Prop. 32 S (2016–2017)

Endringar i statsbudsjettet 2016 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringar i statsbudsjettet 2016

Kap. 1811 Statoil ASA

Post 96 Aksjar

Styret i Statoil har etter generalforsamlingsvedtak 11. mai 2016 innført eit utbytteaksjeprogram. Programmet er innretta slik at aksjeeigarar kan velje å ta imot utbyttet heilt eller delvis i form av kontantar eller nye aksjar i selskapet til rabattert pris. Staten tek del i programmet under føresetnad av at eigardelen skal vere konstant på 67 prosent gjennom heile programmet. Dette skjer ved at staten teiknar seg for det talet aksjar som dei andre aksjonærane har valt i sum. Staten vil motta utbyttet frå Statoil i form av kontantar og nyutferda aksjar så lenge programmet varer. Dette inneber at statens kontantutbytte vil bli redusert i perioden då utbytteaksjeprogrammet pågår. Talet aksjar som staten har i Statoil vil auke sjølv om eigardelen blir halden konstant. Ein viser elles til Prop. 84 S (2015–2016) Deltakelse i utbytteaksjeprogram og kapitalforhøyelse i Statoil ASA for nærare informasjon om programmet og Stortingets behandling av denne, jf. Innst. 260 S (2015–2016).

Selskapet annonserer kvart kvartal eit kontantutbytte i amerikanske dollar. Norske aksjeeigarar får sitt utbytte utbetalt i norske kroner. Utbyttet frå Statoil blir betalt om lag fire månader etter at selskapet annonserer utbyttet i samband med at rekneskapstala for kvartalet blir gjort kjende. Dette inneber at utbyttet frå tredje og fjerde kvartal 2015 og første og andre kvartal 2016 blir betalt i 2016. Staten har motteke utbytte for tredje og fjerde kvartal 2015 og første kvartal 2016, jf. tabell 2.1.

Tabell 2.1 Fordeling av kontantutbytte og utbytteaksjar til staten

3. kvartal 2015

4. kvartal 2015

1. kvartal 2016

Kontantutbytte per aksje i USD

0,2201

0,2201

0,2201

Samla utbytte til staten i NOK

4 044 620 286

3 868 795 096

3 922 367 603

Kontantutbytte til staten i NOK

4 044 620 286

2 267 110 680

2 228 935 173

Tal aksjar

-

12 260 291

13 379 414

Pris per aksje, teikningskurs

-

130,64

126,57

Auka aksjekapital, bokført verdi (NOK)

-

1 601 684 416

1 693 432 430

Den delen av utbyttet som blir nytta til å utferde nye aksjar for staten er føreslått inntektsført under kap. 4811 Statoil ASA, post 96 Utbytteaksjar og utgiftsført under kap. 1811, post 96. Dermed vil staten sin del av utbyttet som blir nytta til å utferde nye aksjar, bli synleggjort og inntektsført som utbytte og samtidig utgiftsført som aksjekjøp i statsrekneskapen slik at aksjekapitalen i Statoil ASA blir auka tilsvarande i statens kapitalrekneskap, bokført verdi.

For budsjettformål er lagt til grunn samme beløp og fordeling mellom kontantutbytte og utbytteaksjar som for første kvartal 2016 også for andre kvartal 2016. Ein gjer merksam på at rekneskapsført beløp under denne posten vil avvike frå dette budsjettekniske estimatet og vil vere det same som blir inntektsført under kap. 4811 Statoil ASA, post 96 Utbytteaksjar.

Det blir foreslått løyvd 4 989 mill. kroner i utbytteaksjar i 2016. Ein viser til tilsvarande forslag til løyving under kap. 4811, post 96 Utbytteaksjar.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Utgifter knytte til Noregs vassdrags- og energidirektoratets samarbeidsavtale med Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) om rådgiving innanfor vassdrags- og energisektoren blir anslått til 70 mill. kroner i 2016, ein auke på 12 mill. kroner. Auken har samanheng med auka bruk av konsulentbistand i Myanmar og Tanzania.

På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med 12 mill. kroner, til om lag 104 mill. kroner. Ein viser til motsvarande inntektsauke under kap. 4820, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 60 og 72

Det er anslått at ein større del av løyvinga til flaum- og skredtiltak vil bli gitt som tilskot til kommunar enn tidlegare budsjettert. Dette knyter seg til midlar frå tiltakspakken for å stimulere til auka aktivitet og sysselsetjing, kvikkleiresikring i Larvik og skredsikring i Hammerfest.

På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 33 mill. kroner, til om lag 338 mill. kroner. Ein viser til motsvarande utgiftsauke under kap. 1820, post 60 Tilskot til flaum- og skredførebygging.

Post 60 Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 22 og 72

Det blir foreslått å auke løyvinga med 33 mill. kroner, til 68 mill. kroner. Ein viser til omtale av motsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1820, post 22 Flaum- og skredførebygging.

