3 Gjeldande rett
3.1 Løyver
Den som vil drive persontransport med motorvogn i rute mot vederlag må ha ruteløyve, jf. yrkestransportlova § 6 (1). Løyver for persontransport i rute med motorvogn er behovsprøvde.
For å kunne verte tildelt behovsprøvd ruteløyve må søkjar fylle grunnkrava for å få løyve, som går fram av yrkestransportlova § 4:
«Løyve kan tildelast den som
a) driv ei faktisk og varig verksemd i Noreg,
b) har god vandel,
c) har tilfredsstillande økonomisk evne, og
d) har tilstrekkeleg fagleg kompetanse.»
Den som oppfyller desse krava kan få løyve til å drive (ikkje behovsprøvd) turvognverksemd, søkje eige ruteløyve eller drive som undertransportør i verksemd som har ruteløyve, eller som undertransportør for administrasjonsselskap som ikkje treng eige ruteløyve, jf. yrkestransportlova §§ 23 og 6 (2).
3.2 Løyvestyresmakt
Fylkeskommunane er løyvestyresmakt for ruter innanfor fylkesgrensene, jf. yrkestransportlova § 13 (2). Løyvestyresmakta er knytt til fylkeskommunane sitt overordna ansvar for organisering og kjøp av lokale rutetenester innanfor fylkesgrensene, jf. yrkestransportlova §§ 8 og 22. Den som vinn anbod om rutetransport vil som oftast få einerett til å drive rutetransport i det aktuelle området. Fylkeskommunen kjøper òg rutetenester for ruter som kryssar fylkesgrenser, men som og har ein lokal funksjon.
Fylkeskommunen er sjølv klageinstans for enkeltvedtak gjort av fylkeskommunen når løyvestyresmakta er lagt til fylkeskommunen ved lov, jf. forvaltningslova § 28, andre ledd.
Samferdselsdepartementet gjev løyve til ruter som kryssar ei eller fleire fylkesgrenser, jf. yrkestransportlova § 13 (1). Etter ei endring i yrkestransportforskrifta § 3, med verknad frå 1. april 2006, er departementet si løyvestyresmakt for ruter som kryssar ei eller fleire fylkesgrenser delegert til den fylkeskommunen der søkjar har forretningsadresse, dersom ein del av ruta skal gå i dette fylket. Ettersom delegasjonsmodellen er nytta, er Samferdselsdepartementet klageinstans i desse tilfella, jf. forvaltningslova § 28, andre ledd, siste punktum.
3.3 Om behovsprøving
Gjeldande behovsprøving mot lokaltrafikk på kommersielle langruter har som siktemål å hindre inntektsbortfall for lokale ruter som inngår som ein del av offentleg innkjøp.
Kommersielle bussruter over fylkesgrenser vert ikkje lenger behovsprøvde i høve til jernbane eller andre kommersielle ruteløyve på same eller tilnærma same strekning. Det vert framleis behovsprøvd i høve til å kunne ta lokaltrafikk på heile eller deler av strekninga der det vert søkt om kommersielt ruteløyve. Ekspressbussrutene kan i nokre tilfelle konkurrere med lokale bussruter og redusere fylkeskommunane sine moglegheiter til å kryssubsidiere mellom lønsame og ulønsame bussruter. Departementet har difor i rundskriv N-2/2017 vist til at departementet framleis vil leggje vekt på fylkeskommunane sine tilrådingar i spørsmålet om fylkeskryssande ekspressbussruter skal få høve til å drive lokaltrafikk internt i eit fylke.
Det følgjer av rundskrivet at behovsprøvinga av søknader om ekspressbussløyve skal avgrensast til berre å gjelde i høve til lokale bil- og båtruter som inngår i det fylkeskommunale tilskotsansvaret. Behovsprøvinga vil såleis gje høve til å setje vilkår om avgrensing av eller forbod mot lokaltrafikk, eller til å påleggje andre vilkår for ruta som tek omsyn til lokal kollektivtransport. Fylkeskryssande ruter som heilt eller i det vesentlege utfører ein lokal funksjon vil i samsvar med dette kunne verte nekta oppretta. Oslo og Akershus vert i denne samanheng rekna som eitt lokaltrafikkområde. Elles avgjer fylkeskommunen kva som skal reknast som eit lokaltrafikkområde.
Rundskrivet er i hovudsak ei vidareføring av tidlegare rundskriv på området. Nytt i 2017 var at departementet understreka at fylkeskommunane måtte gjere ei grundigare vurdering av verknadene for den lokale kollektivtrafikken ved handsaming av søknader om fylkeskryssande ruter. Kravet til grunngjeving av vedtak om å nekte fylkeskryssande ruter å ta med lokaltransport vart såleis skjerpa.
Det går fram av rundskriv N-2/2017 at det ikkje er tilstrekkeleg grunn til å avslå søknaden eller til å påleggje vilkår om forbod mot lokaltrafikk at konkurransen frå ekspressruta kan føre til inntektstap for eksisterande lokalruter som mottek kompensasjon frå fylkeskommunane. I den konkrete vurderinga skal fylkeskommunen òg ta omsyn til at lokalrutene som følgje av kompensasjonen dei mottek ofte vil kunne ha lågare billettprisar og periodekort som gjev kundane større fleksibilitet og høgare frekvens på lokalstrekninga enn det ekspressbussruta kan. Samstundes kan eit nytt tilbod ha positive verknader og kunne generere ei auke i kollektivtransport, t.d. passasjerar som tidlegare brukte bil.
Rundskrivet slår vidare fast at den einskilde fylkeskommunen skal foreta ei grundig vurdering av både positive og negative verknader ekspressbussruta vil kunne ha for lokaltrafikken, og eventuelle andre relevante forhold. I fylkeskommunen si grunngjeving skal det gjerast greie for dei hovudomsyna som har vore avgjerande ved behovsprøvinga, samt kva positive og negative verknader fylkeskommunen har lagt vekt på i si vurdering.
Det følgjer av yrkestransportforskrifta § 32, jf. yrkestransportlova §§ 11 og 35, at løyvemyndigheitene, i samråd med kommunale myndigheiter, politiet og regionvegkontoret kan bestemme at ruter skal bruke rutebilstasjon, bestemte haldeplassar og bestemte gjennomkøyringsliner.
3.4 Flybussar
Det er i dag ingen særreglar for løyve til rutebussar for passasjerar som anten går på eller av bussen på ein flyplass. Slike ruter må òg ha løyve etter yrkestransportlova § 6, jf. § 4.
3.5 Sakshandsaming
Det følgjer av rundskriv N-2/2017 at søknader om langruter skal sendast til høyring til dei fylkeskommunane ruta skal gå gjennom. Det kan i etterkant av ei slik høyring bli sett vilkår for løyvet, t.d. i form av krav om bruk av særskilte trasèar, haldeplassar m.v., og eventuelt forbod mot å ta lokaltrafikk på visse strekningar, jf. yrkestransportlova § 11.