Prop. 144 L (2019–2020)

Endringar i burettslagslova mv. (rett til å setje opp ladepunkt for elbil, samanslåing av eigarseksjonssameige)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Stortingets oppmodingsvedtak om ladepunkt for bustadeigarar

Under behandlinga av ny eigarseksjonslov våren 2017 vedtok Stortinget å gi ein seksjonseigar, med samtykke frå styret, rett til å anlegge ladepunkt for elbil og ladeklare hybridar, jf. eigarseksjonslova § 25 første ledd tredje og fjerde punktum.

Eit fleirtal på Stortinget gjorde deretter oppmodingsvedtak nr. 716, 30. mai 2017, som lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til utforming av nasjonal regulering som sikrer eiere i borettslag og sameier rett til å anlegge ladepunkt – med mindre det foreligger saklig grunn for at en slik etablering ikke kan finne sted.»

Stortinget gjorde samtidig oppmodingsvedtak nr. 717, 30. mai 2017, som lyder:

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan man kan innføre krav til at nye bygg og bygg som underlegges større ombygginger, skal være ladeklare bygg.»

Denne proposisjonen følgjer opp oppmodingsvedtaket om laderett for eigarar i burettslag.

Oppmodingsvedtaket om ladeklare bygg blir følgt opp med høyring av endring i byggteknisk forskrift.

2.2 Ekspertutval – mandat og forslag i korte trekk

Større utbyggingsprosjekt blir i dag ofte gjennomførte i fleire byggjetrinn, og utbyggjaren opprettar fleire (små) eigarseksjonssameige undervegs. Slik organisering er ikkje nødvendigvis den beste for utbyggjaren eller dei framtidige kjøparane av seksjonar. Departementet signaliserte derfor i Prop. 39 L (2016–2017) Lov om eierseksjoner punkt 25.2 at departementet «på et senere tidspunkt [vil] opprette et ekspertutvalg som kan tenke helhetlig rundt utbygging som går over tid, med tanke på å avskaffe hindre for effektiv og god eiendomsdannelse».

Kommunal- og moderniseringsdepartementet oppnemnde den 30. august 2017 eit ekspertutval. Utvalet blei bedt om å greie ut korleis seksjonering av eigedom i større utbyggingsprosjekt kan lovregulerast på ein betre måte enn i dag. Utvalet blei bedt om å vurdere korleis lovgivaren kan leggje til rette for at utbyggjaren i større grad vel å la heile utbyggingsprosjektet vere éin stor eigedom som blir seksjonert til eitt stort sameige.

Det blei i mandatet blant anna peikt på «stordriftsfordelane» ved å vere eitt stort sameige framfor fleire små, typisk ved at dei totale drifts- og vedlikehaldsutgiftene blir lågare. Utvalet blei vidare bedt om å vurdere enkelte meir avgrensa problemstillingar, blant anna behovet for å innføre reglar som kan sikre ei meir ryddig og truverdig grunnbok når eit eigarseksjonssameige blir oppløyst.

Utvalet leverte sin rapport den 14. september 2018.

Utvalet foreslo to hovudgrep for å leggje til rette for større eigarseksjonssameige:

For det første foreslo utvalet å innføre ein ny seksjonstype: «utbyggingsseksjon».

For det andre foreslo utvalet å gjere det enklare for allereie etablerte eigarseksjonssameige å slå seg saman, blant anna ved å redusere kravet i lova, frå semje til kvalifisert fleirtal på årsmøtet. Utvalet foreslo også at det blir utarbeidd eit standardisert søknadsskjema for samanslåing.

I denne proposisjonen blir berre forslaget om enklare reglar for samanslåing av eigarseksjonssameige behandla.

2.3 Høyringa

2.3.1 Høyring av forslaget om laderett

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sende 3. mai 2019 på høyring eit forslag om å innføre ein regel i burettslagslova og presisere ei føresegn i eigarseksjonslova som gir bustadeigarar i burettslag og eigarseksjonssameige rett til å setje opp ladepunkt for elbil. Høyringsnotatet inneheldt også forslag om endringar i reglane for eksisterande byggverk i plan- og bygningslova og regulering av hyblifisering i eigarseksjonslova og plan- og bygningslova. I denne proposisjonen er det berre forslaget om laderett som blir følgt opp.

