Prop. 52 L (2016–2017)

Oppheving av lov om ferie for fiskere og endringar i ferieloven

Til innhaldsliste

4 Oppheving av lov om ferie for fiskere og endring i ferieloven

4.1 Feriefondet for fiskarar – lov om ferie for fiskere § 6

4.1.1 Gjeldande rett

Feriepengane til fiskarane vart tidlegare utbetalt gjennom eit feriefond som Garantikassen for fiskere administrerte, jf. lov om ferie for fiskere § 6. Ordninga med statstilskot vart oppheva med verknad frå 1. januar 1994, og grunngjevinga var at det statlege ferietilskotet i ferieordninga til fiskarane ville stride mot pliktene våre etter EØS-avtalen. Lovføresegna om Feriefondet for fiskarar er i dag ikkje oppheva, trass i at ho har mista sin aktualitet. Ferieavgifta blir no trekt av arbeidsgivar og blir utbetalt som feriepengar til fiskarane ved ferieavviklinga.

Feriefondet var delvis finansiert ved eit statstilskot, og delvis ved at arbeidsgivar trakk ein gitt prosentsats i arbeidsfortenesta til fiskaren. Etter dette vart feriepengane til fiskaren samla utbetalt gjennom Feriefondet. Garantikassen for fiskere administrerte ordninga, og ordninga gjekk også fram av ei forskrift for ferieordninga for fiskarar (no oppheva).

4.1.2 Departementet sitt forslag i høyringsnotatet

Ordninga med Feriefondet har mista sin aktualitet og har ikkje vore nytta på over 20 år. Departementet foreslo derfor å oppheve § 6 om Feriefondet i lov om ferie for fiskere.

4.1.3 Høyringsfråsegnene

Dei fleste høyringsinstansane har ingen merknader til forslaget om å oppheve § 6 om Feriefondet i lov om ferie for fiskere.

Sjømannsorganisasjonenes fellessekretariat skriv på vegne av Norsk Sjømannsforbund, Norsk Sjøoffisersforbund og Det norske maskinistforbund at:

«Sjømannsorganisasjonene i Norge er positive til at det foretas en opprydding i regelverket med sikte på forenkling. Videre konstaterer vi at regelverket som det her gjelder ikke har fungert etter hensikten hvor statens del av finansieringen gradvis har falt bort. Det er således riktig å rydde opp i regelverket».

4.1.4 Departementet si vurdering

Ordninga med Feriefondet har ikkje vore nytta på over 20 år, og høyringsinstansane er positive eller har ingen kommentarar til å oppheve § 6 om Feriefondet. Departementet vil derfor gå inn for forslaget om å oppheve § 6 om Feriefondet i lov om ferie for fiskere.

4.1.5 Departementet sitt forslag

Departementet foreslår at lov om ferie for fiskere § 6 opphevast.

4.2 Lovfesta rett til ferie – lov om ferie for fiskere § 2 og ferieloven § 2 nr. 1

4.2.1 Gjeldande rett

Lov om ferie for fiskere omfattar alle som har arbeidet sitt om bord på fiskefartøy, jf. § 2. Dette inneber at ordninga også gjeld for fartøyeigaren når han/ho arbeider om bord, og også høvedsmann/skipper.

Ferielova omfattar berre arbeidstakarar. Ferielova § 2 nr. 1 definer arbeidstakar som «enhver som utfører arbeid i annens tjeneste». Dette svarar til definisjonen på arbeidstakar etter arbeidsmiljølova § 1-8.

4.2.2 Departementet sitt forslag i høyringsnotatet

Grunnen til den vide omfangsføresegna i lov om ferie for fiskere § 2 går fram av Ot.prp. nr. 55 Lov om ferie for fiskere (197172) s. 5:

«Det synes for det første upraktisk å ha fiskere ombord i samme fartøy med forskjellige ferieordninger. Videre bør et ferieopplegg som forutsettes gjennomført med direkte statstilskott komme flest mulig yrkesfiskere til gode».

Då ordninga med statstilskot fall bort, fall samtidig hovudgrunngjevinga for ei vid omfangsføresegn bort.

Den nærmare bakgrunnen for at det er upraktisk å ha fiskarar om bord i same fartøy med ulike ferieordningar er ikkje heilt lett å sjå – slik situasjonen kan bli dersom lov om ferie for fiskere blir oppheva. Dette omsynet bør derfor ikkje vege tungt.

Ved å oppheve lov om ferie for fiskere ønskjer departementet at dei fiskarane som er å rekne som arbeidstakarar («utfører arbeid i annens tjeneste») framleis skal ha ein lovfesta rett til ferie. Departementet ser ikkje behovet for at fiskarar som fell utanfor arbeidstakaromgrepet i ferielova skal omfattast av rettane i denne lova. Når Feriefondet ikkje lenger har nokon funksjon og blir oppheva, kan departementet ikkje sjå at det er nødvendig å regulere høvet til ferie for denne gruppa. Dette fordi dei står i ein annan posisjon enn arbeidstakarar, og kan bestemme over eiga arbeidstid mv.

Arbeidstakaromgrepet

Det kan oppstå utfordringar i vurderinga av om fiskarar fell inn under eller utanfor arbeidstakaromgrepet i ferielova. I enkelte høve kan det vere vanskeleg å slå fast kvar grensa mellom arbeidstakar og sjølvstendig oppdragstakar går. Sjølvstendig næringsdrivande, konsulentar og oppdragstakarar med vidare vil i utgangspunktet ikkje bli rekna som arbeidstakarar.

Fiskarar er ei ueinsarta gruppe som driv yrket sitt som sjølvstendig næringsdrivande båteigarar og einefiskarar, eller som båtmannskap som heilt eller delvis får lønna som lott (del av fangstutbyttet). Lotten blir fastsett som ein bestemt del av bruttoverdien av fangsten med frådrag for dei driftsutgiftene som er knytt til den enkelte reisa, det vil seie nettoverdien av fangsten. Det er ikkje uvanleg med ei fast, låg lønn (hyre) i tillegg til lotten, men lott vil utgjere hovudinntekta også i slike høve. Lottakarar kan også vere andre enn fiskarar, til dømes ein kokk eller ein maskinist.

Reiarane blir også rekna som sjølvstendig næringsdrivande. Berre eit fåtal av fiskarane er båtmannskap som heilt eller delvis blir lønna med lott. Majoriteten av dagens fiskarar er båteigarar og vil etter departementet sitt syn i utgangspunktet falle utanfor arbeidstakaromgrepet fordi dei er å rekne som sjølvstendig næringsdrivande. Dette synet ser også ut til å liggje til grunn i trygdelovgivinga, jf. NOU 2004: 3 Arbeidsskadeforsikring på s 29:

«Justisdepartementet har gitt uttrykk for at båtmannskap faller inn under arbeidstakerbegrepet i loven om yrkesskadeforsikring».

