5 Tvisteløysing i motsegnssaker etter plan- og bygningslova
5.1 Innleiing
Det er eit særskilt spørsmål om motsegner etter plan- og bygningslova skal omfattast av tvisteløysingsordninga. Motsegner skil seg ut frå andre typar vedtak som blir omfatta, og krev difor ein særleg omtale.
Motsegner etter plan- og bygningslova kan fremjast til arealdelen i kommuneplanen, kommunedelplan og reguleringsplan. I planane skal ulike interesser avvegast og samordnast, interesser som ofte kan vere motstridande. Kommunen skal ta vare på både kommunale, regionale og nasjonale interesser. I planarbeidet skal kommunen difor samarbeide med andre myndigheiter, som om nødvendig kan fremje motsegn til planforslag. Det er kommunen som har primæransvaret for at nasjonale og regionale interesser og andre viktige interesser blir tekne vare på i den kommunale arealplanlegginga. Motsegn er eit verkemiddel for å sikre at desse interessene blir tekne tilstrekkeleg omsyn til.
Motsegn kan til dømes fremjast av vegmyndigheitene fordi ein vegtunnel som kommunen vil vedta, blir for dyr. Eller det kan gjelde ei utbygging der fylkesmannen har motsegn på grunn av jordvernomsyn eller omsynet til verdifull natur. Motsegn frå fylkeskommunen kan til dømes vere aktuelt for å sikre eit automatisk freda kulturminne.
Dei fleste motsegnssaker blir løyste tidleg i planprosessen. Kvart år vedtek kommunane i overkant av 2000 arealplanar, og det er berre cirka 20–30 saker som blir handsama i departementet.
Det er ei aukande merksemd på motsegner og effektivisering gjennom ei rekkje tiltak. Departementet har arbeidd gjennom eit spesielt motsegnsprosjekt med sikte på forbetringar i planprosessen og for å avgrense talet på motsegner. Det blei i februar i 2014 sendt brev frå kommunal- og moderniseringsministeren om at det skal leggjast større vekt på lokaldemokratiet. Samtidig blei det sendt ut ein oppdatert versjon av eit rundskriv med retningslinjer for motsegner, rundskriv H-2/14. I tolv fylke pågår det forsøk med å styrkje samordningsrolla til fylkesmannen i planlegginga, der fylkesmannen om nødvendig kan avskjere motsegner frå statlege myndigheiter.
5.2 Gjeldande rett
Reglane om motsegner til kommunale arealplanar går fram av plan- og bygningslova §§ 5-4, 5-5 og 5-6, jf. også § 11-16 for kommuneplanar og kommunedelplanar og § 12-13 for reguleringsplanar.
Det er kommunen som vedtek planane, men ei rekkje organ har rett til å fremje motsegn etter plan- og bygningslova § 5-4. Av paragrafen går det fram kven som kan fremje motsegn, og vilkåra for det. Statlege og regionale organ kan fremje motsegn i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, eller som av andre grunnar er av vesentleg betydning for vedkomande organ sitt saksområde. Andre kommunar kan fremje motsegn i spørsmål som er av vesentleg betydning for kommunen sine innbyggjarar, for næringslivet eller natur- og kulturmiljøet i kommunen eller for kommunen si eiga verksemd eller planlegging. Sametinget kan fremje motsegn i spørsmål som er av vesentleg betydning for samisk kultur eller næringsutøving. Elles går det fram av § 5-4 fjerde ledd at det alltid vil kunne fremjast motsegn til planframlegg som er i strid med føresegner i lova, forskrift, statleg planretningslinje, statleg eller regional planføresegn, eller overordna plan.
I tillegg til dei nemnde vilkåra for motsegn som går fram av § 5-4, gjeld det visse, meir formelle, avgrensingar for motsegner. Etter § 5-4 siste ledd skal ei motsegn fremjast innan den fristen som er fastsett for høyringa av planframlegget. Etter § 5-5 kan det ikkje fremjast ny motsegn mot forhold som det tidlegare har vore eller kunne vore fremja motsegn mot i løpet av dei siste ti åra. Vidare fell retten til å fremje motsegn bort dersom kravet til deltaking i planprosessen etter § 3-2 tredje ledd ikkje er oppfylt.