Forslaget blei sendt til desse høyringsinstansane:

  • Departementa

  • Datatilsynet

  • Deltasenteret

  • Direktoratet for arbeidstilsynet

  • Direktoratet for byggkvalitet (DiBK)

  • Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI)

  • Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)

  • Enova SF

  • Finanstilsynet

  • Forbrukarrådet

  • Forbrukartilsynet

  • Forsvarsbygg

  • Fylkesmennene

  • Helsedirektoratet

  • Helse Midt-Noreg RHF

  • Helse Nord RHF

  • Helse Sør-Aust RHF

  • Helse Vest RHF

  • Husbanken

  • Husleietvistutvalget

  • Innovasjon Noreg

  • Jernbanedirektoratet

  • Jordskifterettane

  • Justervesenet

  • Kartverket

  • Konkurransetilsynet

  • Kystdirektoratet

  • Mattilsynet

  • Miljødirektoratet

  • Nasjonalt folkehelseinstitutt

  • Meisterbrevnemnda

  • Nasjonalbiblioteket

  • Noregs forskingsråd v/ B/A-seksjonen

  • Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE)

  • Norsk Akkreditering

  • Regelrådet

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksantikvaren

  • Rådet for funksjonshemmede i Oslo, Helse og velferdsetaten

  • Sametinget

  • Sivilombudsmannen

  • Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI)

  • Statens forureiningstilsyn (SFT)

  • Statens helsetilsyn

  • Statens jernbanetilsyn

  • Statens kartverk

  • Statens landbruksforvaltning (SLF)

  • Statens råd for likestilling av funksjonshemma

  • Statens seniorråd

  • Statens strålevern

  • Statens vegvesen, Vegdirektoratet

  • Statsbygg

  • Statskog

  • Sjukehusbygg HF

  • Sysselmannen på Svalbard

  • Kommunane

  • Fylkeskommunane

  • Longyearbyen lokalstyre

  • Advokatforeningen

  • Administrativt forskningsfond (AFF) v/Norges Handelshøyskole

  • Akademikerne

  • Alpinanleggenes Landsforening (ALF)

  • AOF Norge

  • Arkitektbedriftene i Norge

  • Arkitektenes Fagforbund

  • Asker og Bærum Boligbyggelag

  • Asplan Viak AS

  • Bane NOR SF (inkl. ROM Eiendom AS)

  • Bate

  • Bedriftsforbundet

  • Bergen Huseierforening

  • Betongelementforeningen

  • Bioforsk Jord og Miljø

  • Boligbyggelaget USBL

  • Boligmentoren

  • Boligprodusentenes Forening

  • Brannfaglig fellesorganisasjon (BFO)

  • Byggeindustrien

  • Byggfakta AS

  • Byggemiljø v/ Byggenæringens miljøsekretariat

  • Byggenæringens Landsforening (BNL)

  • Byggvareindustriens Forening

  • Chr. Michelsens institutt, avd. for samfunnsfag og utvikling

  • Civitas AS

  • Cowi AS

  • Den Polytekniske Forening

  • Design og arkitektur Norge (DOGA)

  • Det kgl. selskap for Norges vel

  • Det norske hageselskap

  • Det norske skogselskap

  • DNV – GL

  • Econa

  • Eiendom Norge

  • Eiendomsspar AS

  • EL & IT-Forbundet

  • Elbilforeningen

  • Energi Norge

  • Entreprenørforeningen – Bygg og Anlegg (EBA)

  • FAFO v/Forskningsstiftelsen

  • Fagforbundet

  • Fellesforbundet

  • Finans Norge

  • Foreningen for Ventilasjon Kulde og Energi

  • Forsikringsselskapenes Godkjenningsnemnd (FG)

  • Fortidsminneforeningen

  • Forum for Kommunale Planleggere v/ KS

  • Forum for plan- og bygningsrett v/ Tekna

  • Frittstående Boligforvalteres Interesseorganisasjon

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)

  • GeoForum

  • Glava AS

  • Glass og Fasadeforeningen

  • Grønn Byggallianse v/ Erik Hammer

  • Heisleverandørenes Landsforening (HLF)

  • Heismontørenes fagforening

  • Hovedorganisasjonen Virke (HSH)

  • Huseiernes Landsforbund

  • Hørselshemmedes Landsforbund (HLF)

  • IngeniørNytt

  • Institutt for samfunnsforskning

  • JM Norge AS v/region Oslo

  • Jussbuss

  • Jussformidlingen

  • Jusshjelpa i Nord-Norge

  • Jøtul AS

  • KS

  • Kommunale Boligadministrasjoners Landsråd (KBL)

  • Kontrollrådet for betongprodukter

  • Kulde- og Varmepumpeentreprenørenes Landsforening (KELF)

  • Landbrukets HMS v/ Jan Elgvang

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Lavenergiprogrammet

  • Leieboerforeningen

  • LUKS

  • Maskinentreprenørenes Forbund (MEF)

