillegg etter § 19-14 femte leddet enn han eller ho elles ville ha rett til. Frådraget skal svare til differansen, og kan berre gjerast for meirutbetalingar i tidsrommet som etterbetalinga gjeld.
Departementet viser til lovforslaget.
5.4 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet foreslår at endringa trer i kraft 1. januar 2015. Endringa vil føre til visse innsparingar for folketrygda og i nokon mon administrativt meirarbeid.