Dersom kommunen ikkje tek omsyn til motsegna, skal det etter § 5-6 ordinært meklast mellom partane. Det er fylkesmannen som er ansvarleg for meklinga. Dersom partane ikkje blir einige, blir saka send til departementet for endeleg avgjerd. Ei motsegn inneber dermed at myndigheita til å gjere vedtak i plansaka blir flytta frå kommunen til departementet. Vedtaket om å fremje motsegn avgjer ikkje realiteten i saka, men er ei prosessleiande avgjerd undervegs i planprosessen.
Kommunane har etter gjeldande reglar ikkje søksmålskompetanse i motsegnssaker. Det gjeld både for motsegner som er fremja av motsegnsmyndigheita, og for departementet sine avgjerder i motsegnssaker.
Motsegner skal grunngjevast. Kravet om grunngjeving går uttrykkjeleg fram av § 5-4 siste ledd siste punktum. Kravet til innhaldet i grunngjevinga er ikkje nærare utdjupa i lova.
5.3 Høyringsnotatet
5.3.1 Framlegg om at motsegner skal kunne prøvast av ein tvisteløysingsmekanisme
Departementet føreslo i høyringsnotatet at kommunane skal få søksmålskompetanse overfor staten, og at også motsegner etter plan- og bygningslova skal kunne omfattast av ordninga. Sjølv om motsegner berre er prosessleiande avgjerder og ikkje avgjer plansaka, ønskjer departementet å gje kommunane rett til å få ei uavhengig prøving også av motsegner.
Det blei føreslått at ikkje berre motsegner frå statlege fagmyndigheiter, men også motsegner fremja av fylkeskommunar, andre kommunar og Sametinget skal kunne prøvast rettsleg.
Det blei også føreslått at ei avgjerd i departementet om at ei motsegn skal takast til følgje, skal kunne prøvast rettsleg etter søksmål frå kommunen.
Høyringsinstansane blei vidare bedt om gje sitt syn på om ein nabokommune som ei motsegn har betydning for, skal kunne få rett til å få prøvd motsegna rettsleg, i tillegg til den kommunen som har fremja planen.
Det blei også vurdert om det burde vere ei grense for når i motsegnsprosessen ei motsegn skal kunne takast til retten, men dette blei ikkje føreslått.
5.3.2 Kva delar av ei motsegn som skal kunne prøvast
I høyringsnotatet blei det føreslått to alternativ for kva delar av ei motsegn som skal kunne prøvast – eitt alternativ med avgrensa prøving og eitt alternativ med full prøving.
I alternativ A med avgrensa prøving blei det føreslått at desse vilkåra i § 5-4 skal kunne prøvast rettsleg:
om organet som fremjar motsegn, er eit berørt statleg eller regionalt organ
om motsegna gjeld arealdelen i kommuneplanen, kommunedelplan eller reguleringsplan
om motsegna er grunngjeven i tråd med krava til grunngjeving
om motsegna har kome for seint i forhold til høyringsfristen.
Vidare blei det føreslått at desse elementa i § 5-5 skal kunne prøvast rettsleg:
om motsegna gjeld forhold som det tidlegare har vore fremja motsegn mot
om motsegna gjeld forhold som det kunne ha vore fremja motsegn mot tidlegare
om retten til å fremje motsegn har falle bort på grunn av manglande deltaking.
Etter alternativet med avgrensa prøving skulle desse elementa ikkje kunne prøvast:
om motsegna er grunngjeven med nasjonal eller vesentleg regional betydning
om motsegna er grunngjeven i andre forhold som er av vesentleg betydning for vedkomande organ sitt saksområde
om motsegna fyller vilkåra om at planframlegget er i strid med føresegner i lova, forskrift, statleg planretningslinje, statleg eller regional planføresegn, eller overordna plan.