  • Mesterhus Norge

  • Miljøstiftelsen Bellona

  • Multiconsult AS

  • Naturvernforbundet

  • Nelfo

  • NHO Reiseliv

  • NIBR – By- og regionsforskningsinstituttet, HiOA

  • NITO Takst

  • Norconsult AS

  • Nordlandsforskning

  • Norges Astma- og Allergiforbund

  • Norges Blindeforbund

  • Norges Bondelag

  • Norges Bygg- og Eiendomsforening (NBEF)

  • Norges Byggmesterforbund (NBF)

  • Norges Eiendomsmeglerforbund

  • Norges Handikapforbund

  • Norges Huseierforbund

  • Norges Hytteforbund

  • Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (NITO)

  • Norges Juristforbund

  • Norges Kvinne- og Familieforbund

  • Norges Miljøvernforbund

  • Norges Skogeierforbund

  • Noregs statsbaner (NSB)

  • Norges Takseringsforbund (NTF)

  • Norgips Norge AS

  • Norsk Anleggsgartnermesterlag (NAML)

  • Norsk Bergindustri

  • Norsk Bioenergiforening (NoBio)

  • Norsk Bonde- og Småbrukarlag

  • Norsk Brannbefals Landsforbund v/Guttorm Liebe

  • Norsk brannvernforening

  • Norsk Byggtjeneste AS

  • Norsk Dør- og Vinduskontroll

  • Norsk Eiendom

  • Norsk Fjernvarme

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede

  • Norsk forening for farlig avfall (NFFA)

  • Norsk Heiskontroll

  • Norsk Industri

  • Norsk institutt for kulturminneforskning NIKU

  • Norsk institutt for luftforskning

  • Norsk institutt for vannforskning (NIVA)

  • Norsk Klimaskjerm

  • Norsk Kommunalteknisk Forening (NKF)

  • Norsk Landbrukssamvirke

  • Norsk Pensjonistforbund

  • Norsk Rådmannsforum

  • Norsk solenergiforening

  • Norsk Teknologi (TELFO)

  • Norsk Treteknisk Institutt

  • Norsk Varme

  • Norsk VA-verkforening (NORVAR)

  • Norsk VVS – Energi- og Miljøteknisk Forening

  • Norske Arkitekters Landsforbund (NAL)

  • Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL)

  • Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening (NIL)

  • Norske Landskapsarkitekters Forening (NLA)

  • Norske Murmestres Landsforening (NML)

  • Norske Reindriftssamers Landsforbund

  • Norske Samers Riksforbund

  • Norske Trevarefabrikkers Landsforbund (NTL)

  • NOVA

  • Nye Veier AS

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Næringsmiddelbedriftenes Landsforening (NBL)

  • Oljeindustriens Landsforening (OLF)

  • OBOS

  • OPAK AS

  • ORAS AS

  • Plastindustriforbundet

  • Rambøll Norge AS

  • Reiselivsbedriftenes Landsforening (RBL)

  • Rørentreprenørene Norge

  • Rådgivende ingeniørers forening (RIF)

  • Samarbeidsrådet for yrkesopplæring

  • SINTEF Byggforsk

  • Skanska Norge

  • Skattebetalerforeningen

  • Standard Norge

  • Statkraft

  • Teknisk ukeblad

  • Tekniske foreningers servicekontor (TFSK)

  • Teknisk-naturvitenskapelig forening (Tekna)

  • Teknologisk institutt

  • TKS Heis AS

  • TOBB

  • Tomtefesteforbundet

  • Transportøkonomisk Institutt

  • Treforedlingsindustriens Bransjeforening

  • Trelastindustriens Landsforening (TL)

  • Utleiemegleren

  • Veidekke ASA

  • Veiledningsinstituttet i Nord-Norge

  • Velforbundet – Vellenes Fellesorganisasjon

  • Vellenes Fellesorganisasjon

  • Velux Norge AS

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund YS

  • Zero

  • Østlandsforskning

  • Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO)

  • Folkeuniversitetet Buskerud/Vestfold

  • Folkeuniversitetet Øst

  • Forsvarets ingeniørhøgskole v/ Forsvarets kompetansesenter

  • Handelshøyskolen BI

  • Høgskolen i Innlandet

  • Høgskolen i Kristiania

  • Høgskolen i Oslo og Akershus

  • Høgskolen i Sørøst-Norge

  • Høgskolen i Østfold

  • Høgskolen på Vestlandet

  • NORD Universitet

  • Norges Brannskole

  • Norges Handelshøyskole (NHH)

  • Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)

  • Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)

  • Universitetet i Agder (UiA)

  • Universitetet i Bergen (UiB)

  • Universitetet i Oslo (UiO)

  • Universitetet i Stavanger (UiS)

  • Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet (UiT)

  • Westerdals Oslo School of Arts, Communication and Technology

Høyringsnotatet blei òg offentleggjort på regjeringen.no.

