2 Generelt om høyringa
2.1 Høyringa
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sende 15. februar 2016, i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet, ut eit høyringsnotat med framlegg om ei ny føresegn i kommunelova § 10 b om råd i kommunar og fylkeskommunar for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom.
Det kom inn 235 høyringssvar. Fleire kommunar sende inn svar frå fleire av råda, utan at høyringsnotatet formelt var handsama i kommunestyret. Tolv av høyringsinstansane hadde ingen merknader. Framlegga frå departementet får i hovudsak støtte hos høyringsinstansane.
179 av høyringsinstansane er positive til ei ny felles føresegn i kommunelova og forskrifter for kvar enkelt ordning. Fleire gir uttrykk for at det er ein fordel å ha regelverket for desse råda i éi lov – kommunelova med tilhøyrande forskrifter – og at det gjer det lettare for kommunar og fylkeskommunar at regelverket er administrert av eitt departement (KMD). 28 av høyringsinstansane er imot lovframlegget. Dei ønskjer å behalde særlovene for eldre og personar med nedsett funksjonsevne, og meiner at å oppheve dei vil innebere at rettane deira blir svekte. 47 av høyringsinstansane er negative til at det er opna for at ein framleis skal kunne ha felles råd for eldre og personar med funksjonsnedsetjing, medan tre av høyringsinstansane godtek ei slik løysing dersom begge råda er einige.
98 av høyringsinstansane meiner at ordningane med ungdomsmedverknad skal vere lovpålagde. Mange av dei viser til høyringa av spørsmålet om lovfesting av ungdomsmedverknad i august 2013 og gjev uttrykk for at regjeringa burde følgt opp det klare fleirtalet som ønskte den same lovpålagde ordninga som for eldre og personar med nedsett funksjonsevne.
For departementet var det viktig å gjere klart i høyringsnotatet at dagens to lovpålagde ordningar med eldreråd og råd for personar med nedsett funksjonsevne i all hovudsak skulle førast vidare, og at ingen av desse gruppene skulle kome dårlegare ut. Departementet beskreiv difor kva reglar som skal inngå i forskriftene for kvar einskild medverknadsordning. Det gjaldt val og samansetjing av råda, føremål og organisering og når råda skal ha rett til å uttale seg. Svært mange av høyringsinstansane har kome med merknader, innvendingar og diverse framlegg til kva som skal stå i forskriftene for medverknadsordningane. Desse innspela vil departementet vurdere i arbeidet med forskriftene når vi har fått på plass ein heimel for råd i kommunar og fylkeskommunar.
Departementet gjer greie for fråsegner som er relevante under dei einskilde framlegga om eldreråd i kapittel 5, råd for menneske med funksjonsnedsetjing i kapittel 6 og ungdomsmedverknad i kapittel 7.
2.2 Overordna innspel i høyringa
Fleire høyringsinstansar, mellom dei KS, meiner at framlegget om å samle medverknadsordningane i kommunelova ikkje bør handsamast separat, men vurderast saman med forslaget til ny kommunelov. Det er også nokre høyringsinstansar som argumenterer for at ein bør vente med lovframlegget til vi ser resultatet av kommunereforma.
Ifølgje mandatet til kommunelovutvalet pkt. 4.5 skulle ikkje utvalet vurdere medverknadsorgan. Bakgrunnen var at KMD, saman med ASD og BLD, allereie var i gang med lovprosjektet «Særlige medvirkningsordninger i kommuner og fylkeskommuner». For regjeringa har det vore eit mål å få på plass eit regelverk om råd i kommunar og fylkeskommunar for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom til kommune- og fylkestingsvalet i 2019.
Når det gjeld arbeidet med kommunereforma, kan ikkje departementet sjå at moglege samanslåingar av kommunar skal ha noko å seie for utforminga av regelverket om råd i kommunar og fylkeskommunar.
KS føreslår i høyringsfråsegna at departementet bør vurdere om det skal vere ei generalføresegn om medverknad i staden for obligatoriske ordningar for særskilde grupper. Slik departementet ser det, er det ikkje behov for ei generell føresegn om medverknad i kommunelova. I framlegget til føremålsføresegn i ny kommunelov (NOU 2016: 4) står det at «loven skal legge til rette for et sterkt og representativt lokaldemokrati med aktiv innbyggerdeltakelse».
Det er også fleire høyringsinstansar som tek til orde for at innvandrarar/fleirkulturelle bør vere representerte i eit eige råd på linje med eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom.