Etter alternativ B skulle det vere full prøving.
5.3.3 Domstolane eller ei avtalebasert nemnd som tvisteløysingsmekanisme
Departementet bad høyringsinstansane om tilbakemelding på kva alternativ som synest best – domstolane eller ei avtalebasert nemnd. Det blei vist til at domstolen skal bli tvisteløysingsmekanisme i andre typar rettslege tvistar mellom stat og kommune, og at mange av dei same omsyna vil gjere seg gjeldande også for motsegner. Det blei vist til at det alternativt kan opprettast ei nemnd som tvisteløysingsmekanisme i motsegnssaker, forankra i ein avtale mellom staten og kommunesektoren. Det gjer det mogleg å skreddarsy eit tvisteløysingsorgan, noko som mest sannsynleg vil gje kortare sakshandsamingstid og lågare kostnader samanlikna med saker som blir førte for domstolane.
5.3.4 Lovfesting av ei skjerpa grunngjevingsplikt
I høyringsnotatet blei det føreslått ei endring i plan- og bygningslova § 5-4 femte ledd med ei utdjuping av plikta til grunngjeving, slik at det blir stilt krav om at motsegna er forankra i vedtekne nasjonale eller regionale mål, rammer og retningslinjer. Ved ei rettsleg prøving vil ei motsegn kunne bli ugyldig på grunn av manglande forankring.
I høyringsnotatet er det peikt på at vilkåra for andre kommunar og Sametinget for å fremje motsegn er annleis utforma enn det som gjeld for statlege og regionale organ. Det blei difor ikkje føreslått ei slik forankringsplikt for denne typen motsegner, men høyringsinstansane blei bedt om å gje sitt syn på denne problemstillinga.
5.4 Høyringa
5.4.1 Framlegg om at motsegner skal kunne prøvast av ein tvisteløysingsmekanisme
Fleirtalet støttar framlegget om at motsegner skal omfattast av tvisteløysingsordninga. Nokre meiner det eventuelt berre er avgjerda til departementet som skal kunne prøvast.
Alle kommunane som uttaler seg, støttar framlegget, med unntak av Oslo kommune. Mange viser til fråsegna frå KS.
KS uttaler:
KS er positiv til at departementet foreslår at departementets endelige vedtak av om en innsigelse til kommunens planforslag skal tas til følge etter plan- og bygningsloven § 5-6 skal kunne prøves av domstolene, og til at domstolene da også skal kunne prøve om vilkårene for innsigelse i § 5-4 er oppfylt, jf. nedenfor.
KS mener at det er prinsipielt viktig at kommuner også gis adgang til rettslig prøving av om vilkårene for å fremme innsigelser er oppfylt.
Av fylkeskommunane som uttaler seg, er det eit fleirtal som støttar framlegget om tvisteløysing for motsegner.
Alle fylkesmennene som har uttalt seg, går imot framlegget. Nokre av dei meiner at det eventuelt berre er vedtak gjorde av departementet som skal kunne prøvast.
Justis- og beredskapsdepartementet reiser nokre problemstillingar, mellom anna om ordninga må nyttast før mekling, og om ei vidare handsaming av motsegna må utsetjast.
Fleire direktorat og andre etatar uttaler seg imot framlegget. Somme organisasjonar er også skeptiske. Til dømes uttaler NHO at motsegner ikkje er eigna for domstolsprøving, dei peiker også på omsynet til effektivitet. Sametinget er positiv, men reiser spørsmålet om det er Sametinget som er part i saka ved ei rettsleg prøving av motsegna, eller om det er staten representert ved Regjeringsadvokaten.
Dei som støttar framlegget om tvisteløysing for motsegner, meiner det vil sikre kommunane ein uavhengig kontroll av motsegnene og ta vare på omsynet til lokalt sjølvstyre. Dei meiner domstolane vil kunne avklare det som eventuelt er rettsleg uklart, og at det vil verke skjerpande for bruk av motsegner. Dei som går imot framlegget, peiker på omsynet til effektivitet og at motsegner berre er prosessleiande avgjerder. Dei meiner ordninga kan bidra til å svekkje samarbeidet i planlegginga.