Skatte- og trygderettsleg blir heile gruppa av fiskarar rekna som sjølvstendige næringsdrivande, sjølv om ein del av inntekta er hyre. Skattelova ser til dømes på inntekt frå fiske (lott) som næringsinntekt trass i at mannskapet er tilsett hos ein reiar og derfor ikkje er å rekne som næringsdrivande i skattelovas forstand. Ordinær hyreinntekt blir derimot rekna som lønnsinntekt og skattlagd etter gjeldande reglar. Skatte- og trygdereglar er likevel ikkje avgjerande for om fiskarar fell inn under arbeidstakaromgrepet. Vederlag i lott hindrar ikkje ar fiskaren kan reknast som arbeidstakar i høve til reglane i sjømannslova, jf. NOU 2012: 18 Rett om bord s. 141. Ein fiskar med vederlag i lott kan dermed reknast som arbeidstakar etter arbeidsrettslege reglar og som sjølvstendig næringsdrivande etter skatterettslege reglar.

For å vurdere om fiskarar fell inn under omgrepet arbeidstakar er det naturleg å ta utgangspunkt i om fiskaren er båtmannskap eller båteigar. Men dette vil berre vere retningsgivande i ei heilskapleg vurdering der det reelle underliggande er avgjerande, jf. Ot.prp. nr. 49 (2004–2005) Om lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) s. 74.

Arbeidstakaromgrepet – liste med vurderingsmoment

Det er utvikla eit sett kriterier til hjelp når ein skal dra grensene mellom arbeidstakar og oppdragstakar, sjå Ot.prp. nr. 49 (20042005) Om lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) s. 73 som listar opp sju kriterium som kan tale for at det dreiar seg om eit arbeidstakarforhold:

  1. Arbeidstakaren har plikt til å stille si personlege arbeidskraft til rådevelde og kan ikkje bruke medhjelparar for eiga rekning.

  2. Arbeidstakaren har plikt til å underordne seg arbeidsgivaren si leiing og kontroll av arbeidet.

  3. Arbeidsgivaren stiller til rådevelde arbeidsrom, maskiner, reiskapar, arbeidsmaterialar eller andre hjelpemiddel som er nødvendige for å utføre arbeidet.

  4. Arbeidsgivaren ber risikoen for arbeidsresultatet.

  5. Arbeidstakaren får vederlag i ei eller anna form for lønn.

  6. Tilknytingsforholdet mellom partane har nokolunde stabil karakter, og kan seiast opp med bestemte fristar.

  7. Det blir hovudsakleg arbeidd for éin oppdragsgivar.

Høgsterett understrekar i Rt. 2013 s. 342 at momentlista er vegleiande og at det skal gjerast ei heilskapleg vurdering der det også kan leggjast vekt på andre moment, jf. Rt. 1990 s. 903. I Rt. 2013 s. 354 peikte Høgsterett på at det er intensjonen til lovgivaren at dei som har behov for vernet i arbeidsmiljølova, ferielova med vidare, blir verna.

Arbeidstakaromgrepet – fiskarar som er både båtmannskap og fartøyeigarar

Det finst tilfelle der fiskarar arbeider på fiskefartøy som båtmannskap, men i tillegg eig dei sitt eige fartøy. Fiskarar arbeider gjerne skift- og sesongbasert, og har også periodar der dei er i land. I friperiodar er det mogleg å få ei ekstrainntekt ved til dømes å fiske med eige fiskefartøy. I slike høve kan det vere naturleg å ta utgangspunkt i hovudinntekta til fiskaren når ein skal vurdere om han er å rekne som arbeidstakar. Dersom hovudinntekta kjem frå arbeidet som båtmannskap på eit fiskefartøy som han sjølv ikkje eig, kan han ha behov for vernet i ferielova.

Departementet sitt forslag

På denne bakgrunn foreslo departementet i høyringsnotatet å oppheve lov om ferie for fiskere § 2 om rett til ferie og oppheve den alminnelege ferielova § 2 nr. 5, slik at (berre) fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste får ein lovfesta rett til ferie, jf. § 2 nr. 1.

4.2.3 Høyringsfråsegnene

Norges Kystfiskarlag støttar forslaget om at fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste no skal omfattast av reglane i ferielova.

Pelagisk Foreining støttar forslaga om oppheving av lova om feire for fiskarar, og forslaga om endring av ferielova.

Sjømannsorganisasjonenes fellessekretariat skriver på vegne av Norsk Sjømannsforbund, Norsk Sjøoffisersforbund og Det norske maskinistforbund at:

«Departementet uttaler at «fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste bør ha same rett til ferie som andre arbeidstakarar», noe som er positivt. Et vesentlig spørsmål er da hvem som skal anses som arbeidstaker og hvem som skal anses som selvstendig oppdragsgivere og dermed ikke omfattes av ferieloven. Her vises det i høringsbrevet til at fiskere er en uensartet gruppe som driver som selvstendig næringsdrivende, båteier og enefisker eller som båtmannskap som helt el delvis får lønn utbetalt som lott. Det er heller ikke er uvanlig med en fast lav hyre i tillegg til lott. Videre uttaler departementet:
«Reiarane blir også rekna som sjølvstendig næringsdrivande. Berre eit fåtal av fiskarane er båtmannskap som heilt eller delvis blir lønna med lott. Majoriteten av dagens fiskarar er båteigarar og vil etter departementet sitt syn i utgangspunktet falle utanfor arbeidstakaromgrepet fordi dei er å rekne som sjølvstendig næringsdrivande. Dette synet ser også ut til å liggje til grunn i trygdelovgivinga. Justisdepartementet har gitt uttrykk for at båtmannskap faller inn under arbeidstakerbegrepet i loven om yrkesskadeforsikring. For å vurdere om fiskarar fell inn under omgrepet arbeidstakar er det naturleg å ta utgangspunkt i om fiskaren er båtmannskap eller båteigar.»
Vi minner videre om Prop. 115 L (2012–2013) om skipsarbeidsloven hvor Næringsdepartementet omtalte fiskere i relasjon til arbeidstakerbegrepet og slo fast:
«Lotten beregnes altså ut fra fangstresultatet i fisket og ikke ut fra arbeidsinnsatsen. I skattemessig sammenheng betraktes lott ikke som arbeidsinntekt, men som næringsinntekt. Vederlag i form av lott er likevel ikke til hinder for at fiskeren anses som arbeidstaker i relasjon til reglene i sjømannsloven. En fisker anses som arbeidstaker etter arbeidsrettslige regler og som selvstendig næringsdrivende etter skatterettslige regler.»
Det regelverket som nå er på høring gjelder «arbeidsrettslige regler», jf. sitatet ovenfor. Vi vil også understreke at det er et stort antall personer som må anses som arbeidstakere i ferielovens forstand. Det er i dag registrert over 11 000 fiskere og ca. halvparten av disse er arbeidstakere i denne sammenhengen».

Dei andre høyringsinstansane har ingen merknader til forslaget om å oppheve lov om ferie for fiskere § 2 om rett til ferie og forslaget om å oppheve ferielova § 2 nr. 5, slik at (berre) fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste får ein lovfesta rett til ferie, jf. § 2 nr. 1.

4.2.4 Departementet si vurdering

Departementet noterer det Sjømannsorganisasjonenes fellessekretariat skriv om tal på fiskarar i deira høyringssvar: «det er i dag registrert over 11 000 fiskere og ca. halvparten av disse er arbeidstakere i denne sammenhengen.» Om ein fiskar skal reknast som arbeidstakar etter ferielova må likevel vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle – kor særlig momentane i punkt 4.2.2 under «Arbeidstakaromgrepet – liste med vurderingsmoment» er relevante.

