3 Forslag til forlenga innkrevjingsperiode og endringar i takst- og rabattsystemet
Forlenga innkrevjingsperiode
I Prop. 172 S (2012–2013) er det lagt til grunn bompengeinnkrevjing i 15 år rekna frå 2010. Lokale styresmakter har gått inn for å utvide innkrevjingsperioden med fem år, til utgangen av 2029, med høve til ytterlegare utviding til utgangen av 2033. Samferdselsdepartementet sluttar seg til ei utviding av innkrevjingsperioden til utgangen av 2029. Dette vil gi samanfallande tidsramme for bompengeinnkrevjinga og den reviderte bymiljøavtalen. Det blir tatt sikte på at bymiljøavtalen blir revidert til ein byvekstavtale i 2018.
Justert takst- og rabattsystem
Gjeldande innkrevjingssystem med 23 bomstasjonar fordelt på sju bomsnitt er føresett vidareført. Dette er nærare omtalt i Prop. 172 S (2012–2013).
Lokale styresmakter har gått inn for å auke grunntaksten per passering med 2 kr frå 2018. Ordninga med timesregel og passeringstak på 110 passeringar per månad for begge takstgruppene er føresett vidareført.
I Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) er det lagt opp til ei omlegging av takst- og rabattstrukturen for bompengeprosjekt. Dette inneber at det skal innførast 20 pst. rabatt for køyretøy i takstgruppe 1 (køyretøy med totalvekt til og med 3 500 kg og alle køyretøy i kategori M1) med gyldig brikke og avtale. Det vil ikkje bli gitt rabatt til køyretøy i takstgruppe 2 (køyretøy over 3 500 kg unntatt køyretøy i kategori M1). Samferdselsdepartementet føresett at takst- og rabattsystemet for Miljøpakke Trondheim trinn 3 skal vere i samsvar med dette. Samstundes skal ikkje omlegginga innebere overføring av kostnader frå takstgruppe 1 til takstgruppe 2. Ved fastsetting av nye takstar for takstgruppe 2 bør det derfor takast omsyn til bortfallet av rabatt for denne gruppa.
I dagens takst- og rabattsystem for Miljøpakke Trondheim varierer både takst- og rabattnivå mellom bomstasjonane. Takstgruppe 2 betalar som hovudregel tredobbel takst, men i nokre bomstasjonar er det dobbel takst, og i ein bomstasjon er det femdobbel takst. Med utgangspunkt i den nye takst- og rabattstrukturen og ein gjennomsnittleg takstauke på 2 kr per passering, har lokale styresmakter slutta seg til grunntakstar i dei ulike bomsnitta som vist i tabell 3.1.
Tabell 3.1 Forslag til reviderte takstar for Miljøpakke Trondheim trinn 3, takstar før endringa i parentes. 2017-kr.
Bomsnitt | Takstgruppe 1 | Takstgruppe 2 | ||
---|---|---|---|---|
Utanfor rushtid | Rushtid 07:00–09:00 og 15:00–17:00 | Utanfor rushtid | Rushtid 07:00–09:00 og 15:00–17:00 | |
Øst | ||||
– stasjon 1 | 15 kr (11 kr) | 30 kr (22 kr) | 36 kr (33 kr) | 72 kr (66 kr) |
Sluppen | ||||
– stasjon 2–3 | 15 kr (11 kr) | 30 kr (22 kr) | 24 kr (22 kr) | 48 kr (44 kr) |
– stasjon 4 | 15 kr (11 kr) | 30 kr (22 kr) | 36 kr (33 kr) | 72 kr (66 kr) |
Sør | ||||
– stasjon 5–6 | 15 kr (11 kr) | 30 kr (22 kr) | 36 kr (33 kr) | 72 kr (66 kr) |
Omkjøringsveien | ||||
– stasjon 8–16 | 11 kr (9 kr) | 14 kr (9 kr) | 26 kr (27 kr) | 33 kr (27 kr) |
– stasjon 17 | 11 kr (9 kr) | 14 kr (9 kr) | 41 kr (45 kr) | 55 kr (45 kr) |
Byåsen | ||||
– stasjon 18–20 | 11 kr (9 kr) | 14 kr (9 kr) | 26 kr (27 kr) | 33 kr (27 kr) |
Klæbu | ||||
– stasjon 21–22 | 15 kr (11 kr) | 30 kr (22 kr) | 36 kr (33 kr) | 72 kr (66 kr) |
Tonstad | ||||
– stasjon 23 | 11 kr (9 kr) | 14 kr (9 kr) | 26 kr (27 kr) | 33 kr (27 kr) |
Basert på talet på fripasseringar i dag er det lagt til grunn ein elbilandel på 10 % for heile perioden. Det er elles lagt til grunn at rabattar og fritak for betaling skal følgje gjeldande takstretningslinjer. Samferdselsdepartementet legg til grunn at takstane kan justerast i tråd med konsumprisindeksen, jf. Prop. 172 S (2012–2013).
