10 Retting av heimelstilvisningar i konkurslova og dekningslova
Lov 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv. (lønnsgarantilova) § 1 vart endra med verknad frå 1. januar 2014. Mellom anna vart det gjort nokre redaksjonelle endringar for å gjere samanhengen mellom lønnsgarantilova og lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett (dekningslova) § 9-3 tydelegare.
Både lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs (konkurslova) § 67 og dekningslova § 9-3 første leddet nr. 1 viser til ulike føresegner i lønnsgarantilova § 1. Desse tilvisingane vart ikkje oppdatert samstundes med dei nemnde redaksjonelle endringane i lønnsgarantilova.
Konkurslova § 67 fjerde leddet bør difor endrast slik at den viser til lønnsgarantilova § 1 fjerde leddet nr. 1 og nr. 2 første punktum, og dekningslova § 9-3 første leddet nr. 1 andre leddet tredje punktum bør endrast slik at den viser til lønnsgarantilova § 1 fjerde leddet nr. 1 og nr. 2. Korkje endringa i konkurslova eller endringane i dekningslova inneber nokon materiell endring.