2 Bakgrunn
2.1 Innleiing
Stortinget vedtok den 8. juni 2017 ny inndeling av det regionale folkevalde nivået, jf. Prop. 84 S (2016–2017) og Innst. 385 S (2016–2017), og den 8. juni 2016 vedtok Stortinget å slå saman Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, jf. Prop. 130 LS (2015–2016) og Innst. 361 L (2015–2016). På bakgrunn av desse vedtaka er dagens 19 fylkeskommunar slått saman til 11. Samanslåingane vil tre i kraft den 1. januar 2020, med unntak av samanslåinga av Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag som gjaldt frå den 1. januar 2018. Den nye fylkesinndelinga får konsekvensar for valordninga ved stortingsval, ettersom dagens fylke er valdistrikt ved stortingsval.
Departementet har det overordna nasjonale ansvaret for valgjennomføringa, og meiner det er viktig å sikre ein føreseieleg situasjon for veljarar, parti og lokale valstyresmakter fram til spørsmålet er grundig utgreidd. Departementet foreslår derfor i denne proposisjonen nødvendige endringar i vallova for å kunne få til ei gjennomføring med 19 valdistrikt ved stortingsvalet i 2021.
Departementet understrekar at det er viktig å setje av tilstrekkeleg tid til tilpassingar i mellom anna regelverk, rutinar og valadministrasjonssystemet som blir brukt til å gjennomføre val. Departementet tilrår at Stortinget innan våren 2018 avklarar kva som skal vere valdistrikta ved valet i 2021.
2.2 Bakgrunn for forslaga til endringar i vallova
Det følgjer av Grunnlova at det skal vere 19 valdistrikt ved stortingsval, mens vallova seier at det er fylka som er valdistrikta. Det er no ikkje lenger samsvar mellom talet på fylke i Noreg og talet på valdistrikt. Utan ei klargjering av dette i vallova vil ikkje føresegna i Grunnlova vere tilstrekkeleg til å kunne seie noko om kva som ligg i dei 19 valdistrikta.
Departementet foreslår at dei 19 valdistrikta skal førast opp med namn i vallova, og at valdistrikta får namn etter dei 19 fylka som har vore valdistrikt ved førre val. Departementet foreslår òg at namna på alle kommunane som høyrer til dei ulike valdistrikta, blir lista opp i ei forskrift.
Endring i fylkesstrukturen og uvisse om inndelinga i valdistrikt framover gjer at partia har behov for meir fleksibilitet. Vallova bør ikkje leggje føringar på korleis partia organiserer seg, og dette blir sikra ved endringar i ordlyden i § 6-3.
Samtidig foreslår departementet at føresegna om kven som har rett til å representere eit registrert politisk parti på lokalt nivå, blir flytta frå forskrift 2. januar 2003 nr. 5 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgforskriften) til vallova. Departementet meiner føresegna er så viktig for behandlinga av listeforslag at dette bør regulerast i vallova.
Det blir òg foreslått fleire endringar som inneber at det i føresegner der det tidlegare var brukt nemninga «fylke» i samanhengar som berre gjeld fylkets funksjon som valdistrikt, no vil bli brukt nemninga «valgdistrikt».
2.2.1 Kommunesamanslåing på tvers av fylke og grensejusteringar
Fleire av dei vedtekne samanslåingane av kommunar er gjorde på tvers av fylkesgrensene. Departementet understrekar at det i denne prosessen blei teke omsyn til departementets tilråding om å gjennomføre stortingsvalet med 19 valdistrikt. Då Stortinget den 8. juni 2017 gjorde vedtak om å justere fylkesgrenser, innebar vedtaket òg at kommunar som blei slått saman på tvers av fylkesgrenser, fekk tilhøyrsle til eit av dei gamle fylka. Eit eksempel på dette er vedtaket om samanslåing av Aurskog–Høland kommune og Rømskog kommune, som lyder slik:
Aurskog–Høland kommune og Rømskog kommune slås sammen fra 1. januar 2020.
Fylkesgrensen mellom Akershus og Østfold justeres slik at den nye kommunen blir en del av Akershus fylke.
Det same prinsippet gjeld for kommunar som er påverka av grensejusteringar der delar av eller heile kommunen går over til eit anna fylke. For eksempel vil Rindal kommune, dersom det blir vedteke at denne kommunen skal gå frå å vere del av Møre og Romsdal fylke til å bli ein del av Trøndelag fylke, høyre til Sør-Trøndelag valdistrikt dersom Stortinget vedtek å halde på den noverande fylkesinndelinga som valdistrikt ved stortingsvalet i 2021. Kva for valdistrikt einingane skal høyre til, vil bli opplyst i vedtaka om grensejustering som etter planen skal fremmast for Stortinget våren 2018.
