1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Olje- og energidepartementet føreslår i denne proposisjonen endringar i føresegnene i energilova om funksjonelt skilje for nettføretak. Kravet til funksjonelt skilje etter energilova gjeld i dag ikkje for nettselskap med 10 000 eller færre nettkundar. Departementet føreslår at kravet til funksjonelt skilje berre skal gjelde for nettføretak som har 100 000 eller fleire nettkundar.
Departementet føreslår derfor endringar i energilova § 4-7, som tok til å gjelde i mars 2021.