6 Arbeidet med regelverket i EU og Noreg
Nærings- og fiskeridepartementet har følgt prosessen med vidareutviklinga av systemet, mellom anna ved å delta i Europakommisjonen si arbeidsgruppe IMAC-IMI.
Europakommisjonen la 21. februar 2011 fram kunngjeringa «Betre styring av den indre marknaden gjennom auka administrativt samarbeid: Ein strategi for å byggje ut og utvikle informasjonssystemet IMI». Kunngjeringa inneheld nyttig bakgrunnsinformasjon. IMI har så langt fungert på ulovfesta grunnlag. For å leggje til rette for eit framtidsretta system som forenklar samhandlinga mellom styresmaktene i EØS, fremja Europakommisjonen eit framlegg til IMI-forordning. Departementet sende Europakommisjonen sitt framlegg på høyring med høyringsfrist 30. november 2011. Av 25 høyringsinnspel, hadde åtte høyringsinstansar konkrete merknader, og tilbakemeldingane var i all hovudsak positive. Høyringsfråsegnene er publiserte på heimesida til Nærings- og fiskeridepartementet. Med bakgrunn i forslaget til forordning og høyringsinnspela var Noreg med på å utarbeide ei felles EØS/EFTA-fråsegn, som vart send over til Europakommisjonen, Rådet og Europaparlamentet 12. mars 2012. I fråsegna gav EØS/EFTA-statane si støtte til IMI som verktøy. Fråsegna understreka at reglar som vernar sensitive personopplysningar er viktig. Prinsipielle spørsmål knytt til offentlegprinsippet vart også omtala.
Nærings- og handelsdepartementet sende den vedtekne forordninga på høyring 2. april 2013 saman med forslag til endringar i EØS-høyringslova og forskrift om å gjennomføre forordninga. Høyringsnotatet omfatta også forslag til å gjennomføre Europaparlaments- og rådsforordning 1025/2012 om europeisk standardisering. Fristen for å komme med innspel vart sett til 15. mai 2013.
Høyringsnotatet vart sendt til følgjande instansar:
Arbeidsdepartementet
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Finansdepartementet
Fiskeri- og kystdepartementet
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Kulturdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Miljøverndepartementet
Olje- og energidepartementet
Samferdselsdepartementet
Utanriksdepartementet
Brønnøysundregistra
Datatilsynet
Direktoratet for arbeidstilsynet
Direktoratet for byggkvalitet
Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)
Direktoratet for naturforvaltning
Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap
Finanstilsynet
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Helsedirektoratet
Justervesenet
Klima- og forureiningsdirektoratet
Konkurransetilsynet
Mattilsynet
Norsk akkreditering
Oljedirektoratet
Petroleumstilsynet
Post- og teletilsynet
Sjøfartsdirektoratet
Statens autorisasjonskontor for helsepersonell
Statens jernbanetilsyn
Statens legemiddelverk
Statens vegvesen Vegdirektoratet
Tilsynsrådet For Advokatvirksomhet
Utdanningsdirektoratet
Enterprise Europe Network
Innovasjon Norge
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Bedriftsforbundet
Den Norske Advokatforening
Den norske legeforening
Den Norske Revisorforening
Det Norske Veritas
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede (UNIO)
Hovedorganisasjonen Virke
Institutt for arbeidsliv- og velferdsforskning (FAFO)
KS
Landsorganisasjonen i Norge
Nemko
Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF)
Norges Juristforbund
Norsk elektroteknisk Komitè
Næringslivets Hovedorganisasjon
Standard Norge
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)
I alt 6 instansar har uttalt seg, tre av desse fråsegnene har konkrete merknader til IMI-forordninga. Desse var frå Datatilsynet, Den norske legeforening og Direktoratet for byggkvalitet.
Følgjande melde at dei ikkje hadde merknader:
Arbeidsdepartementet
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Arbeidstilsynet
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Brønnøysundregistra
Fiskeri- og kystdepartementet
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Landsorganisasjonen i Norge
Mattilsynet
Miljøverndepartementet
Næringslivets Hovedorganisasjon
Olje- og energidepartementet
Post- og teletilsynet
Samferdselsdepartementet
Sjøfartsdirektoratet
Statens autorisasjonskontor for helsepersonell
Statens legemiddelverk
Utanriksdepartementet
Datatilsynet har ingen merknader til sjølve framlegga, men tek til etterretning at det har fått eksplisitt tilsynskompetanse for norske styresmakters behandling av personopplysningar i IMI.
Den norske legeforening er positiv til at IMI-systemet får eit rettsleg grunnlag og at det er framlegg om å innføre reglar som skal ivareta interessene og rettane til dei som blir innlemma i IMI-systemet. Samstundes peiker Legeforeningen på at bruken av IMI vil føre til at svært mange funksjonærar får tilgang til systemet, og at denne krinsen berre vil vekse når IMI blir utvida til å omfatte nye rettsakter og bruksområde. Sidan det er mykje personleg informasjon som blir formidla gjennom systemet, medrekna personlege opplysningar, er det viktig at nasjonale IMI-aktørar er sikra ressursar, slik at bruken av systemet skjer i tråd med reglane i forordninga. Dette er viktig for å sikre at personvernet blir teke vare på i tilstrekkeleg grad. Legeforeningen understrekar kor viktig det er med klåre reglar om vilkår for tilgang til personopplysningar, og meiner at det er uheldig at forordninga berre krev at tilgjengeavgrensinga skal sikrast ved hjelp av «passende midler», jamfør artikkel 9 nr. 4. Legeforeningen meiner vidare at det er uklårt i kva grad oppføringa av ein maksimumsfrist skal gi nasjonalstatane tilgjenge til å innføre kortare blokkeringsfristar. Spørsmålet er viktig med tanke på at ulike typar personopplysningar og behandlingsføremål kan grunngje ulike fristar for blokkering. Det same gjeld slettefristen på tre år. Det er viktig at opplysningane som blir sende gjennom IMI ikkje blir lagra eller formidla lenger enn varslinga gjeld, og at nasjonalstatane har høve til å setje kortare fristar for å sperre og slette informasjon.
Direktoratet for byggkvalitet foreslår at ein vurderer om IMI-forordninga skal gjennomførast i tenestelova.