Nesten alle høyringsinstansane som har merknader til spørsmålet om nabokommunar skal kunne reise søksmål, går imot.
5.4.2 Kva delar av ei motsegn som skal kunne prøvast
Når det gjeld spørsmålet om avgrensa eller full prøving, støttar eit stort fleirtal av høyringsinstansane full prøving. Eit fleirtal av departement, fylkesmenn og andre statlege instansar meiner prøvinga bør avgrensast, medan dei fleste kommunar meiner det bør vere full prøving. KS uttaler at det er prinsipielt viktig at kommunar også får moglegheit til rettsleg prøving av om vilkåra for å fremje motsegn er oppfylte, og støttar alternativ B. Dei meiner dei nemnde vilkåra i si kjerne er rettslege omgrep, sjølv om det er eit stort innslag både av fagleg og politisk skjøn ved vurderinga av vilkåra. Fylkesmannen i Østfold uttaler at dersom ordninga skal innførast, bør den minst omfattande rettslege prøvinga veljast. Motsegner blir fremja etter faglege vurderingar, og domstolane er lite eigna til å gå djupt inn i desse vurderingane.
5.4.3 Domstolane eller ei avtalebasert nemnd som tvisteløysingsmekanisme
Til spørsmålet om det er domstolane eller ei eiga nemnd som er best eigna til å løyse tvistar i motsegnssaker, uttaler dei aller fleste at alternativet med domstolane er best.
5.4.4 Lovfesting av ei skjerpa grunngjevingsplikt
Framlegget om ei skjerpa grunngjevingsplikt for motsegner får også svært stor støtte. Sametinget peiker på fråsegna frå departementet om at kravet om forankring for motsegner frå Sametinget ikkje er spegla i lovteksten, og meiner det er behov for nærare presiseringar.
5.5 Framlegget frå departementet
5.5.1 Framlegg om at motsegner og departementet si avgjerd skal kunne prøvast av ein tvisteløysingsmekanisme
Etter høyringa meiner departementet at det er grunnlag for å føre vidare framlegget om at motsegner skal omfattast av den nye tvisteløysingsordninga. Det blir difor føreslått ein ny § 5-7 i plan- og bygningslova om dette. Framlegget opnar for at kommunar kan reise søksmål om gyldigheita av motsegna eller departementet si avgjerd i motsegnssaker utan at vilkåra etter tvistelova § 1-3 er oppfylte.
Spørsmålet om motsegner skal omfattast av tvisteløysingsordninga, må sjåast på bakgrunn av korleis planlegginga og bruken av motsegner fungerer i praksis. Departementet viser her til at dei aller fleste motsegnssaker blir løyste ved at det blir oppnådd einigheit undervegs i planprosessen. Ueinigheita gjeld vanlegvis sjølve arealbruken og ikkje om motsegna er gyldig eller ikkje. Dersom ei motsegn skulle vere ugyldig, vil motsegna normalt bli trekt i ein tidleg fase. Departementet går difor ut frå at det sjeldan vil vere aktuelt for kommunen å nytte det spesielle verkemiddelet som søksmål er. Det er likevel behov for at kommunen skal kunne reise søksmål for å få prøvd lovlegheita av ei motsegn. Det gjer at kommunen kan få ei uavhengig prøving også av denne typen tvistar, og det vil bidra til å styrkje det lokale sjølvstyret.
