5 Samferdselsdepartementet si vurdering
Staten, Sør-Trøndelag fylkeskommune og Trondheim kommune underteikna i september 2016 ein bymiljøavtale for Trondheim for perioden 2016–2023. Bymiljøavtalen er eit viktig verkemiddel for å nå målet om at veksten i persontransporten skal takast med kollektivtransport, sykkel og gange. Miljøpakke Trondheim er ein viktig del av bymiljøavtalen. I følgje dei lokale partane er den foreslåtte revisjonen av Miljøpakke Trondheim ein viktig føresetnad for å nå nullvekstmålet. Dei auka inntektane vil bidra til at kommunen og fylkeskommunen kan finansiere sin del av MetroBussen. I tillegg vil midlane bli nytta til å sikre realisering av dei prosjekta som inngår i Miljøpakke Trondheim både på riks- og fylkesvegnettet.
I fylkeskommunen sitt vedtakspunkt nr. 5 er det føresett at 160 mill. kr per år til drift av kollektivtransporten blir vidareført i perioden 2025–2029. Dette utgjer om lag 800 mill. kr. Ei vidareføring av dei lokale midlane frå trinn 2 av pakken utgjer om lag 350 mill. kr. I tillegg kjem bompengeinntektane. Gitt nullvekstmålet reknar ein med auka inntektar på 130 mill. kr årleg, til saman ein auke på om lag 4,7 mrd. kr.
I bymiljøavtalen er det lagt til grunn 1,360 mrd. kr i statlege midlar frå Belønningsordninga og 1 mrd. kr til programområdetiltak langs riksveg i løpet av avtaleperioden 2016–2023. I tillegg er det føresett at staten skal bidra med halvparten av investeringskostnadene ved prosjektet MetroBuss i Trondheim, trinn 1, rekna til 1,4 mrd. kr da bymiljøavtalen blei inngått. Prioriteringane i Meld. St. 33 Nasjonal transportplan 2018–2029 inneber auka rammer til bymiljø-/byvekstavtalar samanlikna med Meld. St. 26 (2012–2013).
Nasjonal transportplan 2018–2029 vil liggje til grunn ved reforhandling av bymiljøavtalen til ein byvekstavtale.
I Meld. St. 33 (2016–2017) er det sett av 1760 mill. kr i statlege midlar til store vegprosjekt innafor Miljøpakke Trondheim, uavhengig av om bompengeinnkrevjinga blir forlenga. Dette inkluderer om lag 960 mill. kr i statlege midlar til vidareføring av prosjektet E6 Jaktøya – Klett – Sentervegen og 800 mill. kr til prosjektet rv 706 Nydalsbrua med tilknytingar. Dei 800 mill. kr til Nydalsbrua med tilknytingar er fordelt med 100 mill. kr i første seksårsperiode og 700 mill. kr i siste seksårsperiode. Da Stortinget behandla transportplanen, peika eit fleirtal i transport- og kommunikasjonskomiteen på at det er mogleg å forskottere bygging av prosjektet rv 706 Nydalsbrua med tilknytingar innafor Miljøpakken, dersom det er ønskjeleg frå lokalt hald, jf. Innst. 460 S (2016–2017).
Samferdselsdepartementet opnar for å forskottere 800 mill. kr av dei statlege midlane med bompengar til prosjektet rv 706 Nydalsbrua med tilknytingar. Føresetnaden for ei eventuell forskottering er at det ikkje blir behov for auka fullmakt til låneopptak utover nivået som er lagt til grunn i trinn 2 av pakken på 1 mrd. kr. Porteføljestyring er ein føresetnad for Miljøpakken, jf. omtale nedanfor. Gjennom porteføljestyring føresett departementet at det skal frigjerast løpande bompengar, ved at andre prosjekt skal nedprioriterast i den grad det er mogleg og ikkje fordyrande for igangsette prosjekt, slik at andelen av forskotteringa med bompengelån skal avgrensast. Departementet føresett at bompengeselskapet stiller til disposisjon inntil 50 mill. kr til prosjektering, grunnerverv og anna førebuande arbeid i 2018. Samferdselsdepartementet tar sikte på å komme tilbake til endeleg opplegg for forskottering av prosjektet rv 706 Nydalsbrua med tilknytingar i samband med statsbudsjettet for 2019, føresett at det ligg føre tilstrekkelege avklaringar.
Samferdselsdepartementet har merka seg at Sør-Trøndelag fylkeskommune meiner at dagens porteføljestyringsprinsipp må endrast slik at det blir avgrensa til prioriteringar innafor kvart enkelt transportområde. Departementet understrekar at det overordna prinsippet er at tiltaka skal styrast gjennom porteføljestyring. Som for andre bompengepakkar er det føresett at omfanget mellom anna blir tilpassa tilgjengelege økonomiske rammer. Kostnadsauke må derfor handterast innafor den samla økonomiske ramma. Dersom kostnadene for eitt eller fleire prosjekt aukar, inneber dette at andre prosjekt ikkje kan gjennomførast. Dersom enkelte prosjekt blir rimelegare enn føresett, kan det derimot bli rom for å gjennomføre fleire prosjekt. Det må derfor takast atterhald om at innrettinga og samansetjinga av tiltaka som blir omtalte i proposisjonen, vil kunne bli endra. Samferdselsdepartementet legg til grunn at gjelda alltid skal haldast på eit berekraftig nivå. Renter og avdrag må aldri utgjere ein uforsvarleg stor del av dei løpande bompengeinntektene. Det skal ikkje lånast for å finansiere drift av kollektivtransport. Låneopptak skal heller ikkje nyttast som eit verkemiddel for å unngå reell prioritering i porteføljestyringa av pakken. Dei statlege bidraga i Miljøpakka blir endeleg fastsatt i dei årlege budsjetta.
Som det går fram av Prop. 172 S (2012–2013), legg Samferdselsdepartementet til grunn eit maksimalt låneopptak på 1,0 mrd. kr. Det er per 2017 ikkje tatt opp lån innafor Miljøpakke Trodheim. Fylkeskommunal garanti skal godkjennast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, medan kommunal garanti skal godkjennast av fylkesmannen. Samferdselsdepartementet føresett at det ligg føre nødvendig godkjenning av garantivedtaka hos høvesvis Fylkesmannen og Kommunal- og moderniseringsdepartementet før det blir sett i gang prosjekt som har behov for låneopptak. Lengda på garantien må komme fram av den endelege garantisøknaden.
Samferdselsdepartementet har merka seg at Trondheim kommune ønskjer å vidareføre dagens bomstasjon på Ranheim som del av Miljøpakke Trondheim når bompengeprosjektet E6 Trondheim – Stjørdal er nedbetalt. Departementet vil komme tilbake til eventuelle endringar når prosjektet er nedbetalt, etter planen i 2024.