1 Hovudinnhald i proposisjonen
Samferdselsdepartementet legg fram forslag til endring i yrkestransportlova § 6. Framlegget tek sikte på å hindre at regionreforma får utilsikta verknader for etableringa av kommersielle ekspressbussruter som ikkje mottek tilskot. Framlegget inneber vidare ei liberalisering av gjeldande ekspressbusspolitikk.
Forslaget til endring i yrkestransportlova gjev i § 6 nytt andre ledd heimel for at departementet kan fastsetje i forskrift at løyve for persontransport i rute med motorvogn ikkje skal behovsprøvast når ruta er over ei viss lengd som vert nærare fastsett av departementet. Lengda på ruter som ikkje skal behovsprøvast skal etter lovframlegget ikkje setjast lågare enn 80 km.
Det vert og foreslått heimel for at særskilte former for rutetransport, som vert nærare fastsett av departementet, ikkje skal behovsprøvast uavhengig av lengda på ruta.
Under føresetnad av at Stortinget vedtek framlegga til endringar i yrkestransportlova, vil departementet fastsetje nærare reglar i yrkestransportforskrifta i samsvar med lovheimelen.