Motsegner fører til at myndigheita til å vedta planen blir flytta frå kommunalt til statleg nivå, og avgjer ikkje sjølve plansaka. Dette er difor ei særskild form for avgjerd – det er ikkje ei realitetsavgjerd, men berre ei prosessleiande avgjerd. Likevel ønskjer departementet å gje kommunane rett til å få ei uavhengig prøving også av motsegner undervegs i planprosessen. Dei omsyna som ligg til grunn for det generelle framlegget om at kommunane skal få alminneleg søksmålskompetanse, gjeld i det vesentlege også for motsegner. Kommunane har ei rimeleg interesse av å få gyldigheita av motsegner prøvd rettsleg. Det vil kunne avklare om noko er rettsleg uklart ved motsegna, og det kan verke skjerpande for både stat og kommunar at kommunane får denne retten.
Framlegget omfattar berre motsegner etter plan- og bygningslova, ikkje motsegner etter anna lovgjeving. Det er særleg ved motsegner etter plan- og bygningslova det synest å vere behov for ein tvisteløysingsmekanisme.
Departementet meiner at ordninga bør gjelde for alle motsegner, ikkje berre statlege motsegner. Det betyr at også motsegner fremja av fylkeskommunen, av andre kommunar og av Sametinget skal kunne prøvast rettsleg. Også i desse tilfella vil ein kommune kunne ha ei interesse av å få prøvd om motsegna er gyldig. Det vil dessutan vere ryddig at alle motsegner er omfatta.
I høyringsnotatet blei det ikkje føreslått at det skal regulerast når i motsegnsprosessen ei motsegn skal kunne bringast inn for retten fordi ei slik regulering ikkje blei vurdert som føremålstenleg. Det blei lagt til grunn at kommunen sjølv kan vurdere å avvente mekling før det eventuelt blir reist sak. Departementet har etter høyringa vurdert dette spørsmålet nærare, mellom anna på bakgrunn av merknader frå Justis- og beredskapsdepartementet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har kome til at det bør setjast ei nærare grense, slik at motsegner må bringast inn for retten før det blir mekla, og føreslår difor ein føresegn om at søksmål ikkje kan reisast etter at det er mekla etter § 5-6.
I tillegg føreslår departementet at det blir teke inn ei føresegn om at vidare handsaming av motsegna blir utsett medan søksmålet er til handsaming i domstolane. Dette er nødvendig for å få til ein ryddig prosess. Dersom kommunen vel å få motsegna rettsleg prøvd undervegs i planprosessen, vil det vere lite ryddig å handsame motsegnssaka vidare slik at det blir parallell handsaming av domstolen og forvaltninga.
Det er den kommunen planen gjeld, som får rett til å bringe motsegna inn for domstolane. Det blei i høyringa stilt spørsmål om også ein nabokommune skal få rett til å prøve motsegna rettsleg, men dette fekk lita støtte i høyringa. Departementet føreslår difor at berre den kommunen planen gjeld, kan reise søksmål. Det er denne kommunen som er direkte berørt, og som har rettsleg interesse av eit søksmål.
Departementet føreslår at også den avgjerda som departementet kjem til i motsegnssaker, skal kunne prøvast rettsleg etter søksmål frå kommunen. Det vil berre vere aktuelt dersom departementet tek motsegna til følgje, heilt eller delvis. Avgjerdene til departementet i motsegnssaker, er endelege avgjerder på same måte som ei rekkje andre avgjerder staten gjer. Dette er avgjerder som det no blir føreslått at kommunane skal kunne bringe inn for domstolane. Det er difor rimeleg at kommunen kan få vurdert gyldigheita av avgjerda til departementet i motsegnssaker der kommunen ikkje får medhald.
Det blir føreslått ein frist på seks månader for å reise søksmål i motsegnssaker. Søksmålet må reisast innan seks månader etter at motsegna blei fremja eller avgjerda til departementet blei teken. Denne fristen er den same som den generelle fristen som blir føreslått i ny § 1-4 a i tvistelova.
5.5.2 Framlegg om at alle delar av ei motsegn og departementet si avgjerd skal kunne prøvast
Departementet har vurdert kva for delar av ei motsegn som er eigna for å kunne prøvast rettsleg, og la i høyringsnotatet fram to alternativ for overprøving. Det eine alternativet er at det blir innført ei avgrensa prøving av motsegner. Det andre alternativet er at alle delar av ei motsegn skal kunne prøvast.
