Prop. 61 S (2024–2025)

Samtykkje til å setje i kraft ein avtale om endring av avtalen mellom Noreg og Den europeiske union om administrativt samarbeid på meirverdiavgiftsområdet, underteikna i Brussel 2. oktober 2024

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Avtale mellom Noreg og Den europeiske union (EU) om administrativt samarbeid, nedkjemping av svik og innkrevjing av krav på meirverdiavgiftsområdet vart underteikna 6. februar 2018 og tok til å gjelde 1. september 2018. Målsettinga med avtalen er å ha eit rammeverk for gjensidig bistand i kampen mot grensekryssande meirverdiavgiftssvindel og ved innkrevjing av meirverdiavgift på tvers av landegrensene. Avtalen har fungert godt og er eit effektivt middel for dei norske skattestyresmaktene.

Den 2. oktober 2024 vart det i Brussel underteikna ein avtale om endring av avtalen om administrativt samarbeid på meirverdiavgiftsområdet. Samtykkje til å underteikne avtalen vart gjeve ved kongeleg resolusjon 14. juni 2024. Noregs ambassadør til EU, Anders H. Eide, underteikna avtalen på vegne av Noreg. Generaldirektør i Europakommisjonen, Gerassimos Thomas, underteikna avtalen på vegne av EU.

Sidan avtalen vart inngått i 2018, har EU-statane vidareutvikla samarbeidet sitt for å kunne nedkjempe grensekryssande meirverdiavgiftssvindel på ein meir effektiv måte. Hovudmålsettinga med endringsavtalen er å få nokre av dei nye samarbeidsverktøya som EU-statane no nyttar, inn i avtalen. Eitt av dei nye samarbeidsverktøya er teke inn som ein del av samarbeidet i Eurofisc-nettverket. Dette gjeld koordinerte administrative undersøkingar (såkalla «follow-up actions»). Eurofisc-nettverket har deltakarar frå skatteadministrasjonane i EU-statane. Noreg deltek her gjennom avtalen frå 2018. I Eurofisc-nettverket vert målretta opplysningar utveksla på ulike risikoområde for meirverdiavgifta, og som oppfylging av dette kan ein gjennomføre koordinerte administrative undersøkingar i respektive land. Endringsavtalen er viktig for Noreg for å sikre at våre kontaktpersonar i Eurofisc òg kan delta i slike koordinerte administrative undersøkingar på bakgrunn av risikoanalysar som vert gjort i nettverket. Endringsavtalen sikrar vidare at norske skattestyresmakter kan delta ved sams kontroll av ei verksemd i ein annan stat på same vilkår som gjeld for skattestyresmakter frå EU-statane, med tilgang til lokale, dokument og dialog med den næringsdrivande.

Avtalen er inngått med heimel i lov 28. juli 1949 (dobbeltbeskatningsavtaleloven) § 1 nr. 2 og nr. 3, og er ikkje ein del av EØS-avtalen.

Avtalen er inngått på norsk og alle dei offisielle språka til medlemsstatane i EU. Som vedlegg følgjer avtalen på norsk og engelsk.