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Tabell 2.2 Endring av løyvingar på statsbudsjettet 2016 under kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (i mill. kroner)

Kap./post/ underpost

Nemning

Gjeldande løyving1

Forslag til ny løyving

Endring

2440

30

Investeringar

30 000

28 000

-2 000

Sum kap. 2440

30 000

28 000

-2 000

5440

24.1

Driftsinntekter

123 800

124 400

600

24.2

Driftsutgifter

-32 000

-31 000

1 000

24.3

Leite- og feltutviklingsutgifter

-2 300

-2 500

-200

24.4

Avskrivingar

-23 500

-23 500

24.5

Renter av statens kapital

-4 000

-3 900

100

24

Driftsresultat

62 000

63 500

1 500

30

Avskrivingar

23 500

23 500

80

Renter av statens kapital

4 000

3 900

-100

Sum kap. 5440

89 500

90 900

1 400

Kontantstraum frå SDØE:

Innbetalingar2

123 800

124 400

600

Utbetalingar3

64 300

61 500

-2 800

Nettokontantstraum frå SDØE

59 500

62 900

3 400

1 Gjeldande løyving for 2016 er basert på Stortingets løyvingsvedtak av 18. desember 2015 og seinare endringar i 2016 (revidert budsjett), jf. Prop. 122 S (2015–2016) og Innst. 400 S (2015–2016)

2 Innbetalingar = driftsinntekter

3 Utbetalingar = investeringar + driftsutgifter + leite- og feltutviklingskostnader

Løyvinga under kap. 2440, post 30 Investeringar blir foreslått redusert med 2 000 mill. kroner, til 28 000 mill. kroner. Operatørane på norsk sokkel arbeider for å redusere kostnader og investeringar. Dette gir også utslag for SDØE-porteføljen sin del. Årsaka til reduksjonen er forbetringstiltak, lågare kostnader i leverandørmarknaden og utsetjing av aktivitet.

Overslaget under kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 600 mill. kroner, til 124 400 mill. kroner. Auken er knytt til høgare prisføresetnader og høgare berekna produksjon av væske. Dette blir motverka av lågare prisføresetnader for gass og lågare berekna produksjon av gass.

Overslaget under kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er redusert med 1 000 mill. kroner, til 31 000 mill. kroner, som følgje av reduserte kostnader knytte til å drive felta i porteføljen.

Overslaget under kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er auka med 200 mill. kroner, til 2 500 mill. kroner, som følgje av endra leiteplanar og justeringar for tildelingar av nye leiteområde i byrjinga av 2016.

Overslaget under kap. 5440, underpost 24.5 Renter på statens kapital er redusert med 100 mill. kroner, til 3 900 mill. kroner, som følgje av lågare rente og noko lågare prognose for investeringar i 2016.

Endringane i underpostar omtala ovanfor fører til at det berekna driftsresultatet for SDØE er auka med 1 500 mill. kroner, til 63 500 mill. kroner.

Overslaget for netto konstantstraum frå SDØE er auka frå 59 500 mill. kroner til 62 900 mill. kroner, ein auke på 3 400 mill. kroner frå gjeldande løyving for 2016.

Kap. 2490 NVE Anlegg

Post 24 Driftsresultat

Tabell 2.3 Endring av løyvingar på statsbudsjettet 2016 under kap. 2490 NVE Anlegg (i 1 000 kr)

Kap./post/ underpost

Nemning

Gjeldande overslag

Nytt overslag

Endring

2490

24.1

Driftsinntekter

-68 000

-122 000

-54 000

24.2

Driftsutgifter

63 700

117 000

53 300

24.3

Avskrivingar

4 000

4 800

800

24.4

Renter av statens kapital

300

200

-100

24

Driftsresultat

0

0

0

Auken i driftsinntekter skuldast høgare omsetjing som følgje av oppryddings- og sikringstiltak etter flaumen på Vestlandet i 2014 og auka løyving til flaum- og skredførebygging. Inntektsauken er motsvara av tilsvarande auke i utgifter til varer, tenester og underleveransar mv. Auka avskrivingar skuldast større investeringar og anleggskapital.

Ovannemnde endringar medfører inga endring i NVE Anleggs driftsresultat.

Kap. 4811 Statoil ASA

Post 96 Utbytteaksjar

Den delen av utbytte som blir nytta til å utferde nye aksjar for staten er forslått inntektsført under denne posten og utgiftsført under kap. 1811 Statoil ASA, post 96 Aksjar. For budsjettformål er lagt til grunn samme beløp og fordeling mellom kontantutbytte og utbytteaksjar som for første kvartal 2016 også for andre kvartal 2016.

Det blir foreslått løyvd 4 989 mill. kroner i utbytteaksjar i 2016. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsauke under kap. 1811, post 96 Aksjar.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 12 mill. kroner, til om lag 101 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsauke under kap. 1820, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Kap. 5685 Aksjar i Statoil ASA

Post 85 Utbytte

Den delen av utbyttet som blir utbetalt i kontantar, vil på vanleg måte bli budsjettert og rekneskapsførd i norske kroner under denne posten. Statoil har utbetalt eit utbytte på 0,2201 USD/1,8932 kroner per aksje for tredje kvartal 2015, 0,2201 USD/1,8109 kroner per aksje for fjerde kvartal 2015, 0,2201 USD/1,8255 kroner per aksje for første kvartal 2016 og vedteke eit utbytte på 0,2201 USD per aksje for andre kvartal 2016.

For budsjettformål er lagt til grunn eit kontantutbytte tilsvarande utbetalinga for første kvartal 2016 også for andre kvartal 2016. Det er dermed budsjettert med eit samla kontantutbytte på 10 770 mill. kroner, ein reduksjon på 4 612 mill. kroner.