6 Styring av Nordhordlandspakken
Det skal etablerast eit kontaktutval med representantar frå Regionrådet Nordhordland, Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune for styring og koordinering av gjennomføring av Nordhordlandspakken.
Statens vegvesen er på vanleg måte byggherre for riksvegprosjekt og fylkeskommunen for fylkesvegprosjekt. Statens vegvesen vil utføre byggherreoppgåver på vegne av fylkeskommunen.
Som for andre bompengepakker, er det føresett at omfanget av utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma. Dersom kostnadene for nokre av prosjekta/tiltaka aukar, vil dette innebere at andre prosjekt ikkje blir gjennomførte. Dersom enkelte prosjekt/tiltak blir rimelegare enn føresett, blir det plass til fleire prosjekt/tiltak eller innkrevjingsperioden kan reduserast. Sidan Nordhordlandspakken omfattar ei rekkje prosjekt og tiltak, bør det ikkje vere problematisk å tilpasse utbygginga til tilgjengelege midlar.