Det vil dermed vere eintydig definert kva for kommunar som høyrer til dei ulike valdistrikta.
2.3 Vallovutvalet og behov for utgreiing
Inndeling i valdistrikt er eit prinsipielt viktig spørsmål som har stor innverknad på korleis valordninga fungerer. Departementet meiner derfor det er viktig at dette blir grundig utgreidd. Regjeringa oppnemnde i juni 2017 eit vallovutval som har som del av sitt mandat å greie ut konsekvensar av strukturendringa for valordninga, inkludert inndeling i valdistrikt og fordeling av utjamningsmandat. I tillegg til solid fagkompetanse innan jus og statsvitskap og kunnskap om valgjennomføring, har utvalet medlemer frå alle dei politiske partia som var valt inn på Stortinget da utvalet blei satt ned.
Departementet meiner det er viktig å vente på innstillinga frå utvalet før valordninga blir endra. Når vallovutvalet har levert si innstilling ved utgangen av 2019, vil departementet leggje opp til ein prosess med brei høyring før forslag til endringar i valordninga og vallova blir sendt til Stortinget. Departementet meiner denne prosessen sikrar legitimitet og tillit til valsystemet.
Mens vi ventar på utgreiinga av dette frå vallovutvalet, meiner departementet at det er føremålstenleg å gjennomføre stortingsvalet i 2021 med dagens 19 valdistrikt. Dagens valdistriktsinndeling sikrar omsyn til geografisk og partipolitisk representasjon og vil etter departementets vurdering vere ei god løysing fram til Stortinget tek endeleg stilling til spørsmålet når utgreiinga og tilrådinga frå vallovutvalet er klare. Denne løysinga vil medverke til tryggleik og ein føreseieleg situasjon under førebuingane til stortingsvalet.
2.4 Gjennomføring av kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019
I 2019 skal det vere val til kommunestyre og fylkesting. Kommunar og fylkeskommunar som slår seg saman frå den 1. januar 2020, skal gjennomføre valet som om grenseendringane er gjorde.
Etter inndelingslova inkluderer grenseendringane både samanslåingar, delingar og grensejusteringar. Dette sikrar at alle innbyggjarane i dei nye einingane får vere med på å velje dei nye kommunestyra og fylkestinga sine. Departementet vil våren 2018 fastsetje to forskrifter om gjennomføring av kommunestyre- og fylkestingsval i 2019 som gjeld for dei kommunane og fylkeskommunane som er påverka av grenseendringar. Forskriftene har vore på høyring, og departementet fekk ei rekkje nyttige innspel, særleg frå kommunar og Kartverket. Bortimot alle høyringsinstansane støtta forslaga prinsipielt, men somme peikte på at utkastet frå departementet ikkje i tilstrekkeleg grad fanga opp kommunar som er påverka av delingar og grensejusteringar. Departementet har endra og kvalitetssikra forskriftsutkasta på bakgrunn av dette, slik at alle grenseendringar no er fanga opp. Det vil bli sendt ut ein rettleiar til forskriftene som informerer grundig om korleis valet skal gjennomførast. I tillegg vil Valdirektoratet tilby særskild opplæring til kommunar og fylkeskommunar som er påverka av grenseendringar.
2.5 Høyringa
I høyringsbrev av den 3. januar 2018 sende Kommunal- og moderniseringsdepartementet på høyring forslag om endringar i vallova og valforskrifta og forslag til to nye forskrifter om gjennomføring av kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019. Høyringsfristen blei sett til den 14. februar 2018. Departementet har motteke høyringssvar frå 63 instansar.
