5 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda
Som ein del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytte til petroleumsverksemda.
Nedanfor gjer Olje- og energidepartementet greie for bruk av desse fullmaktene sidan forrige rapportering.
5.1 Fullmakt XII – Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel
Fullmakt til forenkla behandling frå styresmaktene si side har blitt nytta ved to høve:
Gullfaks
Departementet mottok 30. juni 2015 søknad om godkjenning av endra plan for utbygging og drift av Gullfaks. Planen er ei heilskapleg tilnærming til auka utvinning frå Gullfaks-feltet og inkluderer første fase for utvikling av petroleumsførekomsten i Shetland-gruppa og Lista-formasjonen. Prosjektet omfattar tiltak i eksisterande brønnar. Det skal ikkje byggjast ny infrastruktur på feltet i denne fasen. Rettshavarar er Statoil Petroleum AS (51 prosent), Petoro AS (30 prosent) og OMV Norge AS (19 prosent).
Dei totale investeringane i plan for utbygging og drift er anslått til 1,9 mrd. 2016-kroner.
Endra plan for utbygging og drift av Gullfaks vart godkjent av Olje- og energidepartementet 3. desember 2015.
Oseberg Vestflanken 2
Departementet mottok 18. desember 2015 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Oseberg Vestflanken 2. Den valte utbyggingsløysinga er ei botnfast, ubemanna brønnhovudplattform. Brønnstraumen vil bli sendt til Oseberg feltsenter i ein ny røyrleidning. Frå feltsentret vil oljen bli ført til Sture-terminalen, mens gassen vil bli sendt til St. Fergus i Storbritannia. Venta produksjonsstart er 2. kvartal 2018. Rettshavarar er Statoil Petroleum AS (49,3 prosent), Petoro AS (33,6 prosent), Total (14,7 prosent) og ConocoPhillips (2,4 prosent)
Dei totale investeringane i plan for utbygging og drift er anslått til 8 mrd. 2016-kroner.
Plan for utbygging og drift av Oseberg Vestflanken 2 vart godkjent av Olje- og energidepartementet 14. juni 2016.
5.2 Fullmakt XIII – Overføring av eigedomsrett mot bruksrett
Fullmakt til overføring av eigedomsrett mot bruksrett er nytta ved eitt høve.
Prosjekt for oppgradering av kapasiteten i Kvitebjørn gassrøyr
Petoro har på vegner av Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) delteke med ein del på 30 prosent i investeringar i auka kapasitet i Kvitebjørn gassrøyr. Investorgruppa for prosjektet inngjekk 12. mars 2015 ei avtale om overføring av eigedomsretten til oppgraderingane til Gassled. Eigarskapen vart overført til Gassled den 1. oktober 2016 mot at investorgruppa får tariffrettane til kapasitetsauken fram til investorane har oppnådd ein realavkasting på investeringa si på 7 prosent. Etter det går eventuelle inntekter på bruk av denne kapasiteten til Gassled. Staten har ein direkte eigardel på 30 prosent i prosjektet og om lag 46,7 prosent i Gassled gjennom direkte og indirekte eigarskap. SDØE sin del av investeringa utgjer 66 mill. kroner.
5.3 Fullmakt XV – Overføring og samordning av eigardelar i utvinningsløyve
Fullmakt til overføring og samordning av eigardelar i utvinningsløyve har blitt nytta ved eitt høve.
Byrding
Byrding-funnet ligg i utvinningsløyve 090 B, men ein del av funnet går inn i utvinningsløyve 248 D og 248 GS. Petoro er rettshavar i 248 D og 248 GS. Ifølgje petroleumslova § 4-7 skal rettshavarane, dersom ein petroleumsførekomst strekkjer seg over fleire blokker som ikkje har same rettshavarar, bli samde om den mest rasjonelle samordninga av verksemda knytt til førekomsten og om fordelinga mellom utvinningsløyva.
Rettshavarane i Byrding 090 B og utvinningsløyva 248 D og 248 GS er samde om at Byrding får rett til å produsere også dei voluma av Byrding som ligg innafor utvinningsløyva 248 D og 248 GS, mot eit kontantvederlag. Plan for utbygging og drift av Byrding vart overlevert den 19. august 2016 og er no til behandling i Olje- og energidepartementet.
Olje- og energidepartementet gav 15. november 2016 samtykke til at Petoro kan delta i forenkla samordning i samsvar med fullmakt XV, pkt. 2 i Prop. 1 S (2015–2016).