2 Gjeldande rett og bakgrunn for forslaget
2.1 Gjeldande rett
Energilova §§ 4-6 og 4-7 stiller krav om selskapsmessig og funksjonelt skilje mellom nettverksemd og produksjon og omsetning av elektrisk energi. Kravet til funksjonelt skilje etter energilova § 4-7 gjeld i dag for alle integrerte nettføretak med fleire enn 10 000 nettkundar.
I det tredje elmarknadsdirektivet 2009/72/EF er det krav til mellom anna funksjonelt skilje for nettselskap. Etter artikkel 26 nr. 4 har statane høve til å vedta unntak frå kravet om funksjonelt skilje for nettføretak med færre enn 100 000 tilknytte nettkundar.
Kravet om funksjonelt skilje gjeld mellom nettverksemd og anna verksemd i integrerte føretak. Integrerte føretak er definerte på denne måten i energilova § 1-3 tredje ledd:
«Foretak eller en gruppe av foretak som driver overføring, omforming eller fordeling av elektrisk energi (nettvirksomhet) i tillegg til annen virksomhet. En gruppe av foretak omfattes dersom en fysisk eller juridisk person kan utøve direkte eller indirekte kontroll med foretak i gruppen.»
Med anna verksemd er meint all verksemd som ikkje er nettverksemda til nettføretaket. I forholdet mellom eit morselskap og dotterselskap i eit konsern reiser det seg nokre særlege spørsmål ved bruken av kravet om funksjonelt skilje.
Eit morselskap eller ein kontrollerande eigar skal ikkje gi instruksar til nettføretaket om den daglege drifta eller om avgjerder om utbygging eller oppgradering av nettet, jf. energilova § 4-7 andre ledd.
I forskrift om nettregulering og energimarknaden er det krav om at styreleiar, styremedlem, dagleg leiar eller andre tilsette med reell avgjerdsmakt i eit nettselskap som inngår i eit integrert føretak, ikkje kan delta i leiinga i eit føretak som driv anna verksemd innanfor det integrerte føretaket. Dagleg leiar i eit nettselskap kan ikkje vere dagleg leiar i morselskapet eller kontrollerande eigar. Føresegnene gjeld ikkje for nettselskap som har færre nettkundar enn grensa som følgjer av energilova § 4-7.
Ein kommune er å rekne som eit eige rettssubjekt, jf. kommunelova § 2-1. Kommunar som er majoritetseigar (eller har ei anna form for kontroll) i eit nettføretak, er også omfatta av krava til funksjonelt skilje. Det betyr blant anna at det gjeld krav om funksjonelt skilje mellom nettføretaket og anna verksemd som kommunen driv eller har kontroll over.
Med nettkundar er meint både fysiske og juridiske personar. Dei er registrerte som kundar hos nettselskapet med unike personnummer og organisasjonsnummer. Ein kunde kan ha fleire målepunkt i same nettselskap, eksempelvis om ein privatperson har hus og hytte i same nett. Ein næringskunde kan eksempelvis vere organisert på ein måte der eitt selskap er straumkunde på vegner av fleire filialar. Kvar enkelt kunde er registrert i Elhub. Det visast til at departementet har uttalt seg ytterlegare om omgrepet «nettkunder» i Ot.prp. nr. 61 (2005–2006) side 34 i samband med innføringa av grensa på 100 000 nettkundar.
2.2 Bakgrunn for forslaget
Nettverksemd er eit naturleg monopol, og nettkundane kan ikkje velje kva nettselskap dei ønskjer å bruke. Det er derfor viktig at myndigheitene har eit godt regelverk som sikrar at nettselskapa opptrer nøytralt.
Kravet til funksjonelt skilje i energilova har vore endra fleire gonger dei siste åra. Føresegnene supplerer kravet til selskapsmessig skilje, og er eit kostnadseffektivt alternativ til å føre tilsyn og kontroll med vertikalt integrerte verksemder for å sikre det same behovet for nøytralitet. Føremålet med regelverket om selskapsmessig og funksjonelt skilje skal bidra til å sikre at nettselskapa opptrer nøytralt overfor alle brukarar av nettet.
