4 Gjeldande rett
4.1 Drosjeløyve m.m.
For å kunne drive persontransport i og utanfor rute krevst det løyve etter lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy, (yrkestransportlova) og forskrift 26. mars 2003 nr. 401 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportforskrifta).
For å kunne drive persontransport mot vederlag med personbil (inntil 9 personar inkludert førar) krevst som hovudregel drosjeløyve etter yrkestransportlova § 9, jf. § 4. Med heimel i yrkestransportlova § 9 har løyvestyresmakta i særskilte tilfelle høve til å gje tillating til å drive drosjetransport med «utvida drosjeløyve», motorvogn registrert for høgst 16 passasjerplassar, jf. yrkestransportforskrifta § 1 bokstav f). Departementet har vidare, med heimel i yrkestransportlova § 9, jf. yrkestransportforskrifta § 1 bokstav d), skilt ut ein eigen løyvekategori innan personbilstorleiken for såkalla selskapsvogner (limousin). Med same heimel har departementet etablert ei særskilt løyveordning for transport for funksjonshemma, jf. yrkestransportforskrifta § 1 bokstav e).
Selskapsvognløyve gjev rett til å drive yrkestransport med eksklusivt materiell godkjent av løyvestyresmakta, jf. yrkestransportforskrifta § 1 bokstav d). Talet på selskapsvogner er marginalt i høve til talet på drosjer. For særskilt løyve for transport for funksjonshemma er det eit vilkår at motorvogna skal oppfylle krav til universell utforming. Løyvet gjev berre rett til transport av personar som må nytte slik motorvogn, og person som reiser saman med den funksjonshemma.
For å få løyve må søkjaren fylle krava til god vandel, til teoretisk kompetanse (løyvekurs), kunne stille økonomisk garanti og vere etablert i Noreg. Den som skal vere førar av motorvogn i løyvepliktig persontransport, må ha køyresetel utferda av politiet, jf. yrkestransportlova § 37a. Kravet til køyresetel skal mellom anna sikre at vedkomande sjåfør har ein vandel som gjer at han ikkje vert vurdert som ueigna i eit slikt yrke.
Fylkeskommunane og Oslo kommune er løyvestyresmakt for drosje- selskapsvognløyve og løyve for transport for funksjonshemma, jf. yrkestransportlova § 12.
4.2 Høve til å setje vilkår
Løyvestyresmakta kan med heimel i yrkestransportlova § 11 setje vilkår for det einskilde løyvet. § 11 er ein sams regel for alle slag løyve som er regulert i yrkestransportlova.
Av forarbeida til yrkestransportlova § 11, Ot.prp. nr. 74 (2001–2002) Om lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy, er det vist til at føresegna svarar til tidlegare lov § 13 nr. 2 (samferdselslova) og understreka at vilkår sette med heimel i denne paragrafen må ha sakleg samanheng med den funksjonen det einskilde løyvet er meint å skulle fylle. Dette er i tråd med forarbeida til tidlegare § 13 nr. 2 i samferdselslova (§ 14 nr. 2 i Ot.prp. nr. 5 (1975–76) Om lov om samferdsel).
Dersom eit køyretøy som vert nytta som drosje oppfyller dei krava som er sett med heimel i vegtransportlovgjevinga, gjev ikkje yrkestransportlova løyvestyresmakta heimel til å setje særskilte miljøkrav til drosjer, då slike krav etter Samferdselsdepartementet si vurdering ikkje kan seiast å ha samanheng med den funksjonen slike løyve skal ha.
Departementet meiner § 11 gjev heimel til å kunne treffe einskildvedtak, men ikkje heimel til å gje generelle pålegg i forskrift. Regelen har t.d. hatt praktisk nytte som heimel til å kunne setje vilkår for løyve til rutetransport, som følgje av at ruteløyve er geografisk avgrensa og kan gjelde for tidsavgrensa periodar m.m.
I yrkestransportlova § 9 (3) har løyvestyresmakta heimel til å gje pålegg om at det skal etablerast drosjesentralar m.m. I § 9 (5) er det gitt heimel for departementet til å gje forskrifter om korleis ei motorvogn skal vere utstyrt når den vert nytta i løyvepliktig transport etter § 9. § 9 gjev av same grunn som § 11 heller ikkje heimel for løyvestyresmakta eller departementet til å gje særlege pålegg om kva motorkraft køyretøyet skal nytte. Eit slikt pålegg kan ikkje seiast å ha samanheng med den funksjonen eit drosjeløyve skal ha.