6 Reglar for fritak ved kommunestyre- og fylkestingsval
6.1 Bakgrunn for lovframlegget
Når det gjeld retten til å krevje seg friteken frå å stå på valliste ved kommunestyreval og fylkestingsval, var ordlyden i vallova § 3-4 (1) tidlegare:
(1) Rett til å kreve seg fritatt fra valg til fylkesting eller kommunestyre har
a) den som har gjort tjeneste som medlem av henholdsvis fylkestinget eller kommunestyret de siste fire år,
b) den som har rett til fritak etter andre lover,
c) den som er ført opp som kandidat på et listeforslag som er satt frem av noen andre enn et registrert politisk parti vedkommende er medlem av, og
d) den som ikke uten uforholdsmessig vanskelighet vil kunne skjøtte sine plikter i vervet.
Ved lov av 13. mai 2011 (i kraft 1. januar 2012) ble lovregelen endra og fekk følgjande ordlyd:
«Rett til å kreve seg fritatt fra valg til fylkesting og kommunestyre har den som avgir skriftlig erklæring om at vedkommende ikke ønsker å stille til valg på den aktuelle valglisten.»
Samtidig blei fritaksgrunnane som var spesifikt nemnde i lova, oppheva som overflødige. Lovendringa inneber ein generell rett til å krevje fritak frå å stille til val til kommunestyre og fylkesting. Det er ikkje naudsynt med noka grunngjeving for kravet. Det som blir kravd, er ei skriftleg erklæring, med eigenhendig underskrift, frå den som vil bli friteken. Erklæringa må setjast fram for rette valorgan innan den fristen organet fastset.
Spørsmålet er om ein kan nekte å ta imot valet dersom ein kan vise til ein fritaksgrunn.
Vallova § 3-4 (2) og (3) lyder:
(2) Kandidater som er satt opp på listeforslag må søke om fritak innen den frist fylkesvalgstyret eller valgstyret setter, ellers tapes retten til å strykes fra listeforslaget. Den som har fritaksgrunn, men som unnlater å påberope seg retten til fritak fra å stå på liste, kan ikke påberope seg dette forhold som fritaksgrunn etter å ha blitt valgt.
(3) En valgt representant eller vararepresentant som ikke plikter å motta valget, må sende skriftlig melding om valget mottas eller ikke, innen tre dager etter å ha mottatt melding om valget. Ellers anses valget mottatt.
6.2 Vurderingar og framlegg frå departementet
Intensjonen med lovendringa frå 2011 var å gjere det mogleg for personar å nekte å stå på valliste, utan at dei måtte gje opp ein fritaksgrunn. Lovendringa inneber ei avgrensing i ombodsplikta, som er eit sentralt prinsipp i norsk rett på dette området. Lovendringa blei kombinert med ei viss innskjerping i høvet til å kunne krevje fritak etter at ein var blitt vald. Dette følgjer av nr. 2 andre punktum.
Nr. 3 i paragrafen blei ikkje endra i 2011. Dette kan gje inntrykk av at det framleis er mogleg å nekte å ta imot val ved å vise til ein fritaksgrunn, sjølv om ein ikkje har kravd å bli stroken av listeframlegget. Eit slikt inntrykk vil ikkje vere i samsvar med føresetnaden som ligg til grunn for endringa av § 3-4 (1).
Departementet meiner at lovteksten i § 3-4 bør presiserast og forenklast for å klargjere den rettslege realiteten. Det bør gå klart fram at den som lèt vere å krevje seg friteken innan den fristen valstyret set, ikkje kan nekte å ta imot val.
Vallova §§ 11-11 og 11-13 fastset at fylkesvalstyret og valstyret skal «underrette de valgte representantene og vararepresentantene om valget og opplyse om retten til å søke om fritak fra valg.»
Sidan vi vurderer det slik at retten til å søkje om fritak frå val etter at ein har blitt vald har falle bort, føreslår departementet at plikta valorganet har til å opplyse om retten til å søkje om fritak frå val, bør opphevast.
Få høyringsinstansar har uttalt seg om å endre vallova § 3-4. Av dei som har kommentert framlegget, støttar alle ei slik presisering av lovregelen.