Gjennomsnittstakst er gjennomsnittleg inntekt per passering. Med takstar som vist i tabell 3.1, er det rekna med ei gjennomsnittleg inntekt per passering på 8 kr. Bruk av gjennomsnittstakst er omtalt i Prop. 1 S (2016–2017), der det er lagt til grunn at bompengetakstane kan justerast slik at gjennomsnittstaksten blir som føresett. Det er knytt noko uvisse til korleis det nye takstopplegget vil påverke mellom anna trafikkutviklinga og samansetjinga av bilparken som passerer bomringen. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med presiseringar av prinsipp for takstjusteringar i bypakkar som inngår i bymiljøavtalar eller byvekstavtalar. Desse prinsippa vil også vil gjelde for Miljøpakke Trondheim.
I Prop. 172 S (2012–2013) er nettoinntektene frå dei to bomstasjonane på fv 885 og fv 704 mot Klæbu (nr. 21 og 22) føresette å inngå i finansieringa av ny fylkesveg til Klæbu (fv 704). Første etappe, strekninga Røddekrysset – Tanem, er under bygging. I dei lokalpolitiske vedtaka er det føresett at utbygginga av andre etappe, strekninga Tanem – Tulluan, skal inngå i porteføljen til Miljøpakke Trondheim. Det er derfor lagt opp til at bomstasjonane på fv 885 og fv 704 skal inkluderast i bompengeopplegget for Miljøpakken på ordinær måte. Dette er også ei oppfølging av intensjonsavtalen som ligg til grunn for vedtaka om samanslåing av Trondheim og Klæbu kommunar.
Det er rekna med at årlege brutto bompengeinntekter vil auke frå om lag 620 mill. kr i dag til om lag 750 mill. kr som følgje av det nye takst- og rabattsystemet. Dette gir brutto bompengeinntekter på om lag 9 mrd. kr for perioden 2018–2029, som er ei auke på omlag 4,7 mrd. kr frå trinn 2. Det er rekna med om lag 0,5 mrd. kr til å dekke innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet. Følgjeleg kan om lag 8,5 mrd. kr nyttast til prosjekt og tiltak innafor Miljøpakke Trondheim, med fråtrekk for finansieringskostnader som følgje av låneopptak. Som grunnlag for vurdering av bompengeinntektene er det vidare føresett at det ikkje blir vekst i biltrafikken i løpet av bompengeperioden, heller ikkje for næringslivstransportar. Sidan målet om nullvekst berre gjeld for persontransport med bil, er det grunn til å rekne med at det likevel vil bli noko trafikkvekst i bompengeperioden.
Rv 706 Nydalsbrua med tilknytingar – forsering
I Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 er det sett av 800 mill. kr til prosjektet rv 706 Nydalsbrua (tidlegare Sluppen bru) med tilknytingar, fordelt med 100 mill. kr i første seksårsperiode og 700 mill. kr i siste seksårsperiode. Da Stortinget behandla Nasjonal transportplan 2018–2029, peika eit fleirtal i transport- og kommunikasjonskomiteen på at det er mogleg å forskottere bygging av strekninga innafor Miljøpakke Trondheim, dersom det er ønskjeleg frå lokalt hald, jf. Innst. 460 S (2016–2017).
Sør-Trøndelag fylkeskommune og Trondheim kommune har i brev av 24. april 2017 søkt om løyve til å forskottere føresette statlege midlar med bompengar frå Miljøpakke Trondheim. Prosjektet er høgt prioritert innafor Miljøpakke Trondheim, og eksisterande bru er i dårleg forfatning. Dei lokale partane ønskjer anleggsstart hausten 2019. Med om lag 2,5 års byggetid vil dette innebere at prosjektet kan opnast for trafikk i løpet av 2022. Dersom det blir aktuelt å inngå avtale om forskottering i 2018 har den foreslåtte rammen på 3,5 mrd. kr i Prop. 1 S (2017–2018) rom for dette. Det er ein føresetnad at refusjonen blir gitt utan kompensasjon for renter og prisstigning. Forskotteringa vil derfor innebere kostnader for bompengeselskapet som må handterast innafor porteføljestyringa.
Reguleringsplanen blei vedteke av Trondheim kommune 7. desember 2017. Det skal gjennomførast ekstern kvalitetssikring av prosjektet (KS2). Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til endeleg opplegg for forsering av prosjektet, herunder forskottering, i samband med statsbudsjettet for 2019, føresett at det ligg føre tilstrekkelege avklaringar. For at det skal vere mogeleg med anleggstart hausten 2019, er det behov for om lag 50 mill. kr til prosjektering, grunnerverv og andre førebuande arbeid i 2018. Det er derfor føresett at bompengeselskapet stiller til disposisjon inntil 50 mill. kr til prosjektet i 2018.