2.6 Høyringsinstansar
Høyringsnotatet blei sendt til desse høyringsinstansane:
Departementa
Barneombodet
Brønnøysundregistra
Datatilsynet
Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Finanstilsynet
Forbrukartilsynet
Forbrukarrådet
Foreldreutvalet for grunnopplæringa
Fylkesmennene
Helsedirektoratet
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)
Konkurransetilsynet
Likestillings- og diskrimineringsnemnda
Likestillings- og diskrimineringsombodet
Medietilsynet
Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)
Noregs Bank
Noregs forskingsråd
Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar
Norsk ressursbank for demokrati og
menneskerettar (NORDEM)
Riksarkivet
Skattedirektoratet
Statens helsetilsyn
Statens kartverk
Statens råd for likestilling av funksjonshemma
Statens seniorråd
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Sysselmannen på Svalbard
Utdanningsdirektoratet
Utlendingsdirektoratet
Valdirektoratet
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)
Rokkansenteret
Universitetet i Agder
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Tromsø
Ombodsmannen for forsvaret
Riksrevisjonen
Sametinget
Sametingets ungdomspolitiske utval (SUPU)
Sivilombodsmannen
Tillitsmannsordninga i Forsvaret (TMO)
Fylkeskommunane
Kommunane
Longyearbyen lokalstyre
Den norske kyrkja
Likestillingssenteret
Norsk rikskringkasting (NRK)
Posten AS
Aftenposten
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Dagbladet
Dagens Næringsliv
Delta
Den Norske Advokatforening
Den Norske Dommerforening
Den norske Helsingforskomité
Den norske Revisorforening
Elevorganisasjonen
EVRY
Fagforbundet
Faglig forum for formannskapssekretærer
Fellesforbundet
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Forbund for kommunal økonomiforvaltning og skatteinnfordring
Forum for Kontroll og Tilsyn (FKT)
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO)
Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon
Innvandrernes landsorganisasjon (INLO)
Institutt for samfunnsforsking (ISF)
KS – Kommunesektorens organisasjon
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Landsrådet for Norges barne- og Ungdomsorganisasjoner (LNU)
Mediebedriftenes Landsforening
MiRA-Senteret
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Norges Blindeforbund
Norges Handikapforbund
Norges Juristforbund
Norges Kommunerevisorforbund
Norsk design- og arkitektursenter
Norsk Forbund for Utviklingshemmede
Norsk Forening for Bolig- og Byplanlegging
Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR)
Norsk Journalistlag
Norsk Pasientforening
Norsk Pensjonistforbund
Norsk Presseforbund
Norsk Redaktørforening
Norsk Rådmannsforum
Norsk studentorganisasjon
Norsk sykepleierforbund
Norsk Telegrambyrå (NTB)
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)
Sparebankforeningen
TV 2
Unio
Utdanningsforbundet
Valgforum
Verdens Gang (VG)
Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS)
Alliansen
Arbeidarpartiet
Demokratane
Framstegspartiet
Helsepartiet
Høgre
Kristeleg Folkeparti
Kystpartiet
Liberalistane
Miljøpartiet dei Grøne
Noregs Kommunistiske Parti
Partiet Dei Kristne
Pensjonistpartiet
Piratpartiet
Raudt
Samfunnspartiet
Senterpartiet
Sosialistisk Venstreparti
Tverrpolitisk Folkevalde
Venstre
Departementet har motteke merknader til forslaget om lovendringar frå desse høyringsinstansane:
Statens kartverk
Valdirektoratet
Akershus fylkeskommune
Aust-Agder fylkeskommune
Buskerud fylkeskommune
Telemark fylkeskommune
Trøndelag fylkeskommune
Vest-Agder fylkeskommune
Vestfold fylkeskommune
Bardu kommune
Bergen kommune
Drammen kommune
Eidsberg kommune
Fredrikstad kommune
Namsos fellesnemnd
Nedre Eiker kommune
Rennesøy kommune
Rindal kommune
Røyken kommune
Steinkjer fellesnemnd
Trondheim kommune
Vågsøy kommune
Øyer kommune
Ålesund kommune
KS – Kommunesektorens organisasjon
Norsk studentorganisasjon
Unio
Noregs Kommunistiske Parti
Vidar Sætre
Desse høyringsinstansane har ikkje hatt merknader til forslaget om lovendringar:
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Kunnskapsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Utanriksdepartementet
Brønnøysundregistra
Statistisk sentralbyrå
Fylkesmannen i Hedmark
Akershus fylkeskommune
Rogaland fylkeskommune
Troms fylkeskommune
Vest-Agder fylkeskommune
Asker fellesnemnd
Alta kommune
Aurskog–Høland kommune
Eidsberg kommune
Fjell kommune
Hammerfest kommune
Indre Østfold fellesnemnd
Klæbu kommune
Kristiansand kommune
Lindås kommune
Mandal kommune
Nore og Uvdal kommune
Nye Ålesund kommune
Rollag kommune
Sarpsborg kommune
Skedsmo kommune
Stavanger kommune
Tromsø kommune
Ørskog kommune
Kyrkjerådet