2 Lokalpolitisk handsaming
Nordhordlandspakken har vore handsama av dei aktuelle kommunane og Hordaland fylkeskommune i fleire omgangar.
Kommunane handsama saka første gong sommaren og hausten 2014. Alle kommunane tilrådde gjennomføring av pakken, men fleire av vedtaka inneheld føresetnader for tilrådinga og ulike endringsframlegg. Hordaland fylkeskommune handsama saka i møte i fylkestinget 9.–10. desember 2014 og fatta då følgjande vedtak:
Fylkestinget ser at det er naudsynt å gjennomføre Nordhordlandspakken i fleire trinn, for å sikre snarast mogleg byggjestart for prosjekta som er planavklarte. E39 Nyborgtunnelen og Fv57 Knarvik-Isdal vert innlemma i Nordhordlandspakken gjennom revisjon av pakken så snart det ligg føre avklarte planar og finansieringsløysing for desse prosjekta.
Fylkestinget ber om at Statens vegvesen og Bergen kommune medverkar til rask planavklaring av Nyborgtunnelen slik at prosjektet vert prioritert i neste revisjon av Nasjonal transportplan og kan innlemmast i Nordhordlandspakken. Fylkestinget føreset at det vert lagt opp til ei god og framtidsretta løysing for Nyborgtunnelen som tek omsyn til transporteffektivitet, framtidig transportmønster i Bergensområdet og framkomst for kollektivtrafikken.
Fylkestinget ber fylkesrådmannen sørgje for naudsynte avklaringar slik at prosjektet Fv57 Knarvik-Isdal snarast kan vurderast innlemma i Nordhordlandspakken gjennom revisjon av pakken;
vurdere om det er mogleg å byggje og ta i bruk eit av tunnelløpa, før det andre vert bygt.
avklara framdrift og finansiering knytt til flytting av skular.
Med atterhald om tilslutnad i kommunane i Nordhordland tilrår fylkestinget søknad om delvis bompengefinansiering av Nordhordlandspakken datert 03.03.2014, samt med dei justeringane som går fram av høyringsbrevet til kommunane frå Statens vegvesen Region vest, av 30.04.2014, med følgjande merknader og endringar:
Fylkestinget er samd med Lindås kommune i at 90 mill. kr i bompengar kan omdisponerast frå Mundalsbergtunnelen, til bruk i Knarvik sentrum (70 mill. kr) og til planlegging av tunnel mellom Knarvik og Isdalstø (20 mill. kr) på Fv57.
Fylkestinget går inn for at det vert etablert ein ny bomstasjon i Isdalstø. Dette vil i større grad ivareta nytte- og likskapsprinsipp i det samla bompengeopplegget og bidra til nødvendig styrking av finansieringsopplegget i pakken.
Fylkestinget går inn for at den ufordelte ramma på 100 mill. kr i pakken hovudsakleg vert nytta til tiltak på vegnettet i Meland kommune (fylkesveg 564 Fløksand-Vikebø), i tillegg til at den kan fungere som ein buffer mot eventuell kostnadsauke og inntektssvikt i pakken.
Fylkestinget går inn for at det vert lagt opp til to-vegs innkrevjing i bompengesnitta. Fylkestinget legg til grunn et takstnivå i området 12-14 kr.
Fylkestinget vedtek ei fylkeskommunal økonomisk ramme for Nordhordlandspakken på 230 mill. kr, og vil i dei årlege budsjetta kome attende til konkrete løyvingar på aktuelle prosjekt. Dei fylkeskommunale løyvingane må i første rekke nyttast til å sikre gjennomføring av kollektivtiltaka i pakken.
Fylkestinget går inn for at det vert etablert eit kontaktutval med representantar frå Regionrådet Nordhordland, Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune for styring og koordinering av gjennomføring av Nordhordlandspakken.
I desember 2014 vart kommunane bedt om å uttale seg til fylkestinget sitt vedtak. Med unntak av Meland kommune slutta alle kommunane seg til vedtaket. Etter nokre mindre justeringar vart saka sendt til ny lokalpolitisk handsaming våren 2015. Alle kommunane slutta seg til den justerte pakken. Hordaland fylkeskommune handsama saka i møte i fylkestinget 10. juni 2015, og fatta følgjande vedtak:
«Fylkestinget sluttar seg til det justerte opplegget for Nordhordlandspakken med auka investeringsramme på 200 mill. kr (fordelt med 115 mill. kr til bruk i Lindås og 85 mill. kr til bruk i Meland) og omprioriteringa av prosjekta – slik det er omtalt i brev frå Statens vegvesen frå 10.04.2015. Den fylkeskommunale økonomiske ramma i Nordhordlandspakken vert auka frå 230 mill. 2013-kroner til 259 mill. 2013-kroner.»
Følgjande garantivedtak vart fatta i møte i fylkestinget 8. mars 2016:
Hordaland fylkeskommune gjev sjølvskuldnargaranti for lån på inntil 750 mill. kr som Nordhordlandspakken AS tek opp til finansiering av veginvesteringar.
Garantien gjeld for hovudstol på inntil 750 mill. kr, med tillegg av 10 % av til ei kvar tid gjeldandehovudstol til dekking av påløpne renter og omkostningar.
Garantiansvaret gjeld til utgangen av innkrevjingsperioden for bompengar (12 år) med tillegg av inntil 2 år, jfr. garantiforskrifta § 3.