Sarpsborg kommune skriv:
Innvandrerbefolkningen bør også omfattes av den nye bestemmelsen i kommunelova § 10 b. I likhet med ungdomsråd er det ikke naturlig at det skal være lovpålagt – noen kommuner har svært liten innvandrerbefolkning – men om man har etablert et flerkulturelt råd så bør det gjøres etter nedfelte bestemmelser i kommunelova, og med forskrift lik de andre rådene.
Ungdommens Fylkesting i Buskerud meiner at «partipolitisk nøytrale organ for etniske minoriteter» bør inkluderast i lovgjevinga.
Spørsmålet om også andre befolkningsgrupper skal likestillast med dei tre gruppene som departementet har peikt ut, har ikkje vore ein del av lovprosjektet om råd i kommunar og fylkeskommunar med påfølgjande høyring. For departementet er det på dette tidspunktet ikkje aktuelt å utforme føresegner for kommunane om fleire råd. Om ein kommune skal ha ei medverknadsordning for innvandrarar/fleirkulturelle, må vurderast ut frå lokale forhold og behov.
2.3 Høyringsinstansane
Høyringsnotatet blei sendt ut til desse instansane:
Barneombodet
Brønnøysundregistra
Datatilsynet
Departementa
Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Finanstilsynet
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Foreldreutvalet for grunnopplæringa
Fylkesmennene
Helsedirektoratet
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)
Konkurransetilsynet
Likestillings- og diskrimineringsnemnda
Likestillings- og diskrimineringsombodet
Medietilsynet
Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)
Noregs Bank
Noregs forskingsråd
Norsk ressursbank for demokrati og menneskerettar (NORDEM)
Riksarkivet
Skattedirektoratet
Statens helsetilsyn
Statens kartverk
Statens råd for likestilling av funksjonshemma
Statens seniorråd
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Sysselmannen på Svalbard
Tillitsmannsordninga i Forsvaret (TMO)
Utdanningsdirektoratet
Utlendingsdirektoratet
Valdirektoratet
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)
Universitetet i Agder
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Tromsø
Ombodsmannen for Forsvaret
Riksrevisjonen
Sametinget
Sametingets ungdomspolitiske utval (SUPU)
Sivilombodsmannen
Fylkeskommunane
Kommunane
Longyearbyen lokalstyre
Den norske kyrkja
Likestillingssenteret
Norsk rikskringkasting (NRK)
Posten AS
Aftenposten
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Dagbladet
Dagens Næringsliv
Delta
Den Norske Advokatforening
Den Norske Dommerforening
Den norske Helsingforskomité
Den norske Revisorforening
Elevorganisasjonen
EVRY
Fagforbundet
Faglig Forum for Formannskapssekretærer
Fellesforbundet
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Forbund for kommunal økonomiforvaltning og skatteinnfordring
Forum for Kontroll og Tilsyn (FKT)
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon
Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO)
Institutt for samfunnsforskning (ISF)
KS – Kommunesektorens organisasjon
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU)
Mediebedriftenes Landsforening
MiRA-Senteret
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Norges Blindeforbund
Norges Handikapforbund
Norges Juristforbund
Norges Kommunerevisorforbund
Norsk design- og arkitektursenter
Norsk forbund for utviklingshemmede
Norsk Forening for Bolig- og Byplanlegging
By- og regionforskningsinstituttet NIBR
Norsk Journalistlag
Norsk Pasientforening
Norsk Presseforbund
Norsk Redaktørforening
Norsk Rådmannsforum
Norsk Studentorganisasjon
Norsk Sykepleierforbund
Norsk Telegrambyrå (NTB)
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Pensjonistforbundet
Seniorsaken
Samarbeidsforumet av Funksjonshemmedes Organisasjoner (SAFO)
Sparebankforeningen
TV 2
Unio
Utdanningsforbundet
Valgforum
Verdens Gang (VG)
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)
Arbeidarpartiet
Demokratane
Det Liberale Folkepartiet
Framstegspartiet
Høgre
Kristeleg Folkeparti
Kystpartiet
Miljøpartiet Dei Grøne
Noregs Kommunistiske Parti
Partiet Dei Kristne
Pensjonistpartiet
Piratpartiet
Raudt
Samfunnspartiet
Senterpartiet
Sosialistisk Venstreparti
Tverrpolitisk Folkevalde
Venstre