Prop. 52 L (2016–2017)

Oppheving av lov om ferie for fiskere og endringar i ferieloven

Til innhaldsliste

1 Proposisjonens hovudinnhald

Innleiing

Departementet legg med dette fram forslag om å oppheve lov 16. juni 1972 nr. 43 om ferie for fiskere, og forslag om ei endring i lov 29. april 1988 nr. 21 om ferie (ferieloven).

Hovudformålet med lovforslaget er å forenkle regelverket. Det er også eit mål å gi fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste dei same rettane som andre arbeidstakarar.

Lovforslaget inneber i hovudsak:

  1. At heile lov om ferie for fiskere blir oppheva.

  2. At fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste blir omfatta av lov om ferie (ferielova).

Feriefondet for fiskarar

Feriepengane til fiskarane vart tidlegare utbetalt gjennom eit feriefond som Garantikassen for fiskere administrerte. Denne ordninga har ikkje vore nytta på 20 år, og departementet foreslår derfor å oppheve § 6 om Feriefondet i lov om ferie for fiskere.

Kven som har ein lovfesta rett til ferie

Lovforslaget inneber at fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste no skal omfattast av reglane i ferielova. Fiskarar som ikkje utfører arbeid i andre si teneste (til dømes eigar) vil ikkje lenger ha ein lovfesta rett til ferie.

Tidsrom for rett til ferieavvikling

At fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste skal omfattast av den alminnelege ferielova, inneber at denne gruppa av fiskarar får ein vilkårslaus rett til å ta 18 dagar ferie i tidsrommet 1. juni til 30. september.

Utrekning av feriepengar

Departementet foreslår å oppheve føresegna om berekning av feriepengar for fiskarar. I følgje denne føresegna skal feriepengane finansierast av fiskarane sjølve ved at arbeidsgivar trekkjer den gjeldande prosentsatsen av arbeidsfortenesta til fiskarane, og utbetalar beløpet som feriepengar når det er ferie.

Departementet ser ikkje grunn til at feriepengar for tilsette fiskarar skal utreknast på ein annan måte enn for andre arbeidstakarar. Lovforslaget inneber at feriepengar for fiskarar skal utreknast som eit tillegg til den lønna som blir utbetalt i oppteningsåret.

Sanksjonar

Lov om ferie for fiskere inneheld ei føresegn om straff. Den alminnelege ferielova har ikkje noko slik føresegn. Departementet foreslår å oppheve føresegna om straff.

Dei andre føresegnene i lov om ferie for fiskere

Departementet foreslår å oppheve dei attverande føresegnene i lov om ferie for fiskere. Fleire av desse føresegnene har same karakter og innhald som i den alminnelege ferielova.

Til forsida