5 Administrative og økonomiske konsekvensar, konsekvensar for det samiske folk
Hovudformålet med lovforslaget er å forenkle regelverket, og også gi fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste dei same ferierettar som andre arbeidstakarar.
Ved å oppheve lov om ferie for fiskere vil regelverket for ferierettar bli meir oversiktleg fordi utdaterte føresegner blir oppheva. Ved å gi fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste same ferierettar som andre arbeidstakarar – medrekna likt tidsrom for rett til ferieavvikling og lik utrekningsmetode for feriepengar – vil lovendringane vere ei klar forenkling av regelverket. Forslaget er såleis i tråd med regjeringa sin moderniseringsagenda: fornye, forenkle og forbetre.
Fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste og tek imot hyre vil ved ein ny utrekningsmetode for feriepengar få feriepengane som eit tillegg til den hyra som blir utbetalt i oppteningsåret, jf. ferielova § 10 nr. 1. I praksis vil dette gi hyremottakarar høgare lønn enn opphavleg avtalt. Denne lønnsauken kan om ønskjeleg justerast ved til dømes å avtale ei lågare grunnhyre det påfølgjande året.
Departementet kan ikkje sjå at forslaget har nokon spesielle konsekvensar for det samiske folk.