Høyringsfristen gjekk ut 1. september 2019. Departementet fekk inn 33 høyringssvar. Fylkesmannen i Rogaland og Mesterbrevnemnda opplyste at dei ikkje hadde merknader til saka, mens resten uttalte seg om realiteten i forslaget:

  • Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap

  • Helsedirektoratet

  • Kristiansand kommune

  • Larvik kommune

  • Advokatforeningen

  • Asker og Bærum Boligbyggelag

  • EL og IT Forbundet

  • Huseiernes Landsforbund

  • LO

  • NBBL

  • NELFO

  • Norges Bygg- og Eiendomsforening

  • Norges Eiendomsmeglerforbund

  • Norges Parkeringsforening

  • Norsk elbilforening

  • OBOS

  • Brauten Eiendom

  • Arne Rein Johansen

  • Birger Torgersrud

  • Kjell Tore Wirum

  • Knut Capjon

  • Madlamark 2 borettslag

  • Ni (anonyme) privatpersonar

2.3.2 Høyring av ekspertutvalets rapport

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sende 1. januar 2019 på høyring ein rapport frå eit ekspertutval om betre regulering av større utbyggingsprosjekt. Hovudformålet med ekspertutvalet var å få forslag til løysingar og regelendringar som betre legg til rette for effektiv og god eigedomsdanning. Ekspertutvalet foreslo to hovudgrep: For det første foreslo utvalet å innføre enklare reglar for samanslåing av eigarseksjonssameige. For det andre foreslo utvalet å innføre ein ny seksjonstype – «utbyggingsseksjon». Det er berre forslaget om enklare reglar for samanslåing av eigarseksjonssameige som blir behandla i denne proposisjonen.

Forslaget blei sendt til desse høyringsinstansane:

  • Departementa

  • Direktoratet for byggkvalitet

  • Finanstilsynet

  • Forbrukartilsynet

  • Forbrukarrådet

  • Kartverket

  • Konkurransetilsynet

  • Longyearbyen lokalstyre

  • Skattedirektoratet

  • Sysselmannen på Svalbard

  • Kommunane

  • Fylkeskommunane

  • Advokatfirmaet Haavind

  • Advokatfirmaet Schjødt

  • Advokatforeningen

  • AF Eiendom

  • Asker og Bærum Boligbyggelag

  • Bing Hodneland Advokatselskap

  • Boligbyggelaget USBL

  • Boligmentoren

  • Boligprodusentenes Forening

  • Brauten Eiendom

  • Byggeindustrien

  • Byggenæringens Landsforening (BNL)

  • Dalan Advokatfirma

  • DNB

  • Eiendom Norge

  • Entreprenørforeningen – Bygg og Anlegg (EBA)

  • Finans Norge

  • Frittstående Boligforvalteres Interesseorganisasjon

  • GeoForum

  • Huseiernes Landsforbund

  • JM Norge

  • Jussbuss

  • Jussformidlingen

  • Jusshjelpa i Nord-Norge

  • KS

  • Norges Bygg- og Eiendomsforening (NBEF)

  • Norges Eiendomsmeglerforbund (NEF)

  • Norges Juristforbund

  • Norsk Eiendom

  • Norsk Kommunalteknisk Forening

  • Norske Arkitekters Landsforbund

  • NBBL

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • OBOS

  • PEAB

  • Røisland & Co

  • Selvaag Bolig

  • Skanska Eiendomsutvikling

  • Skattebetalerforeningen

  • Solon Eiendom

  • Sparebankforeningen

  • Tomtefesteforbundet

  • Veidekke Eiendom

  • Handelshøyskolen BI, Institutt for rettsvitenskap og styring

  • Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet

  • Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultet

  • UiT, Noregs arktiske universitet

Høyringsnotatet blei òg offentleggjort på regjeringen.no.

Høyringsfristen gjekk ut 29. april 2019. Departementet fekk tilbakemelding frå 19 høyringsinstansar, og av dei har 13 uttalt seg om realiteten i forslaget om enklare reglar for samanslåing av eigarseksjonssameige:

  • Forsvarsdepartementet

  • Statens kartverk

  • Bærum kommune

  • Fredrikstad kommune

  • Oslo kommune

  • Trondheim kommune v/kart- og oppmålingskontoret

  • ABBL – Asker og Bærum Boligbyggelag

  • Advokatforeningen

  • Brauten Eiendom AS

  • Norges Eiendomsmeglerforbund

  • NBBL

  • OBOS

  • Selvaag Bolig ASA

Desse instansane har positivt uttrykt at dei ikkje har merknader til utgreiinga:

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Finans Norge

I tillegg har Regelrådet vurdert om rapporten tilfredsstillar krava i utredningsinstruksen. Regelrådet konkluderte med at utgreiinga har svakheiter.

Til forsida