Departementet er elles einig i det som står i Prop. 115 L (2012–2013) Lov om stillingsvern mv. for arbeidstakere på skip (skipsarbeidsloven) s. 112–113:

«Lotten beregnes altså ut fra fangstresultatet i fisket og ikke ut fra arbeidsinnsatsen. I skattemessig sammenheng betraktes lott ikke som arbeidsinntekt, men som næringsinntekt. Vederlag i form av lott er likevel ikke til hinder for at fiskeren anses som arbeidstaker i relasjon til reglene i sjømannsloven. En fisker anses som arbeidstaker etter arbeidsrettslige regler og som selvstendig næringsdrivende etter skatterettslige regler».

Det presiserast likevel at arbeidstakaromgrepet i trygde- og skattelovgivinga ikkje er samanfallande med det arbeidsrettslige. Ein må tolke arbeidstakaromgrepet i dei ulike lovene basert på dei omsyna som kvart enkelt regelsett er ment å ivareta.

Arbeidstakaromgrepet – fiskarar som er både båtmannskap og fartøyeigarar

I høyringsnotatet skriv departementet at:

«Det finst tilfelle der fiskarar arbeider på fiskefartøy som båtmannskap, men i tillegg eig dei sitt eige fartøy. Fiskarar arbeider gjerne skift- og sesongbasert, og har også periodar der dei er i land. I friperiodar er det mogleg å få ei ekstrainntekt ved til dømes å fiske med eige fiskefartøy. I slike høve kan det vere naturleg å ta utgangspunkt i hovudinntekta til fiskaren når ein skal vurdere om han er å rekne som arbeidstakar. Dersom hovudinntekta kjem frå arbeidet som båtmannskap på eit fiskefartøy som han sjølv ikkje eig, kan han ha behov for vernet i ferielova».

Departementet har i ettertid sett at teksten i avsnittet overfor kan bli misforstått og ønskjer derfor kome med ei presisering. Kva ein gjer på fritida er ikkje eit moment i vurderinga av om ein blir rekna som arbeidstakar. At ein fiskar veljar å fiske i sin «friperiode» har i utgangspunktet ingen betyding i vurderinga av om han eller ho skal reknast som arbeidstakar etter ferielova (eller arbeidsmiljølova). Same fiskar kan bli rekna som sjølvstendig næringsdrivande i eit tilfelle, men likevel som arbeidstakar etter ferielova når han «utfører arbeid i annens tjeneste». I kvart arbeidsforhold må det gjerast ei heilskapleg vurdering der det reelle underliggande er avgjerande.

4.2.5 Departementet sitt forslag

Departementet foreslår å oppheve:

  • Lov om ferie for fiskere § 2

  • Ferielova § 2 nr. 5,

slik at (berre) fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste får ein lovfesta rett til ferie, jf. ferielova § 2 nr. 1.

4.3 Tidsrom for rett til ferieavvikling – lov om ferie for fiskere § 4 og ferieloven § 7

4.3.1 Gjeldande rett

Fiskarane har rett til minst 12 dagar ferie i tidsrommet 16. mai til 30. september, med mindre driftsmessige grunnar gjer det nødvendig å leggje ferien utanfor dette tidsrommet, jf. lov om ferie for fiskere § 4 andre ledd.

Etter ferielova har arbeidstakarane eit vilkårslaust krav på å få ta 18 dagar ferie i tidsrommet 1. juni til 30. september, jf. ferielova § 7 nr. 1.

4.3.2 Departementet sitt forslag i høyringsnotatet

Då lov om ferie for fiskere vart vedtatt, var vanleg ferietid i ferielova frå 16. mai til 30. september. Lov om ferie for fiskere følgde med andre ord, då ho vart fastsett, ferielova sitt system når det gjeld tidsrommet for ferieavviklinga. Det kan derfor argumenterast for at fiskarane også bør kunne følgje dagens system i ferielova når det gjeld tidsrommet for rett til samanhengande ferie.

Grunngjevinga for (berre) to veker samanhengande ferie går fram av St.meld. nr. 72 (1970–1971) Om ferie for fiskere s. 7:

«fiskerinæringen [er] et typisk eksempel på en næring hvor det kan være forbundet med betydelige økonomiske skadevirkninger at produksjonen reduseres i sommertiden. Fisket er basert på at flåten retter seg etter visse naturgitte betingelser som man ikke har herredømme over. I 1965 ble ca. 43 % av årets totalfangst landet i tidsrommet 15. mars – 30. september. I verdi er den relative andel noe større i dette tidsrommet».

Grunngjevinga for at fiskarar ikkje får ein vilkårslaus/obligatorisk rett til to samanhengande veker med ferie går fram av St.meld. nr. 72 (1970–1971) Om ferie for fiskere, på same side:

«Utvalget finner det (…) noe betenkelig å lovfeste en obligatorisk ferieavvikling i sommertiden. Driften må fremfor alt innrettes etter de fangstmuligheter som til enhver tid er til stede, og det er derfor uheldig å låse noen del av ferien til fast bestemte perioder. Utvalget foreslår på denne bakgrunn at fiskeren har rett til ferie (…) med mindre særlige driftsmessige grunner taler i mot det».

Hovudgrunngjevinga for at fiskarane har rett til ferieavvikling i minst 12 dagar, og at dette tidsrommet ikkje er vilkårslaust, er altså driftsmessige og økonomiske forhold. Nyare statistikk viser likevel at kvantum av landa fangst er størst ved starten og slutten av året, og ikkje i perioden 16. mai til 30. september. Driftsmessige og økonomiske forhold tilseier derfor at tidsrommet for rett til ferieavvikling for fiskarar bør endrast. Departementet meiner også at fiskarar bør ha same rett til ferie som andre arbeidstakarar, og at det ikkje er tilstrekkelege argument for å halde oppe denne skilnaden mellom fiskerinæringa og andre næringar.

På denne bakgrunn foreslo departementet i høyringsnotatet å oppheve lov om ferie for fiskere § 4 om lengda på ferien, tid for ferien mv. slik at fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste blir omfatta av ferielova, og dermed får ein vilkårslaus rett til ferie i same tidsrom som andre arbeidstakarar.

4.3.3 Høyringsfråsegnene

Norges Kystfiskarlag støttar forslaget om at fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste no skal omfattast av reglane i ferielova.

Pelagisk Foreining støttar forslaga om oppheving av lov om ferie for fiskere, og forslaga om endring av ferielova.

Sjømannsorganisasjonenes fellessekretariat skriv på vegne av Norsk Sjømannsforbund, Norsk Sjøoffisersforbund og Det norske maskinistforbund at dei er positive til at det blir gjort ei opprydding i regelverket med sikte på ei forenkling.

Norges Fiskarlag støtter forslaget og skriver at:

«Norges Fiskarlag har ingen merknader til at lov om ferie for fiskere oppheves. Når det gjelder endringer i ferieloven, er særlig to endringer som er av betydning. Det ene er at de fiskere som regnes som arbeidstakere i arbeidsmiljølovens forstand får en ubetinget rett til ferie i 18 dager i tidsrommet 1. juni – 30. september.
Fiskarlaget ser ingen problemer ved at ansatte fiskere får same rettigheter som andre arbeidstakere. Vi støtter således forslaget».

