Prop. 64 L (2016–2017)

Endringar i forvaltningslova, tvistelova m.m. (overprøvingskompetanse m.m.)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Klage

Ei avgrensing av overprøvingskompetansen til statsforvaltninga i kombinasjon med ei særskild grunngjevingsplikt vil ikkje ha vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar. Framlegga vil føre til ei noko anna tilnærming hos statlege klageinstansar i handsaminga av spørsmål der kommunane har fritt skjøn. Handsaminga av klagesaker vil likevel ikkje bli meir ressurskrevjande, sjølv med ei særskild grunngjevingsplikt.

Søksmålsrett

Konsekvensar for domstolane

Det må kunne leggjast til grunn at sakstilfanget ved domstolane vil auke noko som følgje av at det blir innført ein slik søksmålsrett. Det tilseier auka kostnader i samband med avviklinga av einskildsaker, sidan det truleg vil bli fleire saker å handsame. Sjølv om det skal betalast rettsgebyr for søksmål etter rettsgebyrlova, legg departementet til grunn at det ikkje er tilstrekkeleg til å gjere verksemda ved domstolane sjølvfinansierande. Det er likevel vanskeleg å anslå kor mange saker eller kor store kostnader det kan bli snakk om. Erfaringa i dei nordiske landa er at kommunane reiser svært få saker mot staten for domstolane/forvaltningsdomstolane. Departementet legg difor til grunn at dei einskildsakene som blir reiste, vil kunne handterast innanfor gjeldande rammer.

Konsekvensar for kommunane

Når det gjeld kommunar som eventuelt reiser sak, vil dei sjølve måtte dekkje kostnadene ved det. Framlegget vil ikkje føre til behov for auka overføringar til kommunane.

Konsekvensar for statlege etatar

Det er liten grunn til å tru at framlegget om utvida søksmålsrett for kommunane på generelt grunnlag vil føre til ein vesentleg auka ressursbruk for statlege etatar. Framlegget har også avgrensa administrative konsekvensar. Dei økonomiske og administrative konsekvensane for statlege etatar av ein utvida søksmålskompetanse for kommunane vil difor bli handterte innanfor gjeldande rammer.

Til forsida