2 Generelle merknader
Avtalen mellom Noreg og Den europeiske union om administrativt samarbeid på meirverdiavgiftsområdet, er i stor grad basert på Rådet si forordning (EU) 904/2010 slik den var utforma då avtalen vart inngått i 2018. Forordninga er seinare endra ved Rådet si forordning (EU) 2018/1541. Endringane inneber at samarbeidet i EU inkluderer fleire verktøy enn dei som er omfatta av avtalen. Særleg frå norsk side har ein sett behov for å reforhandle avtalen, for å få nokre av dei nye samarbeidsverktøya inn i avtalen.
I juni 2022 vedtok Rådet for Den europeiske union å gje Kommisjonen mandat til å reforhandle avtalen med Noreg frå 2018. Etter fleire forhandlingsmøte vart utkastet til avtale parafert i desember 2023 med sikte på vidare godkjenning.
Dei materielle endringane står i endringsavtalen artikkel 1. Dei viktigaste endringane inneber at kontaktpersonar i dei ulike gruppene i Eurofisc-nettverket får moglegheit til å delta i koordinerte administrative undersøkingar, saman med kontaktpersonar frå dei andre EU-statane. Slike undersøkingar vert gjort på bakgrunn av risikoanalysar og deling av målretta opplysningar innanfor den enkelte Eurofisc-gruppa. Ved undersøking av ei verksemd i ein stat vert det vidare opna for at tenestepersonar frå bistandssøkande styresmakter i ein annan stat kan delta i undersøkingane saman med dei andre deltakande skattestyresmaktene. Det skjer i eit nærare samarbeide enn i dag og innanfor nærare fastsette rammer. Norske skattestyresmakter vil få delta i undersøkingane på same vilkår som gjeld for skattestyresmakter frå EU-statane, med tilgang til lokale, dokument og dialog med den næringsdrivande.
I avtalen frå 2018 er det synt til det tidlegare personvernregelverket i EU, Europaparlamentet og Rådet sitt direktiv 95/46/EF. I endringsavtalen vert difor òg tilvisingar til regelverket om personvern oppdatert med nye tilvisingar til EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5e, som viser til Europaparlamentet og Rådet si forordning (EU) 2016/679 (personvernforordninga). All lagring, handsaming eller utveksling av personopplysingar er omfatta av nasjonal lovgjeving vedteken i samsvar med EØS-avtalens vedlegg XI nr. 5e, samt dei krava til behandlingar av personopplysningar som kjem fram av avtalen. For Noregs del set personopplysningslova rammene for handsaming av personopplysingar.
Endringsavtalen vil legge til rette for eit meir effektivt samarbeid i nedkjempinga av grensekryssande svik og meirverdiavgiftsunndragingar generelt. Samla sett er det lagt til grunn at endringsavtalen i større grad vil sikre statens meirverdiavgiftsinntekter, men ikkje påføre Skatteetaten auka administrative kostnadar.
Endringsavtalen gjeld frå fyrste dag i den andre månaden etter den dagen då partane har underretta kvarandre om at dei interne rettslege prosedyrane som er naudsynt for dette føremålet, er fullførte.
Endringsavtalen medfører ikkje behov for lov- eller forskriftsendringar.