Prop. 150 L (2014–2015)

Endringar i EØS-høringsloven (elektronisk administrativt samarbeid)

Til innhaldsliste

3 Nærare om IMI

IMI er eit elektronisk verktøy som Europakommisjonen leverer. IMI skal lette forvaltningssamarbeidet mellom relevante styresmakter i EØS og mellom styresmaktene og ESA/Europakommisjonen. Programvara er gratis og enkelt tilgjengeleg gjennom IMI- portalen på Europakommisjonens heimeside. Systemet kan nyttast på alle offisielle EU-språk. Verktøyet er gratis å bruke for IMI-aktørane. Informasjonsutvekslinga skjer elektronisk. Systemet er såleis både tids- og kostnadssparande for brukarane.

IMI består av fleire modular, og blir til dømes nytta for å oppfylle styresmaktene sine meldeplikter til andre styresmakter eller til EFTAs overvakingsorgan og for å leggje til rette for å gjennomføre varslingsplikta og andre plikter som følgjer av regelverket på det aktuelle området ein samarbeider administrativt om. SOLVIT- nettverket (uformelt nettverk som hjelper private og bedrifter når dei står overfor feil bruk av EU-regelverk) nyttar IMI i sakshandsaminga.

I dag blir IMI nytta som elektronisk verktøy ved administrativt samarbeid innanfor virkeområda til fleire direktiv, medrekna: yrkeskvalifikasjonsdirektivet1, tenestedirektivet2, pasientrettardirektivet3 og utsendingsdirektivet4. Samstundes har Europakommisjonen sett i gang eit pilotprosjekt for å vurdere om IMI er eigna for bruk etter e-handelsdirektivet5 og lokførarbevisdirektivet6. Pilotprosjekt for bruk av IMI på området for retur av kulturskattar7 og offentlege innkjøp8 er under utgreiing.

Hovudaktørane i IMI er ansvarlege styresmakter (normalt underliggjande etatar og organ med delegert ansvar) i EØS som har det daglege ansvaret for offentlege oppgåver knytte til det området der IMI skal nyttast som verktøy. Dei aktuelle styresmaktene får tilgjengerett til den eller dei modulane i IMI som er relevante for deira verksemd. Styresmaktene kan som IMI-aktørar sende og ta i mot førespurnader, ta i mot informasjon og åtvaringar og forvalte opplysningar i modulen i tråd med tilgjengerettane.

Kvart medlemsland har ein nasjonal IMI-koordinator. Nærings- og fiskeridepartementet er nasjonal IMI-koordinator i Noreg. Departementet har såleis eit overordna ansvar for IMI i Noreg og deltek i arbeidet på europeisk nivå.

Den ansvarlege styresmakta for det fagområdet IMI skal nyttast på, er også fagleg koordinator for sitt område: Nærings- og fiskeridepartementet er difor også IMI-koordinator for tenestedirektivet i IMI. Vidare er til dømes Kunnskapsdepartementet IMI-koordinator for yrkeskvalifikasjonsdirektivet og Arbeidstilsynet er IMI-koordinator for bruken knytt til utsendingsdirektivet. Rolla til dei faglege koordinatorane er i hovudsak å hjelpe brukarane dersom det er behov for dette i det daglege. Dei faglege koordinatorane følgjer også opp overfor brukarane dersom det til dømes ikkje blir svart på førespurnader frå andre EØS-land innan fristane.

Europakommisjonen har eit IMI-team som er ansvarlege for drifta og utviklinga av systemet. Teamet har også ei hjelpeteneste og utarbeider opplærings- og marknadsføringsmateriale som dei deler ut fritt.

Fotnotar

1.

2005/36/EU, endra ved 2013/55/EU

2.

2006/123/EU

3.

2011/24/EU

4.

96/71/EU

5.

2000/31/EU

6.

2007/59/EU

7.

2014/60/EU

8.

2014/24/EU og 2014/25/EU