Departementet fremjar framlegg om at alle delar av ei motsegn skal kunne prøvast. Dette alternativet fekk brei støtte i høyringa. Domstolane vil kunne prøve gyldigheita av ei motsegn. I det ligg det at domstolane kan prøve om vilkåra for å fremje den aktuelle motsegna er oppfylte. I prøvinga av gyldigheita ligg det, som etter tradisjonelle gyldigheitssøksmål, at domstolen berre kan prøve om vedtaket er lovleg, ikkje det frie skjønet til forvaltninga. Prøvinga gjeld såleis berre rettsbruken – domstolane kan ikkje overprøve det frie skjønet.
Domstolane kan prøve om dei formelle vilkåra for å fremje motsegn etter plan- og bygningslova § 5-4 femte ledd og § 5-5 er oppfylte.
Dei materielle vilkåra for å fremje motsegn går fram av plan- og bygningslova § 5-4. Det går fram av første ledd at eit berørt statleg og regionalt organ kan fremje motsegn i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, eller som av andre grunnar er av vesentleg stor betydning for saksområdet til vedkomande organ. Av andre ledd går det fram at andre kommunar kan fremje motsegn i spørsmål som er av vesentleg betydning for innbyggjarane i kommunen, for næringslivet eller natur- og kulturmiljøet i kommunen eller for kommunen si eiga verksemd eller planlegging. Av tredje ledd går det fram at Sametinget kan fremje motsegn i spørsmål som er av vesentleg betydning for samisk kultur eller næringsutøving. Av fjerde ledd går det fram at det i alle høve kan fremjast motsegn dersom planforslaget er i strid med lova, forskrift, statleg planretningslinje, statleg eller regional planføresegn eller overordna plan.
Vilkåra i § 5-4 gir ei svært vid ramme for når det kan fremjast motsegn. Departementet meiner vurderinga av om vilkåra etter første, andre, tredje og fjerde ledd er oppfylte, er å sjå på som fritt skjøn. Grunnen til det er at vurderinga av vilkåra krev eit skjøn som i hovudsak byggjer på planfaglege og planpolitiske vurderingar.
Departementet viser her til det som går fram av Ot.prp. nr. 32 (2007–2008) om plandelen av plan- og bygningslova på s. 191, der det står: «Det er vedkommende myndighet selv som skjønnsmessig avgjør om et spørsmål er av nasjonal eller vesentlig regional betydning.»
Departementet fremjar også framlegg om at kommunar skal kunne gå til søksmål om gyldigheita av departementet si avgjerd etter § 5-6. Avgjerda i departementet om motsegna skal takast til følgje og planen endrast byggjer på plan- faglege og politiske avvegingar og er fritt skjøn.
Domstolane kan ikkje overprøve vurderingar som ligg innanfor rammene for det frie skjønet i forvaltninga, utover å kontrollere om skjønsutøvinga er i strid med læra om misbruk av myndigheit. I tillegg kan sakshandsaminga, faktum og rettsbruken prøvast fullt ut.
5.5.3 Framlegg om domstolane som tvisteløysingsmekanisme
Det er lagt opp til at domstolen skal bli tvisteløysingsmekanisme i andre typar rettslege tvistar mellom stat og kommune, og mange av dei same omsyna vil gjere seg gjeldande også for motsegner. Domstolen er ein allereie etablert, fagleg kompetent og uavhengig tvisteløysingsmekanisme. Domstolen har erfaring frå dette rettsområdet, sidan søksmål frå private i plansaker blir handsama av dei alminnelege domstolane, og løysinga vil kunne tre i kraft raskt, sidan det ikkje vil vere behov for å etablere eit nytt organ med eigne reglar. Det vil også vere eit mål å unngå at grunnlause saker blir bringa inn for tvisteløysing. Domstolen er ikkje ein garantist mot dette, men departementet går ut frå at mellom anna prosesskostnadene og prosessrisikoen vil bidra til at ein unngår grunnlause søksmål.
