8 Endringar i forskotteringslova
8.1 Innleiing
Departementet foreslår justeringar i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven) § 4 første leddet bokstav b og § 9 fjerde leddet for å reflektere endringar i andre lover.
8.2 Gjeldande rett
Etter forskotteringslova § 4 første leddet bokstav b fell retten til forskott bort dersom barnet får rett til «ytelser til livsopphold etter folketrygdloven kapittel 10, 11, 12, 13, 15 eller 17». Med andre ord vert forskottet ikkje gjeve til barn som har rett til ytingar som uførepensjon og liknande. Årsaka til at folketrygdlova kapittel 10 er med i opprekninga, er at dette kapitlet mellom anna hadde reglar om rehabiliteringspengar, som no er erstatta av arbeidsavklaringspengar etter folketrygdlova kapittel 11. Ytingane etter kapittel 10 omfattar no ikkje ytingar av denne arten, slik at det ikkje lenger er grunn til å ha med dette kapitlet i opprekninga i forskotteringslova § 4 første leddet bokstav b.
Etter forskotteringslova § 9 fjerde leddet kan ein i forskotteringssaker mellom anna innhente opplysningar etter reglane i folketrygdlova § 21-4 første leddet og barnelova § 10 andre leddet. Heimelen i barnelova § 10 andre leddet er no flytta til same lova § 70 sjuande leddet, slik at det er grunn til ei tilsvarande oppdatering av forskotteringslova § 9 fjerde leddet.
8.3 Vurderingar og forslag
Departementet foreslår at dei aktuelle paragrafane i forskotteringslova vert oppdaterte. Dette fører med seg at folketrygdlova kapittel 10 går ut av opprekninga i forskotteringslova § 4 første leddet bokstav b. Ein foreslår også at uttrykket «ytelser til livsopphold» i denne føresegna vert endra til «ytelser som har til formål å sikre inntekt», som er i tråd med formålet med dei aktuelle ytingane slik dette er formulert i folketrygdlova i dag. Når det gjeld forskotteringslova § 9 fjerde leddet, foreslår departementet at tilvisinga til heimelen for innhenting av opplysningar i barnelova vert endra til å gjelde barnelova § 70 sjuande leddet, som no er det korrekte.
Departementet viser til lovforslaget.
8.4 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet foreslår at endringane trer i kraft 1. januar 2015. Dei vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.