5 Administrative og økonomiske konsekvensar
5.1 Laderett
Salet av elbilar har auka kraftig i dei seinare åra. 56 pst. av alle nyregistrerte bilar i 2019 var elbilar eller ladbare hybridar. Norsk elbilforening reknar med ein marknadsdel på ca. 60 pst. også i 2020.
Veksten i salet av elbilar fører til auka etterspørsel etter ladeplassar. Laderett i burettslag og sameige stimulerer til at det blir oppretta fleire ladeplassar for elbilar. Det vil igjen kunne føre til ytterlegare auke i etterspørselen etter elbilar eller ladbare hybridar. Dette representerer ein fordel i dei tilfella det medfører ein tilsvarande reduksjon i talet på fossildrivne bilar.
Men auka tilrettelegging for elbilar kan òg føre til at den samla bilparken blir større, gjennom at personar som ikkje eig bil, vel å skaffe seg elbil. Sjølv om elbilar er meir miljøvennlege enn fossildrivne bilar, vil ein større bilpark representere ei ulempe med tanke på forhold som svevestøv og plassproblem på vegane.
Å tilrettelegge for elbil-lading vil kunne medføre auka felleskostnader for den enkelte seksjonseigar og andelseigar, særleg i dei tilfella det er behov for å oppgradere straumnettet. Departementet reknar likevel med at forslaget vil kunne medverke til ein viss verdiauke på dei bustadene som får tilgang til parkeringsplass med ladepunkt.
5.2 Samanslåing av eigarseksjonssameige
Departementet meiner at lovfesting av eit krav om kvalifisert fleirtal for samanslåing av eigarseksjonssameige ikkje vil ha administrative eller økonomiske konsekvensar for det offentlege. Fleire samanslåingsprosessar vil kunne føre til at kommunane får fleire saker å behandle, men dette vil bli oppvege ved at saksbehandlinga blir enklare gjennom standardiserte skjema for samanslåing, og at det ikkje er eit behov for å kontrollere at den enkelte seksjonseigaren har gitt tilslutning.
For private aktørar kan lovendringa ha positive administrative og økonomiske effektar. Det vil vere mindre ressurs- og kostnadskrevjande å vedta ei samanslåing med kvalifisert fleirtal på årsmøte samanlikna med å innhente uttrykkjelege samtykke frå alle seksjonseigarar. Samtidig er det grunn til å vente at større driftseiningar vil kunne oppnå lågare totale kostnader ved drift og vedlikehald.