9 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget
Til § 1
I samband med at EØS-høringslova blir endra slik at ho gjev heimel for å gjennomføre forordning (EU) nr. 1024/2012, blir også formålsføresegna i lova oppdatert.
Til § 2 første ledd første punktum
Virkeområdet til lova blir utvida til også å gjelde virkeområdet til forordning (EU) nr. 1024/2012.
Til ny § 13 a
Den nye § 13 a gjev departementet heimel til å gjennomføre rettsaktar om elektronisk administrativt samarbeid i EØS slik som forordning (EU) nr. 1024/2012 og eventuelle seinare endringar i denne.
Virkeområdet og innhaldet i forordning (EU) nr. 1024/2012 talar for at ho blir gjennomført i forskrift. Gjennomføring i forskrift vil også forenkle prosessen med oppdatering av nasjonalt regelverk ved eventuelle framtidige endringar i forordninga.