1 Innleiing
Med bakgrunn i lokalpolitiske vedtak om revisjon av Miljøpakke Trondheim legg Samferdselsdepartementet i denne proposisjonen fram forslag om å forlenge innkrevjingsperioden med fem år, til utgangen av 2029. I tillegg blir det foreslått nokre endringar i takst- og rabattsystemet, mellom anna å auke gjennomsnittstaksten med to kroner per passering (Miljøpakke Trondheim trinn 3).
Staten, Sør-Trøndelag fylkeskommune og Trondheim kommune underteikna i september 2016 ein bymiljøavtale for Trondheim for perioden 2016–2023. Bymiljøavtalen er basert på Nasjonal transportplan 2014–2023. Det blir tatt sikte på at avtalen blir revidert i 2018, basert på rammene og føringane i Nasjonal transportplan 2018–2029.
Bymiljøavtalen er eit viktig verkemidel for å nå målet om at veksten i persontransporten i dette byområdet skal takast med kollektivtransport, sykkel og gange («nullvekstmålet»). Prosjekta og tiltaka i bymiljøavtalen skal bidra til å nå dette målet og sikre betre framkomst samla sett, spesielt ved å leggje til rette for attraktive alternativ til privatbilen.
Bymiljøavtalen omfattar heile porteføljen til Miljøpakke Trondheim. Avtalen omfattar også prosjekt/tiltak som blir finansierte med belønningsmidlar, og prosjekt/tiltak på riksveg som blir finansierte med midlar frå ramma til programområdetiltak i byområde med bymiljø-/byvekstavtalar. Gjennom ordninga med statleg tilskot til store fylkeskommunale kollektivinfrastrukturprosjekt vil staten dekke halvparten av dei samla kostnadene ved prosjektet MetroBuss i Trondheim, trinn 1 (tidlegare omtalt som Superbuss). Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune er ansvarlege for finansiering av den andre halvparten av kostnadene.
Den foreslåtte revisjonen av Miljøpakke Trondheim er i følgje dei lokale partane ein viktig føresetnad for å nå nullvekstmålet i bymiljøavtalen. Prosjektporteføljen frå trinn 2, jf. Prop. 172 S (2012–2013) Finansiering av Miljøpakke Trondheim trinn 2, ligg fortsatt til grunn, men dei auka inntektane vil bidra til at kommunen og fylkeskommunen kan finansiere sin del av prosjektet MetroBuss. I tillegg vil dei bidra til knutepunktsutvikling og utvikling av eit samanhengande nett for gåande og syklande i tråd med arealdelen i Trondheim kommune sin kommuneplan. Den foreslåtte takstauken vil også bidra til å redusere trafikkveksten. Vidare vil midlane bli nytta til å sikre realisering av dei prosjekta som inngår i Miljøpakke Trondheim, mellom anna riksvegprosjekta E6 Jaktøya – Klett – Sentervegen og rv 706 Nydalsbrua (tidlegare Sluppen bru) med tilknytingar.
Stortinget vedtok i 2009 trinn 1 av Miljøpakke Trondheim, jf. St.prp. nr. 85 (2008–2009) og Innst. S nr. 347 (2008–2009). Trinn 2 av Miljøpakken blei vedtatt i 2013, jf. Prop. 172 S (2012–2013) og Innst. 494 S (2012–2013).