Tilråding
Nærings- og fiskeridepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om oppheving av lov om ferie for fiskere og endringar i ferieloven.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak til lov om oppheving av lov om ferie for fiskere og endringar i ferieloven i samsvar med eit vedlagt forslag.