På den andre sida vil det i nokre motsegnssaker kunne vere behov for raske avklaringar. Slike saker vil likevel måtte handsamast på vanleg måte av domstolane. Det vil ikkje vere aktuelt å gje særskilde reglar for at desse sakene skal få ei kortare sakshandsamingstid.
Alternativet med ei eiga avtalebasert nemnd ville gjeve eit meir spesialisert organ og truleg kortare sakshandsamingstid. Departementet vel likevel ikkje dette alternativet, også fordi det inneber eit nytt organ som måtte organiserast frå grunnen av, og som ville krevje særlege ressursar.
Departementet viser elles til at framlegget om domstolen som tvisteløysingsorgan fekk sterk støtte i høyringa. På denne bakgrunnen føreslår departementet at domstolane blir tvisteløysingsorgan.
5.5.4 Framlegg om å lovfeste ei skjerpa grunngjevingsplikt
Departementet opprettheld framlegget om å lovfeste ei skjerpa grunngjevingsplikt for motsegner, og presiserer i ordlyden at dette berre vil gjelde for motsegner frå statlege og regionale organ.
Departementet føreslår å endre plan- og bygningslova § 5-4 siste ledd slik at det blir stilt krav om at motsegner frå statlege og regionale organ skal vere grunngjevne i vedtekne nasjonale eller regionale mål, rammer og retningslinjer. Det betyr at det i grunngjevinga for slike motsegner må visast til dokument med slike føringar. Dette er ei lovfesting av det som går fram av rundskriv H-2/14 om retningslinjer for motsegner, der det mellom anna står:
En innsigelse skal være forankret i og begrunnet ut fra vedtatte nasjonale eller regionale mål, rammer og retningslinjer. Dersom det ikke kan dokumenteres at det foreligger slike føringer, vil det ikke være grunnlag for innsigelse. Det kan for eksempel være gitt viktige føringer i lover, stortingsmeldinger, statlige planbestemmelser, statlige planretningslinjer, regionale planer og rundskriv. Innsigelsesmyndigheten må vise tydelig til hvilken nasjonal eller regional interesse innsigelsen er begrunnet i.
Dersom ei motsegn er grunngjeven i tråd med det som no blir føreslått, vil ein domstol kunne vurdere om motsegna er grunngjeven slik, eller om motsegna er ugyldig på grunn av mangelfull grunngjeving.
I tillegg meiner departementet at ei utdjuping av grunngjevingsplikta i lova har verdi i seg sjølv. Det vil kunne bidra til større medvit om bruken av motsegner og i større grad sikre at motsegnene som blir fremja, har god fagleg og rettsleg forankring og at saka er godt nok opplyst.
Andre kommunar kan fremje motsegn til planar i spørsmål som er av vesentleg betydning for innbyggjarane i kommunen, for næringslivet eller natur- eller kulturmiljøet i kommunen eller for kommunen si eiga verksemd eller planlegging, jf. § 5-4 andre ledd. Vilkåra for å fremje motsegn er altså annleis utforma i andre ledd enn det som gjeld for statlege og regionale organ etter første ledd. Departementet går ut frå at ei plikt for andre kommunar til å vise til vedtekne dokument og liknande ikkje vil vere særleg treffande, og dette blir difor ikkje føreslått.
Sametinget kan fremje motsegner til planar i spørsmål som er av vesentleg betydning for samisk kultur eller næringsutøving, jf. § 5-4 tredje ledd. Kva som er av vesentleg betydning for samisk kultur og næringsutøving, vil i stor grad vere opp til Sametinget sjølv å vurdere, jf. Ot.prp. nr. 32 (2007–2008) om plandelen av plan- og bygningslova s. 192. Det bør difor ikkje vere eit krav at motsegner frå Sametinget skal vere grunngjevne i dokument om nasjonale eller regionale mål, rammer og retningslinjer.