7 Økonomiske og administrative konsekvensar
Framlegget til endringar i personvalordninga ved stortingsval har ikkje betydelege økonomiske eller administrative konsekvensar. I det elektroniske valadministrasjonssystemet (EVA) må det utviklast ei løysing for å telje opp personstemmer ved stortingsval. Det ligg likevel føre ei slik løysing for fylkestingsval, som kan vere grunnlag for å utvikle ei tilsvarande løysing for stortingsval. Framlegget inneber at personvalordningane ved dei ulike vala blir forenkla. Dette gjer regelverket meir brukarvennleg og tilgjengeleg for både veljarar, politiske parti og valmedarbeidarar.
Det følgjer av prinsippa i vallova for å telje opp stemmer ved stortingsval at kommunen først tel opp stemmene i ei førebels og ei endeleg teljing. Stemmene blir deretter overleverte til fylkeskommunen, som gjennomfører ei kontrollteljing og registrerer rettingar som veljaren har gjort på stemmesetelen. Dette inneber at det endelege resultatet av personvalet ved stortingsval først er klart når fylkeskommunane har gjort ferdig oppteljinga si. Departementet vil sjå nærare på korleis dette kan rapporterast på ein mest mogleg formålstenleg måte.
Det å innføre elektronisk avkryssing i manntalet påfører kommunane meirkostnader. Desse kostnadene er i hovudsak knytte til innkjøp av naudsynt hardware og infrastruktur, og også til å dekkje meirarbeid i førebuingsfasen.
Ei forskyving av fristen for å godkjenne førehandsstemmene vil kunne påføre kvart enkelt valstyre noko meir arbeid, men det har elles ingen vesentlege økonomiske eller administrative kostnader. Valstyra vil sannsynlegvis måtte ta ein pause i oppteljinga mens dei ventar på førehandsstemmer som er på veg i posten.