6 Merknader til dei enkelte føresegnene
Til § 4
I nytt første ledd tredje punktum får departementet ein ny heimel til å gi forskrift om utmåling av meinerstatning ved pasientskadar. Forskriftsheimelen omfattar også forskrifter som avvik frå reglane i skadeserstatningsloven § 3-2. Dette inneber at utmålinga fortsett skal ta utgangspunkt i skadeserstatningsloven § 3-2, men at avvik kan fastsetjast i forskrift. Sjå nærare omtale i kapittel 3.
Til § 8
I nytt tredje ledd blir det lovfesta at vedtak om tilskotsplikt skal vere tvangsgrunnlag for utlegg og at kravet kan inndrivast av Statens innkrevingssentral. Sjå nærare omtale i kapittel 4.