Eit unntak frå kravet til funksjonelt skilje gir på den andre sida kostnadsinnsparingar for dei aktuelle konserna, som medfører lågare nettleige for kundane. Departementet har sidan grensa på 10 000 eller fleire nettkundar ble innført blitt kontakta av fleire av dei mindre nettselskapa som hevdar at grensa bør være høgare. Nettselskapa med under 10 000 nettkundar hevdar at det ikkje er ønskeleg med fusjonar med andre nettselskap, fordi dei da kjem over grensa for kravet til funksjonelt skilje. Dette fører til fragmentering av fagmiljø, som kan væra uheldig for den lokale kraftberedskapen.
Etter ei samla vurdering føreslår departementet at nettselskap som har 100 000 eller fleire kundar, må gjennomføre funksjonelt skilje. Det er ikkje forslag om nokon endringar i regelverket elles som set krav til nøytral framferd hos nettselskapa. Etter energilova er det krav til mellom anna nøytral framferd og separate budsjett og rekneskapar. Det omfattar også nettselskap med færre enn 100 000 nettkundar.
Departementet viser til at alle nettselskap er underlagde krav om nøytral framferd overfor straumkundar, kraftprodusentar, kraftleverandørar og andre tenesteleverandørar. Nøytral framferd er ein føresetnad for like marknadsvilkår, som igjen bidrar til ein velfungerande kraftmarknad og effektiv konkurranse.
2.3 Høyringa
Olje- og energidepartementet sende forslaget til endring av energilova § 4-7 på høyring 14. september 2022, med høyringsfrist 14. desember same år. Høyringsdokumentet blei sendt til desse institusjonane og organisasjonane:
Departementa
Datatilsynet
Direktoratet for Samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
Finanstilsynet
Forbrukerrådet
Forbrukertilsynet
Statsforvaltarane
Konkurranseklagenemnda v/klagenemndssekretariatet
Konkurransetilsynet
Noregs forskningsråd
Norges Handelshøyskole
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Regelrådet
Regjeringsadvokatembetet
Statistisk sentralbyrå
Universitetet i Oslo, Senter for europarett
Universitetet i Oslo, Nordisk institutt for sjørett
Sametinget
Fylkeskommunane
Oslo kommune
Enova SF
Nord Pool
Statkraft AS
Statnett SF
Den Norske Advokatforening
Distriktsenergi
El og IT Forbundet
Energi Norge
Energiveteranene
Hovedorganisasjonen Virke
Industri Energi
Kraftfylka
KS – Kommunesektorens organisasjon
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Landssamanslutninga av vasskraftkommunar
Landssammenslutninga av norske vindkraftkommuner
NHO
Norsk Industri
Norwea
Samarbeidande Kraftfylke, c/o SFE Energisekretariatet
Samfunns- og næringslivsforskning AS
Samfunnsbedriftene
SINTEF Energi AS
Småkraftforeninga
Departementet fekk i alt 24 høyringssvar. Høyringssvara er lagde ut på heimesida til departementet.
Desse instansane uttalte seg om realiteten i høyringsnotatet:
Konkurransetilsynet
Reguleringsmyndigheten for energi (RME)
Alta Kraftlag SA
Distriktsenergi
EL og IT Forbundet
EL og IT Forbundet Distrikt Rogaland
Gudbrandsdal Energi Holding AS
Jæren Everk AS
KS Advokat
KS – Kommunesektorens organisasjon
Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK)
Nelfo
NITO – Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Samfunnsbedriftene Energi
Sivert Opsahl Gjermshus
Sognekraft AS
Sognekraft Mor AS
Statkraft AS
Tekna – Teknisk-naturvitenskapelig forening
Desse instansane hadde ikkje merknader til høyringsnotatet:
Forsvarsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Petroleumstilsynet
Statistisk sentralbyrå
Nokre av høyringsinstansane støttar forslaget, altså å heve grensa for unntak til nettselskap med 100 000 eller fleire nettkundar. Andre instansar er ueinige i forslaget. Enkelte av desse meiner at grensa på 10 000 nettkundar bør bestå, eventuelt at høvet til fritak frå kravet blir tatt bort.
Nokre av høyringsinstansane som er ueinige i forslaget, peiker på at unntaket berre bør gjelde energilova § 4-7 første ledd, og ikkje andre ledd.