4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Dei føreslåtte endringane fører til at kravet om funksjonelt skilje blir avgrensa til integrerte føretak der nettføretaket har 100 000 eller fleire nettkundar. I januar 2023 var det 89 nettselskap med inntektsramme, og av desse har 83 selskap færre enn 100 000 nettkundar. Det er altså seks nettselskap som har 100 000 eller fleire nettkundar.
Alle nettføretaka, uavhengig av talet på nettkundar, vil framleis vere underlagde kravet om selskapsmessig skilje. Det reduserer risikoen for at eit unntak frå kravet om funksjonelt skilje verkar negativt inn på nøytraliteten til selskapa. Nøytral framferd er ein føresetnad for like marknadsvilkår, noko som igjen bidrar til ein velfungerande kraftmarknad og effektiv konkurranse. Heving av terskelen vil kunne medføra behov for økt tilsyn og kontroll med vertikalt integrerte føretak for å ivareta same behov for nøytralitet.
At færre integrerte føretak blir omfatta av kravet om funksjonelt skilje, vil gi ei kostnadsinnsparing for dei konserna som ikkje lenger er omfatta, og som kan bruke dei same personane i leiande stillingar i fleire selskap i konsernet. Kor store innsparingar det er snakk om, er vanskeleg å talfeste, sidan kostnadene og gevinstane blir påverka av korleis energikonserna vel å organisere seg. Ei heving av grensa for kravet om funksjonelt skilje slik det er føreslått, vil innebere at 83 av 89 nettselskap ikkje er omfatta av kravet.
Etter ei samla vurdering meiner departementet at ulempene med heving av terskelen for krav om funksjonelt skilje ikkje er tilstrekkeleg store til at kravet må førast vidare slik det er i dag. Andre krav til nøytraliteten til selskapa kjem framleis til å gjelde, sjølv om fleire selskap enn i dag får unntak frå kravet til funksjonelt skilje.
Inntektsramma til nettselskapa blir delvis fastsett på bakgrunn av ei effektivitetsmåling mot andre nettselskap. Dagens krav om funksjonelt skilje fører til at mange av nettselskapa har ulike rammevilkår, og ei heving av terskelen vil føre til at over 90 prosent av nettselskapa ikkje er omfatta av kravet. Ei heving av grensa til å omfatte dei nettselskapa som har 100 000 eller fleire nettkundar, vil dessutan føre til at selskapa som blir omfatta av kravet, er så store at dei naturleg vil vere funksjonelt skilde. Ei heving av terskelen vil såleis kunne leggje til rette for likare rammevilkår for nettselskapa.
Ei heving av grensa for krav til funksjonelt skilje vil ikkje vere til hinder for fusjonar mellom nettselskap som det av bedriftsøkonomiske og samfunnsøkonomiske omsyn er rasjonelt å gjennomføre.