Prop. 164 S (2016–2017)

Finansiering av Nordhordlandspakken i Hordaland

Til innholdsfortegnelse

3 Omtale av utbygginga – aktuelle prosjekt og tiltak

Nordhordlandspakken er forankra i KVU/KS1 for transportsystemet i Bergensområdet frå 2011. I KVUen er det mellom anna vist til at prosjektet E39 Nyborgtunnelen med tilknyting til vegnettet i Åsane, er strategisk viktig. For å unngå utsetjing av viktige utbetringar av lokalvegnettet som følgje av manglande planavklaring for E39 Vågsbotn – Klauvaneset, vart dette prosjektet tatt ut av pakken.

Den lokalt vedtekne Nordhordlandspakken inneheld 19 ulike prosjekt og tiltak, jf. figur 3.1. I tillegg er det lagt til grunn eigne rammer til prosjekt og tiltak i dei to kommunane Lindås og Meland.

Figur 3.1 Nordhordlandspakken – oversiktskart

Figur 3.1 Nordhordlandspakken – oversiktskart

Ved den siste lokalpolitiske handsaminga våren/sommaren 2015 var kostnadene ved aktuelle prosjekt og tiltak innafor Nordhordlandspakken førebels kalkulerte til 1 405 mill. 2013-kr. Det ligg føre godkjende reguleringsplanar for 10 av prosjekta, men fem av desse planane skal reviderast og oppdaterast. For seks av prosjekta er arbeidet med å utarbeide reguleringsplanar i gang. Det er derfor knytt uvisse til mange av overslaga. Etter nye kostnadsvurderingar for enkelte delprosjekt, er kostnadene no kalkulerte til om lag 1,8 mrd. 2017-kr. Tabell 3.1 viser dei siste kostnadsvurderingane frå Statens vegvesen for prosjekt og tiltak som låg til grunn for den lokalpolitiske handsaminga.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av trafikk- og finansieringsføresetnadene for Nordhordlandspakken. I den samanhengen har den eksterne konsulenten også vurdert oppgitte kostnader for nokre av dei aktuelle prosjekta. Prosjektporteføljen må tilpassast til den samla økonomiske ramma for pakken. Det er derfor ikkje teke endeleg stilling til føreliggjande kostnadsvurderingar for aktuelle prosjekt og tiltak.

Tabell 3.1 Nordhordlandspakken – førebelse kostnader for aktuelle prosjekt og tiltak

Mill. 2017-kr

Prioritet

Kommune

Prosjekt/tiltak

Kostnad/ ramme

1

Radøy

Fv 565 Marås – Soltveit (ny veg)

642

2

Lindås

Fv 57 Knarvik – Isdalstø (prosjektering og grunnerverv)

22

3

Meland

Fv 245 Fosse – Moldekleiv (utbetring inkl. gang- og sykkelveg)

86

4A

Meland

Fv 564 Fløksand – Vikebø (utbetring inkl. gang- og sykkelveg)

110

4B

Meland

Fv 564 Undergang Holme (punktutbetring og trafikksikring)

16

5

Meland

Fv 564 Frekhaug-krysset, inkl. utbetring fv 244 (punktutbetring og trafikksikring)

16

6

Lindås

E39 Knarvik sentrum (firefelts veg og ny rundkøyring i aust mv.)

185

7

Meland og Lindås

E39/fv 57 Kollektivtrafikktiltak og innfartsparkering (park&ride)

110

8

Austrheim

Fv 565 (vegutbetring og trafikksikring)

11

9

Masfjorden

Fv 570 (vegutbetring og trafikksikring)

33

10

Fedje

Fv 423 (vegutbetring og trafikksikring)

2

11

Modalen

Fv 569 (vegutbetring og trafikksikring)

2

12

Meland

Fv 564 Fosse-krysset (trafikksikring)

11

13

Radøy

Fv 409 Manger sentrum (kollektivtrafikktiltak og tettstadsutvikling)

5

14

Lindås

Fv 57 Vatnekrysset (trafikksikring)

22

15

Lindås

E 39 Molvik-krysset (trafikksikring)

22

16

Radøy

Fv 565 Lindås grense – Sæbø skule (utbetring inkl. gang- og sykkelveg)

72

17

Lindås

E39 Vikane – Eikangervågen (utbetring inkl. gang- og sykkelveg)

110

18

Meland

Fv 564 Sandskaret – Holme (utbetring inkl. gang- og sykkelveg)

65

19

Lindås

Fv 565 Hilland – Radøy grense (utbetring inkl. gang- og sykkelveg)

50

Lindås og Meland

Ramme til prosjekt og tiltak 1

218

Alle

Etablering av bomstasjonar

18

SUM

1 828

1 Fordelt med 125 mill. kr til Lindås kommune og 93 mill. kr til Meland kommune (rekna om til 2017-prisnivå).

Dei største prosjekta er:

Fv 565 Marås – Soltveit

Prosjektet omfattar bygging av ny fv 565 mellom Marås og Soltveit i Radøy kommune (pr. 1). Vegen vil erstatte eksisterande fv 565 over Sletta som er ein veg med låg standard og ikkje eigna for dagens trafikkmengde. Det er mellom anna konflikt mellom bilistar og mjuke trafikantar. Fv 565 er ein del av hovudvegnettet i Nordhordland, og er alternativ transportrute til industriområdet Mongstad. Prosjektet har godkjent reguleringsplan frå 2010.

