1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Nærings- og fiskeridepartementet foreslår i denne proposisjonen ei lovendring som gjev forskriftsheimel til å gjennomføre Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1024/2012 «Om forvaltningssamarbeid gjennom informasjonssystemet for det indre marked og om oppheving av kommisjonsvedtak 2008/49/EF» (IMI-forordninga). Departementet foreslår å ta forskriftsheimelen inn i lov 17. desember 2004 nr. 101 om europeisk meldeplikt for tekniske reglar (EØS-høringsloven).
Forordninga regulerer ulike forhold knytte til informasjonssystemet for den indre marknaden (IMI) og søkjer å oppnå fire hovudmål;
å etablere eit horisontalt rettsgrunnlag for IMI og fastsetje felles reglar for ein mest mogleg effektiv bruk av systemet,
å etablere eit regelverk for personvern i IMI,
å leggje til rette for framtidig utvida bruk av IMI innanfor nye saksfelt,
å klargjere rollene til og forenkle kontakten mellom aktørane i IMI.