Fiskebåt viser til fiskarane sine turnusordningar og støtter forslaget så framt at ferie kan betraktast som avvikla når ein er på fritur. Fiskebåt skriv i deira høyringssvar at:

«Etter gjeldende lov har fiskerne rett til 12 dagers ferie i tidsrommet 16. mai til 30. september, med mindre driftsmessige grunner gjør det nødvendig å legge ferien utenfor dette tidsrommet. Etter ferieloven har arbeidstakerne et absolutt krav på å få ta ut 18 dager ferie i tidsrommet 1. juni til 30. september, jf. ferieloven § 7 nr. 1.
Innenfor fiskeriene er det flere ulike turnusordninger; noen går faste skift gjennom hele året, mens andre følger fiskesesongene og har en arbeidstid som avklares fortløpende. I ingen av disse tilfellene skal det etter vårt syn by på problemer å tilby mannskapene 18 dagers sammenhengende ferie i sommerperioden, forutsatt at ferie kan anses avviklet når man er på fritur.
Ferieloven § 5 (1) fjerde setning fastslår at «Virkedager i ferien som etter arbeidstidsordningen likevel ville vært fridager for vedkommende arbeidstaker, regnes som feriefritid og går til fradrag i dagtallet i etter første punktum, samt nr. 2 og 3.».
Arbeidsgiver må i henhold til dette kunne legge til grunn at all avspassering og fritid skal regnes som feriefritid. Den viktigste siden ved kravet om 18 feriedager blir dermed at arbeidsgiver må sørge for en turnus/seilingsplan som innebærer at alle mannskaper har fri minst 18 sammenhengende dager i tidsrommet i sommeråret».

4.3.4 Departementet si vurdering

Fiskebåt skriv at «arbeidsgiver må … kunne legge til grunn at all avspassering og fritid skal regnes som ferietid». Departementet er ikkje einig i ei slik forståing. Ettersom avspasering er ei ordning som typisk skal kompensere for meirarbeid eller komprimert arbeidstid i ei periode, vil dette som utgangspunkt ikkje vere «ferie» etter ferielova. Ein arbeidstakar som jobbar turnus med for eksempel to veker arbeid og så éi veke fri, kan ikkje seiast å ha hatt ferie i den veka vedkommande avspaserte. Denne veka skal kompensere for ekstraarbeid, uhageleg arbeidstid eller liknande, i dei to vekene han eller ho arbeidet.

Det er ulike turnusordningar og arbeidsfordelingsordningar for fiskarar hos dei ulike arbeidsgivarane. Mange fiskarar har noko ein kalla for «fritur». «Fritur» inneber at ein har arbeidsfri, det vil seie at fartøyet går ein tur kor fiskaren ikkje skal vere med, gjerne fordi han eller ho har fri etter ei turnusordning. Dette kan enten vere ferie eller avspasering, og må vurderast ut i frå den konkrete avtalen ein fiskar har med sin arbeidsgivar.

Sjølv om ein ikkje kan leggje til grunn at all avspasering og fritid skal reknast som ferietid, kan arbeidstakaren likevel ikkje ta fri berre i arbeidsveker. Dersom arbeidstakaren ønskjer å ta fri dei to vekene vedkommande elles ville ha jobba, skal den etterfølgande avspaseringsperioden reknast med. Regelen i ferielova § 7 medfører altså i dette tilfellet at arbeidstakaren må ta ut 18 virkedagar (tre veker) ferie for å få fri dei to vekene. I realiteten vil også arbeidstakaren få tre veker med ferie.

Ferielova § 6 inneheld hovudreglar for korleis feriefastsetting og endring av ferie skal skje. Av paragrafens nr. 3 første ledd heiter det at tida for ferie kan endrast av arbeidsgivar berre når «avvikling av den fastsatte ferien på grunn av uforutsette hendinger vil skape vesentlige driftsproblemer, og det ikke kan skaffes stedfortreder.» Endringa skal på førehand drøftast med arbeidstakar, og arbeidstakar kan krevje erstatning for dokumenterte meirutgifter som følger av ei omlegging av ferien.

4.3.5 Departementet sitt forslag

Departementet foreslår å oppheve lov om ferie for fiskere § 4, slik at fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste blir omfatta av ferielova, og dermed får ein vilkårslaus rett til ferie i same tidsrom som andre arbeidstakarar, jf. ferielova § 7 nr. 1.

4.4 Lov om ferie for fiskere § 5 og ferieloven § 10 – berekning av feriepengar

4.4.1 Gjeldande rett

I følgje lov om ferie for fiskere skal feriepengane finansierast av fiskarane sjølve ved at arbeidsgivaren trekkjer den gjeldande prosentsatsen i fiskarane si arbeidsforteneste og utbetalar summen som feriepengar når fiskarane tar ferie, jf. lov om ferie for fiskere § 5.

Ordninga etter ferielova er at feriepengane skal utreknast som eit tillegg til den lønna som blir utbetalt i oppteningsåret, jf. ferielova § 10 nr. 1.

4.4.2 Departementet sitt forslag i høyringsnotatet

Tidlegare vart trekket i fiskarane si arbeidsforteneste betalt inn til Feriefondet for fiskarar, og fondet fekk samtidig midlar gjennom ordninga med statstilskot. Fiskarane sine feriepengar vart betalte ut samla gjennom Feriefondet. Departementet har ikkje gitt nokon nærmare retningslinjer for trekk og utbetaling av feriepengar etter at det statlege ferietilskotet vart fjerna frå og med 1994. Det blir såleis noko som er uklart med at feriepengeordninga, utanom statstilskotet, skil seg frå det som er ordninga etter ferielova. Arbeidsrettsjuristen Lars Holo skriv om dette på www.rettsdata.no i sin kommentar til § 5 at:

«Det er ikke lett å se hva som er begrunnelsen for dette. Forskjellen fra den alminnelige ordning synes å være knyttet til at fiskerne i forhold til skatte- og avgiftslovgivningen (…) betraktes som selvstendige næringsdrivende. Dette kan imidlertid vanskelig sees å være noen fyllestgjørende begrunnelse for den spesielle ordningen for feriepengenes vedkommende. På den annen side er ordningen innarbeidet mellom partene og det må antas at partene har fastsatt arbeidsvederlagets størrelse under den forutsetning at det ikke kommer feriepenger i tillegg, men som en del av vederlaget. Trekkordningen med senere utbetaling av feriepenger til fiskeren, blir etter dette bare en spesiell form for gjennomføring av finansieringen av fiskerens ferieutgifter».

Arbeidstidsdirektivet artikkel 7 nr. 1 slår fast eit generelt utgangspunkt om krav til fire veker betalt ferie for arbeidstakarar. EU-domstolen har fleire gonger uttalt at retten til årleg betalt ferie er eit særleg viktig prinsipp i EUs sosiale lovgiving som det ikkje kan gjerast unntak frå. I lys av den siste utviklinga i praksisen til EU-domstolen kan det stillast spørsmål ved om ordninga for finansiering av feriepengar i lov om ferie for fiskere kan karakteriserast som «betalt ferie» i direktivet sin forstand.