Parallelt med den eksterne kvalitetssikringa av finansieringsopplegget har Statens vegvesen kvalitetssikra kostnadsoverslaget for prosjektet. Som del av dette arbeidet er det gjennomført grunnundersøkingar i området der prosjektet skal byggjast. Desse har mellom anna avdekka at grunnforholda er vesentleg dårlegare enn det som låg til grunn for det opphavlege kostnadsoverslaget for prosjektet. Dette har medvirka til ei noko seinare framdrift i arbeidet med Nordhordlandspakken. Revidert kostnadsoverslag for prosjektet er på 642 mill. 2017-kr, ein auke på om lag 270 mill. kr samanlikna med opphavleg overslag.

Fv 245 Fosse – Moldekleiv

Prosjektet omfattar utbetring av eksisterande veg på ei strekning med låg standard mellom Fosse og Moldekleiv i Meland kommune (pr. 3). Prosjektet omfattar også bygging av gang- og sykkelveg på delar av strekninga samt justering av eksisterande avkøyrsler, kryss og kollektivhaldeplassar. Det ligg føre godkjent reguleringsplan for delar av strekninga frå 2009, men denne er delvis forelda. Ny reguleringsplan er under utarbeiding.

Fv 564 Fløksand – Vikebø

Prosjektet omfattar omlegging og utbetring av eksisterande veg på ei om lag 4 km lang strekning mellom Fløksand og Vikebø i Meland kommune (pr. 4A). På grunn av dårlege grunnforhold vil det bli bygd om lag 800 m ny veg aust for eksisterande trasé. Resten av strekninga vil bli utbetra med gang- og sykkelveg. Arbeidet med reguleringsplan er ikkje starta opp.

E39 Knarvik sentrum

Eksisterande E39 gjennom Knarvik sentrum i Lindås kommune er utfordrande både for miljø, trafikkavvikling, trafikktryggleik og vidare sentrumsutvikling. Det vil ta tid før E39 eventuelt blir lagt i tunnel på denne strekninga. Derfor er det viktig å etablere ei transportløysing som fungerer over tid, både for å handtere trafikkavviklinga langs E39 og for å vidareføre sentrumsutviklinga (pr. 6).

I juni 2015 vedtok Lindås kommune ein områdeplan for Knarvik sentrum. Planen legg til rette for ei heilskapleg utvikling av sentrum med byliknande struktur og kvalitet. Det er mellom anna lagt til rette for effektiv parkering og tilkomst for kollektivtrafikken. Reguleringsplanen sikrar at det blir sett av areal til utviding av E39 gjennom sentrum. Det er aktuelt med fire felt mellom rundkøyringane og etablering av ny rundkøyring i aust. I tillegg skal det etablerast ein akse for gåande mellom områda på kvar side av E39.

Kollektivtrafikktiltak, tiltak for gåande og syklande, trafikksikringstiltak og utbetringstiltak

Det er prioritert tiltak som vil betre kollektivtilbodet i Nordhordland og inn mot Bergen. Det skal mellom anna etablerast «park & ride» på Flatøy og ny skysstasjon i Knarvik (pr. 7). Nordhordland har mange trafikkerte vegar der det på enkelte delstrekningar manglar tilbod for gåande og syklande. Det vil bli lagt opp til å utvikle eit mest mogleg samanhengande gang- og sykkeltilbod langs dei viktigaste vegane. Vidare er det er lagt opp til å gjennomføre trafikksikrings- og utbetringstiltak i alle kommunane i regionen.

Fv 57 Knarvik – Isdalstø

Ved tidlegare lokalpolitisk handsaming var fv 57 Knarvik – Isdalstø inne i pakken. Prosjektet omfattar bygging av ny firefelts tunnel i to løp mellom Knarvik og Isdalstø for å avlaste eksisterande fv 57 via Isdalstø. Dette er ein veg med låg standard og konflikt med busetjing, gåande og syklande. Prosjektet har godkjent reguleringsplan frå 2013. Gjennomføring av prosjektet føreset imidlertid riving av eksisterande barneskule og delar av vidaregåande skule. Lindås kommune arbeider med planar for bygging av ny barneskule som må koordinerast med vegplanane. Prosjektet er derfor tatt ut av pakken, men det er føresett midlar til prosjektering og grunnerverv (pr. 2).