Prop. 164 S (2016–2017)

Finansiering av Nordhordlandspakken i Hordaland

Til innholdsfortegnelse

5 Finansieringsopplegg

Finansieringsplanen for Nordhordlandspakken omfattar statlege midlar, fylkeskommunale midlar og bompengar. Samla økonomisk ramme for Nordhordlandspakken er om lag 1,5 mrd. kr i 2017-prisnivå. Finansieringsplanen er vist i tabell 5.1. Dei siste kostnadsoverslaga gjev som nevnt ein samla kostnad i overkant av 1,8 mrd kr 2017-kr. Dette betyr at pakken i utgangspunktet ikkje er fullfinansiert. Porteføljen av prosjekt må derfor tilpassast den økonomiske ramma.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av bompenge- og finansieringsopplegget. Det er i all hovudsak semje mellom konsulenten og Statens vegvesen om føresetnadene for opplegget.

Tabell 5.1 Finansieringsplan for Nordhordlandspakken

Mill. 2017-kr

Sum

Statlege midlar

60

Fylkeskommunale midlar

280

Bompengar

1 160

Sum

1 500

Statlege midlar

Det er lagt til grunn 55 mill. 2013-kr i statlege midlar. Rekna om til 2017-prisnivå utgjer dette om lag 60 mill. kr. Midlane er føresett løyvde til prosjekt/tiltak på riksvegnettet i perioden 2018–2023 innafor ramma til programområdetiltak. Samferdselsdepartementet viser til at endeleg vedtak om statlege midlar, innafor ei ramme på 60 mill. kr. (2017-prisnivå), blir fatta i dei årlege budsjetta.

Fylkeskommunale midlar

I tråd med vedtaket i fylkestinget 10. juni 2014 er det lagt til grunn 259 mill. 2013-kr i fylkeskommunale midlar. Rekna om til 2017-prisnivå utgjer dette om lag 280 mill. kr.

Bompengar og bompengeopplegg

Fleire alternative bomstasjonsopplegg har vore vurderte. Det er lagt vekt på at dei som betalar bompengar, får del i den samla nytten av pakken. Det er også lagt vekt på å unngå at mange får nytte utan at dei er med på å betale. I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn tovegs innkrevjing i følgjande fem bomsnitt, jf. figur 5.1:

  • 1) Hovudkryss Flatøy, ramper til/frå Meland

  • 2) E39 Flatøy

  • 3) E39 Mundalsberget

  • 4) Fv 565 Marås – Soltveit, på ny veg sør for kryss ved Haukåsen

  • 5) Fv 57 mellom Isdalstø og rundkøyring med avkøyrsler til fv 57 og fv 565.

Plasseringa av bomstasjonane er vald på grunnlag av ei tenkt inndeling av regionen i fire soner der trafikk mellom sonene berre betalar for ei passering. Interntrafikk i sonene køyrer gratis med unntak av interntrafikken i sone 3 som betalar ved bruk av ny fv 565 på Radøy. Dette opplegget føreset timesregel slik at trafikantane berre betalar bompengar ein gong i løpet av ein time, uavhengig av kor mange bomstasjonar som er passerte.

I etterkant har Lindås kommune komme med ønske om flytting av bomstasjonen som er planlagt nordaust for Mundalsbergtunnelen på E39, til vestsida av tunnelen. Samferdselsdepartementet har ikkje merknader til ei slik endring, under føresetnad av at det er lokalpolitisk semje om dette.

Det blir lagt opp til å starte innkrevjinga av bompengar i 2018.

Figur 5.1 Nordhordlandspakken – soner/snitt for bompengeinnkrevjing.

Figur 5.1 Nordhordlandspakken – soner/snitt for bompengeinnkrevjing.

Det er lagt til grunn at køyretøy i takstgruppe 1 får 20 pst. rabatt ved bruk av elektronisk brikke. Det vil ikkje bli gitt brikkerabatt for køyretøy i takstgruppe 2. Som kompensasjon for dette er det lagt til grunn at takstgruppe 2 skal betale det dobbelte av taksten for takstgruppe 1 etter rabatt. Taksten i takstgruppe 2 blir dermed 1,6 gonger grunntaksten i takstgruppe 1.

Det er føresett at Nordhordlandspakken skal betalast ned i løpet av 12 år. Med dei føresetningane som elles er lagt til grunn, er det rekna med at gjennomsnittleg inntekt per passering må vere om lag 6,60 kr. Basert på dette er det førebels lagt til grunn følgjande grunntakstar utan rabatt (i 2017-prisnivå):

  • Takstgruppe 1 (køyretøy med tillat totalvekt til og med 3 500 kg og køyretøy i køyretøygruppe M1): om lag 19 kr

  • Takstgruppe 2 (køyretøy med tillat totalvekt frå og med 3 501 kg med unntak av køyretøy i køyretøygruppe M1): om lag 31 kr

Det er lagt til grunn timesregel og eit passeringstak på 50 passeringar pr. månad for alle køyretøy med gyldig brikke og avtale. Elles gjeld dei til ei kvar tid gjeldande takstretningslinjer for bompengeprosjekt.

I tråd med nye rutinar for handtering av uvisse i bompengeproposisjonar, jf. Prop. 1 S (2016–2017), kan bompengetakstane justerast slik at gjennomsnittstaksten blir oppretthalden. Etter eitt til to års drift skal takstnivået og forventa nedbetalingstid vurderast i høve til trafikk- og renteutvikling. Elles skal takstane justerast i samsvar med prisutviklinga.

Ved kostnadsauke i prosjekta skal porteføljen reduserast. Dersom økonomien i prosjektet blir svakare enn venta som følgje av inntektssvikt, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auke gjennomsnittstaksten med inntil 20 pst. ut over prisutviklinga og forlenge innkrevjingsperioden med inntil 5 år.

Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsplanen:

  • Innkrevjingsperiode: 12 år

  • Lånerente: 4,5 pst.

  • Innskotsrente: 2,5 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 17,5 mill. 2017-kr

Basert på føresetnadene i denne proposisjonen er brutto bompengeinntekter rekna til om lag 1 480 mill. kr. Av dette er om lag 1 160 mill. kr føresett nytta til gjennomføring av prosjekt og tiltak innafor Nordhordlandspakken, om lag 110 mill. kr til å dekke finansieringskostnader og om lag 210 mill. kr til å dekke innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at Nordhordlandspakken blir lagt inn i eit av dei nye regionale bompengeselskapa, som er etablerte som ein del av bompengereformen.