4 Prioritering og styring
Som omtalt i Prop. 172 S (2012–2013), er det lagt til grunn at prosjekta i Miljøpakke Trondheim blir prioriterte gjennom porteføljestyring. Dette inneber at tiltaka blir prioriterte på grunnlag av ei samla vurdering basert på bidrag til måloppnåing, disponible midlar, samfunnsøkonomisk lønsemd, planstatus og kapasitet på planlegging og gjennomføring. Det kan bli gjort endringar innafor pakken for å sikre rasjonell framdrift og økonomistyring. Ved kostnadsauke i prosjekta/tiltaka skal porteføljen reduserast.
Styringsgruppa for bymiljøavtalen med tilhøyrande sekretariat er også styringsgruppe (kontaktutval) og sekretariat for Miljøpakke Trondheim. Rapportering på måloppnåing og aktivitetar skal skje gjennom oppfølginga av bymiljøavtalen. Prioriteringar og rapportering vil bli lagt fram for Stortinget i samband med dei årlege budsjetta.