Arbeidstidsdirektivet er eit døme på korleis sosialpolitikken til EU kan bety noko for fiskarar i Noreg. Det er vanskeleg å trekkje grensa for kva som fell innanfor og utanfor EØS-avtalen, som til dømes kva som blir rekna å høyre til norsk fiskeripolitikk. Utan å ta konkret stilling til kvar grensa går, legg departementet i denne saka til grunn at dei ferierettane som er å finne i arbeidstidsdirektivet også bør gjelde for norske fiskarar, på lik linje med fiskarar i EU generelt. Dessutan bør det vere ein klar fordel at alle arbeidstakarar har same ordning for å utrekne feriepengar. På denne bakgrunn meiner departementet at også fiskarar bør omfattast av den ordinære ordninga i ferielova.

Det blir ikkje rekna feriepengar av lott, jf. tariffavtale mellom Norsk Sjømannsforbund og Fiskebåt. I følgje ferielova § 10 nr. 1 bokstav b inngår ikkje «andel av nettoutbytte» i feriepengegrunnlaget. Departementet meiner at lott er å sjå som «andel av nettoutbytte», og at lotten dermed ikkje inngår i feriepengegrunnlaget. Kva som blir rekna som nettoutbytte vil gå fram av gjeldande fiskeriovereinskomst fastsett av Norges Fiskarlag.

Elles vil det framleis vere mogleg å fråvike utrekning av feriepengar for fiskarar ved tariffavtale.

På denne bakgrunn foreslo departementet i høyringsnotatet å oppheve lov om ferie for fiskere § 5 om finansiering, og bruke ordninga etter ferielova kor feriepengane skal utreknast som eit tillegg til den lønna som blir utbetalt i oppteningsåret, jf. ferielova § 10 nr. 1.

4.4.3 Høyringsfråsegnene

Norges Kystfiskarlag støttar forslaget om at fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste no skal omfattast av reglane i ferielova.

Pelagisk Forening støttar forslaga om oppheving av lov om ferie for fiskere, og forslaga om endring av ferielova.

Norges Fiskarlag støttar departementets forslag til endringar og skriv at:

«Tidligere var feriepengene inkludert i lønna. Forslaget er nå at feriepengene skal komme som et tillegg til lønna. For fiskere vil dette forslaget bare ha betydning der lønn er avtalt i form av hyre. Lønn i form av lott vil ikke omfattes da lott regnes som andel av nettoutbytte.
Begrunnelsen for forslaget er at arbeidstidsdirektivet gir anvisning på betalt ferie for fiskere i EU. Norske fiskere bør ha same rett. I tillegg er det en fordel at alle arbeidstakere omfattes av den same ordningen i ferieloven.
Fiskarlaget støtter forslaget da hyre utgjør en liten del av det våre medlemmer som er arbeidsgivere utbetaler i godtgjørelse til ansatte fiskere. De mottar for det meste lott. Dessuten vil det fortsatt være mulig å fravike beregning av feriepenger for fiskere ved tariffavtale sjøl om loven endres som foreslått».

Norges Kystfiskarlag har ei innvending når det gjeld departementet si vurdering i høyringsnotatet som gjeld berekning av feriepengar:

«Ettersom det er organisasjonsfrihet i Norge, mener vi av prinsipp at det er galt at Norges Fiskarlag, gjennom norsk lov skal bestemme hva som blir beregnet som nettoutbytte. Dersom lov om ferie for fiskere skal erstattes med ferieloven mener Norges Kystfiskarlag at det i lovteksten må komme fram at det ikke skal beregnes feriepenger av lott».

Fiskebåt skriv i si høyringsfråsegn at:

«For fiskere i havfiskeflåten består arbeidsgodtgjørelsen av to hovedelement, lott og hyre. Lotten betegner en forhåndsfastsatt andel av delingsfangsten og utgjør hovedinntekten for nær alle stillinger i havfiskeflåten. I tillegg til lott mottar mannskaper i mellom- og lederstillinger, samt alle fiskere på ferskfisk- og rundfrysetrål, en fast sjøhyre.
I henhold til tariffavtalen mellom Fiskebåt og Norsk Sjømannsforbund skal feriepenger for de fasthyrte avregnes med 12 % av all arbeidsfortjeneste utenom lott. Denne innebærer på samme måte som gjeldende lov at feriepengene finansieres av fiskerne selv. Etter ferieloven skal derimot feriepengene beregnes som et tillegg til lønn utenom lott. Omleggingen vil dermed i utgangspunktet medføre økte hyrekostnader på mellom 10,2 og 12 % for arbeidsgivere i fiske- og fangstnæringen.
Fiskebåt mener at spørsmålet om finansiering av feriepenger bør overlates til partene i arbeidslivet. Feriepengeordningen er hensyntatt ved fastsettelsen av hyrene. Fiskebåt vil derfor prinsipalt anbefale at gjeldende finansieringsordning videreføres som i dag, så får det bli opp til tariffpartene å avgjøre om en skal endre på dette.
Det skal samtidig nevnes at forslaget likevel vil ha begrenset økonomisk betydning innenfor vårt tariffområde ettersom en rekke mannskapskategorier allerede har fått beregnet feriepengene som et tillegg, og inkludert i hyresatsene. Uavhengig av om vårt prinsipale standpunkt fører frem eller ikke er det viktig at endringen ikke hindrer at feriepenger kan inkluderes i hyresatsene og utbetales fortløpende. Dette har lang praksis og er akseptert av alle tariffparter. Ferieloven § 11 (9) fastslår at reglene om utbetaling av feriepenger kan fravikes av tariffpartene, og vi legger til grunn at vi i medhold av denne heimelen kan videreføre nåværende praksis».

4.4.4 Departementet si vurdering

Finansiering av feriepengar

Det er ikkje aktuelt å vidareføre dagens ordning med at feriepengane blir finansiert av fiskarane sjølve ved at arbeidsgivar trekkjer den gjeldande prosentsatsen i fiskarane si arbeidsforteneste, og utbetalar summen som feriepengar når fiskarane tar ferie – slik Fiskebåt ønskjer. Hovudformålet med lovforslaget er å forenkle regelverket. Det er også eit mål å gi fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste dei same rettane som andre arbeidstakarar. Desse måla blir ikkje nådd dersom ein vidareførar dagens ordning med finansiering av feriepengar for fiskarar.

Utbetaling av feriepengar

Ferielova § 11 gjeld utbetaling av feriepengar. Det følger av § 11 nr. 9, jf. § 3 at reglane i § 11 nr. 1–5 ved tariffavtale kan fråvikas både til gunst og ugunst for arbeidstakaren. Det er ikkje noko i vegen for at det i tariffavtale blir avtalt at utbetaling av feriepengar skjer fortløpande i oppteningsåret, for eksempel samen med hyre/lønn.

Berekning av feriepengar

Ferielova § 10 gjeld berekning av feriepengar. I § 10 nr. 6 står det at:

«Reglene i denne paragraf om beregning av feriepenger fra arbeidsgiver, kan fravikes ved tariffavtale».

