Forslag
til lov om endringar i yrkestransportlova (ekspressbuss)
I
I lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy vert det gjort følgjande endring:
§ 6 andre ledd skal lyde:
(2) Løyve til persontransport i rute over ei viss lengd skal ikkje behovsprøvast.
Departementet fastset i forskrift den nedre grensa for persontransport i rute som ikkje skal behovsprøvast. Den nedre grensa kan ikkje setjast lågare enn 80 km. Departementet kan fastsetje i forskrift at særlege former for persontransport i rute ikkje skal behovsprøvast utan omsyn til lengda på ruta.
Noverande andre og tredje ledd blir nye tredje og fjerde ledd.
II
Lova trer i kraft 1. januar 2020.