3 Statleg deltaking i Dvalin
Dvalin er eit gassfelt i utvinningsløyve 435 i Norskehavet. Estimerte utvinnbare reservar er av operatøren anslått til rundt 18,2 mrd. standard kubikkmeter gass og 0,4 mill. standard kubikkmeter kondensat. Feltet skal etter planen byggjast ut med ei undervassløysing knytt opp mot ein ny prosessmodul for gass på Heidrun. Gassen vil bli transportert frå Heidrun-plattforma gjennom røyrleidningen Polarled til Nyhamna. Deretter blir gassen eksportert gjennom Gassled til marknaden. Investeringsramma for Dvalin er om lag 10,3 mrd. kroner. Rettshavarane i løyvet er DEA Norge (operatør) med ein del på 40 prosent, Edison (20 prosent), OMV (20 prosent) og Maersk (20 prosent). Utbyggingsplanane for Dvalin (PUD/PAD) vart leverte til styresmaktene 3. oktober 2016. Norsk leverandørindustri er i oktober tildelt kontraktar til ein verdi av 4,5 mrd. kroner knytte til utbygginga, med atterhald om myndigheitsgodkjenning. Venta produksjonsstart for Dvalin er fjerde kvartal 2020. Rettshavarane i løyvet må tiltre PUD seinast 3. januar 2017. På dette tidspunktet må den endelege eigarsamansetjinga i løyvet vere avklart.
Petoro har blitt kontakta av rettshavarar i utvinningsløyvet med tanke på ei mogleg statleg deltaking i Dvalin. På den bakgrunnen har Petoro gjort ei vurdering av tekniske og økonomiske sider ved Dvalin-utbygginga. Petoros vurdering er at utbygging av Dvalin-feltet samla sett vil vere lønsamt for SDØE.
Petoro har gjennomført forhandlingar med OMV Norge AS og inngått avtale om overføring av OMVs 20 prosent deltakardel i utvinningsløyve 435. Avtala er inngått med atterhald om at saka blir lagt fram for Stortinget og at overføringa blir godkjend av generalforsamlinga i Petoro. Avtala har økonomisk verknad frå 1. januar 2016 og inneber at staten ved SDØE kompenserer OMV for verdien av skattebalansar og påførte feltutviklingskostnader på til saman 133 mill. kroner i 2016. Petoro blir rettshavar i utvinningsløyve 435 etter at avtala med OMV er godkjend av generalforsamlinga i Petoro.
Maersk melde at dei fråtredde løyvet 3. oktober og at selskapet ikkje vil tiltre PUD for sin deltakardel på 20 prosent innan fristen 3. januar 2017. Dei andre rettshavarane har på den bakgrunnen fristilt Maersk frå kostnader som kjem til i interessentskapet etter 3. oktober 2016, då desse hovudsakleg er knytte til utbygginga. Departementet har meddelt Petoro at dersom Maersk ikkje tiltrer PUD, kan staten ved Petoro som rettshavar overta ein del på inntil 10 prosentpoeng av Maersk sin del i nemnde løyve etter at avtala med OMV er godkjend av generalforsamlinga i Petoro og Petoro er blitt rettshavar. Overtakinga av 10 prosentpoeng av Maersk sin del kan godkjennast etter at saka er lagt fram for Stortinget. DEA vil overta resterande 10 prosentpoeng av Maersk sin del.
Det følgjer av petroleumslova § 11-1 første ledd at den statlege deltakinga i petroleumsverksemda skal skje innanfor eit etablert interessentskap. Staten kan først bli deltakar i Dvalin-interessentskapet etter at overdraginga av OMVs 20 prosent deltakardel i utvinningsløyve 435 til staten er godkjent av generalforsamlinga i Petoro. På den bakgrunnen er det derfor avtalt mellom Petoro og DEA at DEA frå 3. oktober 2016 dekkjer feltutviklingskostnader for den delen Petoro overtek frå Maersk fram til Petoro blir rettshavar. Desse feltutviklingskostnadene vil bli betalte tilbake frå Petoro etter at selskapet har blitt rettshavar. Budsjettkonsekvensar som følgje av Maersks fråtreding er anslått til om lag 26 mill. kroner i 2016 for SDØE sin del på 10 prosent. DEA vil betale for sin del av kostnadene i same periode.
OED har fullmakt til å godkjenne overdraging (sal, kjøp eller byte) av deltakardelar for Petoro AS som forvaltar av SDØE der ein går ut frå at ressursane for deltakardelen i utvinningsløyvet på tidspunkt for overdraginga er mindre enn 3 mill. Sm3 oljeekvivalentar, jf. romartalsvedtak XIV i Prop. 1 S (2015–2016) og Innst. 9 S (2015–2016).
Basert på Petoros vurdering er reserveanslaget for OMV sin del på 20 prosent i løyvet innanfor fullmaktsgrensa. Dersom reserveanslag til operatøren for Dvalin blir lagt til grunn er anslaget for OMV sin del 3,72 mill. Sm3 oljeekvivalentar.
Vidare har departementet godkjent at staten ved Petoro kan overta 10 prosentpoeng av Maersk sin del i og med at selskapet har sagt at det ikkje vil tiltre PUD og vil tre ut av løyvet. OED har fullmakt til å godkjenne at Petoro kan delta i overdraging (sal, kjøp, byte) av deltakardelar i interessentskap der ein rettshavar vel å tre ut av interessentskapet og der overdraginga vedkjem SDØE, jf. romartalsvedtak XV i Prop. 1 S (2015–2016) og Innst. 9 S (2015–2016).
Departementet er kjent med at det framleis går føre seg prosessar i interessentskapet med sikte på endeleg å avklare eigarsamansetjinga i Dvalin i løpet av 2016. I den samanhengen kan det bli aktuelt for staten å auke deltakardelen i Dvalin utover det som følgjer av avtala med OMV og overtaking av ti prosentpoeng frå Maersk. Det er lagt til grunn at ein eventuelt ytterlegare auke i deltakardel for SDØE blir dekt innanfor dei rammene som følgjer av departementets fullmakter som det er gjort greie for ovanfor. Det er løyvingsdekning for budsjettkonsekvensane av ovannemnde overdragingar for SDØE under kap. 2440/5440.
Slik det er framstilt ovanfor, vil det bli fleire overdragingar av deltakardelar til SDØE i utvinningsløyve 435. Petoro og operatøren har ulik vurdering av reservane i Dvalin. På den bakgrunnen legg departementet saka fram for Stortinget, jf. forslag til romartalsvedtak II.