Omgrepet «beregning av feriepenger» omfattar etter Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) si meining både grunnlaget for feriepengane og prosentsatsen. Det betyr at ei fagforeining kan inngå tariffavtale om andre reglar for utrekning og oppgjer av feriepengar enn dei som er fastsatt i ferielova. Arbeids- og sosialdepartementet viser til at det same går fram føresetnadsvis av Ot.prp. nr. 54 (198687) Om lov om ferie s. 165:

«Reglene i utkastet § 10 nr 1 om feriepengegrunnlaget og nr 2 og 3 om prosentsatsen for feriepenger erstatter bestemmelsene om de samme spørsmål i gjeldende lov § 6 første ledd. Bestemmelsene i gjeldende lov § 6 kan ikke til skade for arbeidstaker fravikes ved avtale mellom arbeidsgiveren og den enkelte arbeidstaker. Etter gjeldende lov § 10 kan imidlertid en fagforening inngå tariffavtale om andre regler for utregning og oppgjør av feriepenger enn de som er fastsatt i loven. Slik tariffavtale kan gjøres gjeldende også overfor bedriftens uorganiserte arbeidstakere, når de faglig tilhører en gruppe som går inn under avtalen».

Utgangspunktet er altså at det ved tariffavtale kan avtalast andre reglar for utrekning og oppgjer av feriepengar enn det som er fastsatt i ferielova, jf. § 10 nr. 6. Etter ASD si forståing kan ein inkludere feriepengar i lønn/hyre dersom dette er direkte regulert gjennom tariffavtale.

Arbeids- og sosialdepartementet har elles presisert at:

«Formuleringen [«beregning av feriepenger«] innebærer imidlertid at det ikke kan inngås tariffavtaler som medfører en vesentlig reduksjon av feriepengebeløpet, da dette ikke lenger ville være en avtale om beregning av feriepenger.
Arbeidstidsdirektivets artikkel 7 om at arbeidstakere har rett på fire ukers betalt ferie vil også sette grenser for hvor store endringer man kan gjøre i beregningen av feriepenger. Eksempelvis har EU-domstolen i sak C-539/12 slått fast at provisjon skal inngå i feriepengegrunnlaget. Det er særlig lagt vekt på at formålet med feriepenger er å stille arbeidstakere som er på ferie i en sammenlignbar økonomisk posisjon med den de er i når de arbeider. Dette er også lagt til grunn i forarbeidene til ferieloven (Ot.prp. nr. 54 (19861987) s. 87). Tilsvarende er det lagt til grunn av departementet i brev av 30. juni 1989 til Arbeidsgiverforening for Skip og Offshorefartøyer at det ville være i strid med lovens formål og dens vernekarakter om det skulle være fri adgang til å gi avkall på retten til feriepenger. Departementet antok derfor at regelen må bygge på en forutsetning om at det ikke var adgang til å inngå tariffavtaler som medfører en vesentlig reduksjon av feriepengeutbetalingene. Hvor stor avtalefrihet det i realiteten er, er derfor noe usikkert».

Nærings- og fiskeridepartementet sluttar seg til Arbeids- og sosialdepartementet si presisering av formuleringa «beregning av feriepenger».

Feriepengar av lott

Norges Kystfiskarlag ønskjer at det i lovteksta må kome fram at det ikkje skal utreknast feriepengar av lott.

Departementet viser til at ferielova er ei generell lov som gjeld for mange yrkesgrupper, og at lovteksta derfor i minst mogleg grad bør tilpassast ei enkelt yrkesgruppe, mellom anna fiskarar.

Departementet skriv i høyringsnotatet at lott er å sjå som «andel av nettoutbytte», og at lotten dermed ikkje inngår i feriepengegrunnlaget. Bakgrunnen for ei slik forståing er skilnaden mellom «andel av nettoutbytte» og provisjon. Provisjon skal inngå i feriepengegrunnlaget.

Ein arbeidstakar som arbeider for provisjonsløn tar ikkje den same risiko som fiskarar gjer når dei arbeider for lott.

Provisjon er utbetaling basert på kor mykje ein arbeidstakar til dømes sel av ein vare.

Lott er utbetaling basert på kva fartøyeigaren har tent på fisketuren når han har dekka alle sine kostnader ved turen. Det betyr at dersom turen ikkje har gitt overskot, vil ikkje fiskarane om bord tene noko som helst. Fiskarlaget skriv om lott at:

«Mannskapet om bord tar ikke bare risiko for om været er godt nok til å gå på havet eller at båten har kvoter å fiske på. De tar risikoen knyttet til alle driftsutgiftene båten har ved fisket som yrkesskadeforsikring, havneutgifter, telekommunikasjon, drivstoff, mat, agn, kasser til fisken mv. I tillegg tar de ansvar ikke bare for om de faktisk får noe fangst, men også for om de over hode får solgt fisken når de kommer til lan[d], eventuelt til hvilken pris. Også inndragning av fangsten vil være alle om bord sitt ansvar – uansett grunn – hvis skipperen bare er lite å legges til last.
Dette er grunnen til at Mannskap om bord i norske fiskefartøy er ansatt i forhold til skipsarbeiderloven, men selvstendig næringsdrivende i forhold til sosiallovgivning og skattelovgivning».

Partane sitt syn på kva som skal reknast som nettoutbytte (lott) vil gå fram av gjeldande fiskeriovereinskomst fastsett av Norges Fiskarlag.

4.4.5 Departementet sitt forslag

Departementet foreslår å oppheve lov om ferie for fiskere § 5 om finansiering, og bruke ordninga etter ferielova kor feriepengane skal utreknast som eit tillegg til den løna som blir utbetalt i oppteningsåret, jf. ferielova § 10 nr. 1.

Lovteksta vil ikkje tilpassast fiskarar som yrkesgruppe, og lovteksta i § 10 nr. 1 vil stå slik den er i dag.

4.5 Sanksjonar

4.5.1 Gjeldande rett

Brot på eventuelle forskrifter gitt i medhald av lov om ferie for fiskere § 10 kan straffast med bøter, jf. § 13.

Brot på ferielova er ikkje straffbart utanom dei handlingar som blir ramma av dei tilknytte reglane om utbetaling av feriepengar og lønn i arbeidsmiljølova §§ 14 og 15, jf. ferielova § 11 nr. 6.

4.5.2 Departementet sitt forslag i høyringsnotatet

Det ikkje er gitt forskrifter i medhald av lov om ferie for fiskere § 10. Departementet meiner elles at det ikkje er tenleg å vidareføre straffeføresegna til ferielova.

På denne bakgrunn foreslo departementet i høyringsnotatet å oppheve lov om ferie for fiskere § 13 om straff.

4.5.3 Høyringsfråsegnene

Ingen av høyringsinstansane har kommentert departementet sitt forslag i høyringsnotatet om å oppheve lov om ferie for fiskere § 13 om straff. Fleire høyringsinstansar skriv likevel at dei er positive til at det blir gjennomført ei opprydding i regelverket med sikte på ei forenkling.

4.5.4 Departementet si vurdering

Det ikkje er gitt forskrifter i medhald av lov om ferie for fiskere § 10. Føresegna har såleis liten betyding slik den står i dag. Høyringsinstansane er positive, eller har ingen kommentarar, til å oppheve § 13 om straff.

4.5.5 Departementets forslag

Departementet foreslår at lov om ferie for fiskere § 13 opphevast.

