5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaget om å gi ein eigen heimel for forskrift om meinerstatning vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar. For ein nærare omtale av dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaget til forskrift blir det vist til høyringsnotatet av 20. mai 2019.
Forslaget om at NPEs vedtak om tilskotsplikt skal vere tvangsgrunnlag for utlegg vil truleg gi ei beskjeden administrativ innsparing ved at det blir enklare å inndrive uteståande krav. Det blir føresett at kostnadane til Skatteetaten, som følgje av at krava skal inndrivast av Statens innkrevjingssentral, blir dekte gjennom ei revidering av den gjeldande samarbeidsavtalen mellom Skatteetaten og NPE om innkrevjing. Eventuelle meirkostnader vil bli dekte innanfor dei gjeldande budsjettrammene for Helse- og omsorgsdepartementet.