4.6 Attverande føresegner i lov om ferie for fiskere

4.6.1 Gjeldande rett

Lov om ferie for fiskere inneheld elles følgjande føresegner:

  • § 1. Virksomhet som går inn under loven

  • § 3. Definisjoner

  • § 8. Fartøy som skifter eier

  • § 9. Feriegodtgjøring ved dødsfall

  • § 10. Alternative finansieringsordninger

  • § 11. Forskrifter. Lovens ufravikelighet

  • § 12. Opplysningsplikt

  • § 14. Ikrafttreden

Etter lov om ferie for fiskere § 1 gjeld lova for «ethvert fartøy som brukes til ervervsmessig fiske eller fangst eller til føring av annens fangst sammen med egen».

Lov om ferie for fiskere § 3 definerer ferieåret som «kalenderåret».

Det følgjer av § 8 i lova at «rett til ferie eller feriegodtgjøring endres ikke om fartøyet skifter innehaver (eier eller leier)».

Etter § 9 går feriegodtgjersla inn i fiskaren sitt dødsbu ved eit eventuelt dødsfall.

Lov om ferie for fiskere har i § 10 ei føresegn om alternative finansieringsordningar. Men denne føresegna har mista sin aktualitet etter at ordninga med statstilskot vart oppheva frå 1. januar 1994.

Paragraf 11 første ledd gir departementet heimel til å fastsetje forskrifter for gjennomføring av ei ferieordning for fiskarar etter denne lova. Det er likevel ikkje gitt forskrifter etter første ledd. I andre ledd kan departementet gi forskrift om bruken av lova for «utsendte arbeidstakere, jf. arbeidsmiljøloven § 1-7». Med heimel i denne føresegna er det gitt éi forskrift om utsende arbeidstakarar: forskrift 16. desember 2005 nr. 1566. Denne forskrifta har også heimel i ferielova § 2 nr. 6. Etter § 11 tredje ledd kan det i forskrifter fastsetjast at «reglene i lov om ferie helt eller delvis skal komme til anvendelse». Det følgjer av § 11 fjerde ledd at «lovens regler kan ved avtale fravikes til skade for fiskeren bare i de tilfeller hvor loven gir utrykkelig hjemmel for det». Fjerde ledd svarar til ferielova § 2 andre ledd.

Lov om ferie for fiskere § 12 om opplysningsplikt, gir departementet heimel til å «kreve av den som pålegges å gjennomføre trekk etter denne lov at han godtgjør å ha betalt på riktig måte de beløp som holdes tilbake i samsvar med denne lov eller bestemmelser gitt i medhold av den». Denne føresegna har vore uaktuell etter at ordninga med statstilskot vart oppheva frå 1. januar 1994.

Lov om ferie for fiskere § 14 gjeld ikraftsetjing av lova.

4.6.2 Departementet sitt forslag i høyringsnotatet

Lovforslaget inneber at alle (fiskarar) som utfører arbeid i andre si teneste, er omfatta av ferielova. Departementet ser derfor ikkje noko behov for å halde på lov om ferie for fiskere § 1. Om ferielova omfattar ein gitt fiskar er avhengig av om han som arbeidstakar utfører arbeid for andre, og ikkje av om fartøyet blir brukt til ervervsmessig fiske eller fangst, til føring av andre sin fangst eller liknande.

Lov om ferie for fiskere § 3 og ferielova § 4 er like i innhald ved at begge føresegnene seier at ferieåret følgjer kalenderåret, og oppteningsåret for feriepengar er det føregåande ferieåret. Det er derfor ikkje behov for å vidareføre lov om ferie for fiskere § 3.

I lov om ferie for fiskere § 8 står det at retten til ferie eller feriegodtgjersle ikkje blir endra om fartøyet skifter innehavar. Denne føresegna må ein sjå i samanheng med ferielova § 12, som i innhald tyder det same. Departementet ser derfor ikkje noko behov for å vidareføre lov om ferie for fiskere § 8.

Når det gjeld feriegodtgjersle ved dødsfall, er lov om ferie for fiskere § 9 og ferielova § 11 nr. 5 første ledd like i innhald. Dersom arbeidstakaren døyr, skal alle opptente feriepengar utbetalast til buet. Lov om ferie for fiskere § 9 kan derfor opphevast.

Lov om ferie for fiskere har i § 10 ei føresegn om alternative finansieringsordningar. Men føresegna har mista sin aktualitet etter at ordninga med statstilskot vart oppheva frå 1. januar 1994. Det er derfor behov for å oppheve lov om ferie for fiskere § 10.

Lov om ferie for fiskere § 11 gjeld forskrifter og at lova er ufråvikeleg. Første, andre og tredje ledd i føresegna gir heimel til å fastsetje forskrifter. Det er fastsett éi forskrift med heimel i denne føresegna: forskrift om lovens anvendelse for utsendte arbeidstakere. Denne forskrifta har også heimel i ferielova § 2 nr. 6. Ved å endre tilvisinga for heimelen ser departementet det som uproblematisk å oppheve dei tre første ledda i føresegna. Føresegna om det ufråvikelege i § 11 fjerde ledd svarar til ferielova § 3 andre ledd. Det er derfor heller ikkje behov for å vidareføre § 11 fjerde ledd.

Lov om ferie for fiskere § 12 om opplysningsplikt har mista sin aktualitet etter at ordninga med statstilskot vart oppheva frå 1. januar 1994. Det er derfor behov for å oppheve denne føresegna.

Til slutt er det naturleg å oppheve lov om ferie for fiskere § 14 om ikraftsetjing.

På denne bakgrunn foreslo departementet i høyringsnotatet å oppheve lov om ferie for fiskere:

  • § 1. Virksomhet som går inn under loven

  • § 3. Definisjoner

  • § 8. Fartøy som skifter eier

  • § 9. Feriegodtgjøring ved dødsfall

  • § 10. Alternative finansieringsordninger

  • § 11. Forskrifter. Lovens ufravikelighet

  • § 12. Opplysningsplikt

  • § 14. Ikrafttreden

4.6.3 Høyringsfråsegnene

Ingen av høyringsinstansane har kommentert departementet sitt forslag i høyringsnotatet om å oppheve lov om ferie for fiskere §§ 1, 3, 8, 9, 10, 11, 12 og 14.

4.6.4 Departementet si vurdering

Departementet ser ikkje noko behov for å halde på lov om ferie for fiskere § 1, 3, 8, 9, 10, 11, 12 og 14.

4.6.5 Departementet sitt forslag

Departementet foreslår å oppheve lov om ferie for fiskere:

  • § 1. Virksomhet som går inn under loven

  • § 3. Definisjoner

  • § 8. Fartøy som skifter eier

  • § 9. Feriegodtgjøring ved dødsfall

  • § 10. Alternative finansieringsordninger

  • § 11. Forskrifter. Lovens ufravikelighet

  • § 12. Opplysningsplikt

  • § 14. Ikrafttreden

4.7 Andre tilpassingar i ferieloven som ikkje blei problematisert i høyringsnotatet

I sitt høyringsinnspel til departementet har Fiskebåt gitt uttrykk for at det er «vanskelig å se rekkevidden av» enkelte føresegner for tilsette i havfiskeflåten. Fiskebåt viser til;

  • Ferielova § 5 nr. 4 (sjå 4.7.1) og

  • Ferielova § 10 nr. 4 (sjå 4.7.2)

4.7.1 Ferieloven § 5 nr. 4

Fiskebåt skriv at ferielova § 5 nr. 4, som gjeld tilleggsfritid ved søndags- og skiftarbeid, varierande arbeidstid mv, synes å passe dårlig for fiskarar. Ut over dette har dei ingen fleire kommentarar til føresegna. I § 5 nr. 4 første ledd heiter det at:

«Arbeidstaker som arbeider på søndager kan kreve å få arbeidsfri enten på søndag som faller umiddelbart før ferien, eller på søndag umiddelbart etter. Dette gjelder likevel bare ved avvikling av ferieperiode som omfatter minst 6 virkedager».

Første ledd kan ikkje fråvikast ved tariffavtale, jf. § 5 nr. 6, og departementet regner med at det er dette Fiskebåt meiner at passer dårlig for fiskarar. Departementet forstår at føresegna ikkje passer særleg godt for fiskarar, dette gjeld særleg fiskarar som arbeider i turnus. Havfiskefartøy går gjerne ut uavhengig av kva for ein vekedag det er. Departementet kan likevel ikkje sjå at dette kjem til å bli eit praktisk problem, då fiskarar gjerne ønskjer å arbeide på fartøyet når det er ute. Ein legg gjerne ferien utanom sine arbeidsperiodar/turnusperiodar.

Departementet har spurt Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) om kommentarar til Fiskebåt sitt innspel, og har fått følgjande tilbakemelding:

«ASD vil først, som NFD også peker på, bemerke at bestemmelsen gir en rett for arbeidstaker til å kreve å få arbeidsfri enten på søndag som faller umiddelbart før ferien, eller på søndag umiddelbart etter dersom ferien som avvikles omfatter minst 6 virkedager.
Regelen er begrunnet med at fordi virkedagsbegrepet ikke omfatter søndager, vil ferie som begynner eller slutter i en helg, ikke omfatte søndagen. Arbeidstakere som arbeider søndager vil dermed som utgangspunkt ikke få fri disse søndagene. Regelen i § 5 nr. 4 første ledd søker å skape større likhet mellom arbeidstakere som arbeider skift- eller turnordninger og de som har normal arbeidstid. Vi viser i denne sammenheng til Ot.prp. nr. 54 (198687) s. 140:
Etter utkastet kan arbeidstakeren kreve feriefritid enten på søndag før ferien, eller på søndag etter denne. Dette innebærer at arbeidstakeren ikke kan kreve arbeidsfri både på søndag før og på søndag etter ferien. Bestemmelsens siktemål er begrenset til å sikre at avvikling av en ferieuke virkelig medfører at en arbeidstaker med søndagsarbeid på samme måte som alle andre arbeidstakere får en kalenderuke fri (se nærmere punkt 3.5.5 foran). I samsvar med dette vil ikke en arbeidstaker som allerede etter arbeidstidsordningen får fri en av de to aktuelle søndager, under henvisning til første ledd kunne gjøre krav på ytterligere en frisøndag i medhold av loven. Regelen har derfor selvstendig betydning bare i tilfeller hvor det etter arbeidsplanen skal arbeides både søndag umiddelbart før og søndag umiddelbart etter ferien. Blir ikke partene enige om hvilken av de to søndager som skal være arbeidsfri, tilkommer valget arbeidsgiveren i samsvar med den alminnelige bestemmelse om styringsretten i utkastet § 6 nr 1 første ledd.
ASD kjenner ikke til at denne regelen er problematisk for noen yrkesgrupper».

Departementet kan ikkje sjå at det er særleg problematisk for fiskarar eller fiskebåtreiarar at ferielova § 5 nr. 4 blir ståande slik den er i dag.

4.7.2 Ferieloven § 10 nr. 4

Fiskebåt viser også til ferielova § 10 nr. 4, som gjeld opptening av feriepengar under sjukdom, foreldrepermisjon mv., og meiner at føresegna passer dårleg for fiskarar. I § 10 nr. 4 første ledd første setning heiter det at:

«Som arbeidsvederlag etter nr. 1 regnes også sykepenger utbetalt av arbeidsgiver i arbeidsgiverperioder».

Fiskebåt skriv til dette at:

«For fiskere på blad B ytes det sykepenger fra trygden fra første dag gjennom en kollektiv ordning finansiert av produktavgiften, og det er derfor normalt ingen arbeidsgiverperiode. Tariffen pålegger imidlertid rederiene å tegne en forsikring som dekker differansen mellom tap av lott og sykepenger opp til et visst nivå. Det må være helt på det rene at denne ordningen, som altså tar sikte på å kompensere for en ytelse det ikke betales feriepenger av, heller ikke omfattes som «sykepenger» i lovens forstand. I så fall vil det forrykke den tariffavtalte ordningen og øke kostnadene for arbeidsgiver. For å unngå diskusjon om dette ber Fiskebåt om at departementet presiserer at sykepengebegrepet ikke skal omfatte tariffavtalte ordninger som kompenserer for lott-tap».

Departementet har spurt Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) om kommentarar til Fiskebåt sitt innspel, og har fått følgjande tilbakemelding:

«Etter ASDs oppfatning er det naturlig å skille mellom de to ordningene. På den ene siden er ordningen om at trygden utbetaler sykepenger fra første dag, og på den andre den tariffavtalte ordningen hvor rederiene er pålagt å tegne forsikring som dekker differansen mellom tap av lott og sykepenger opp til et visst nivå.
Når det kommer til ordningen som gjelder arbeidsgiverperioden, vil det være avgjørende for spørsmålet om arbeidsgiver skal utbetale feriepenger for denne perioden om arbeidsgiver har plikt til å utbetale sykepenger i samme periode.
Det fremgår av ferieloven § 10 nr. 4 at sykepenger som er utbetalt av arbeidsgiver i arbeidsgiverperioden regnes som arbeidsvederlag, og dette vil således inngå i feriepengegrunnlaget. Dersom arbeidsgiver har en plikt til å betale sykepenger, vil han også ha plikt til å betale feriepenger av dette.
Dersom det for fiskere, slik Fiskebåt hevder, ikke er noen arbeidsgiverperiode, vil det slik vi ser det heller ikke være noe krav om at arbeidsgiver skal betale feriepenger av sykepengene utbetalt av trygden.
Fiskebåt mener at ordningen som skal kompensere for tap av lott ikke kan inngå i feriepengegrunnlaget. Etter ASDs oppfatning er imidlertid utgangspunktet at dersom arbeidsgiver har påtatt seg å betale lønn under sykdom utover den lovbestemte arbeidsgiverperioden, vil det bero på en tolkning av avtalen om lønnen skal gi grunnlag for opptjening av feriepenger, se for eksempel ARD-1998-113. I saken tolket Arbeidsretten en tariffavtale om full lønn under sykdom slik at lønnen ga grunnlag for feriepenger. Dersom avtalen er uklar med hensyn til om den gir grunnlag for feriepenger, er det etter ASDs mening mer nærliggende å gjøre presiseringer i avtalen enn at det gjøres et unntak i ferieloven».

Departementet er einig med Arbeids- og sosialdepartementet i at det ved behov må gjerast presiseringar i avtalen kva gjeld lønn under sjukdom, og viser i denne forbindelse til ferielova § 10 nr. 6:

«Reglene i denne paragraf om beregning av feriepenger fra arbeidsgiver, kan fravikes ved tariffavtale».

Det er ikkje aktuelt å lage eit lovfesta unntak for fiskarar i ferielova § 10 nr. 4.

Til forsida