5 Sametingsvalet
5.1 Gjeldande rett
Gjennomføringa av sametingsval er regulert av forskrift 19. desember 2008 nr. 1480 om valg til Sametinget, som er gitt i medhald av lov 27. juni nr. 51 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvar for regelverket.
Stemmegivinga i kommunar med 30 eller fleire personar i manntalet til Sametinget blir halde på same stad og til same tid som stemmegivinga til stortingsvalet, jf. forskrift om valg til Sametinget § 47 første ledd. I kommunar med mindre enn 30 manntalsførte i Sametingets valmanntal er det berre høve til å gi førehandsstemme til sametingsvalet, jf. samelova § 2-3 tredje ledd. Førehandsstemmegivingane skal sendast utan opphald til samevalstyret i kommunen der veljaren er manntalsført, eller til oppteljingsvalstyret i krinsen dersom veljaren er manntalsført i ein kommune med færre enn 30 manntalsførte, jf. forskrifta § 43 syvende ledd.
5.2 Valdeltakinga
Valdeltakinga ved sametingsvalet i 2017 var på 70,3 prosent. Det er ein auke på 3,4 prosenteiningar samanlikna med valet i 2013 og på nivå med valdeltakinga i 2009.
Valdeltakinga ved sametingsvalet i 2017 var 7,3 prosenteiningar lågare enn ved stortingsvalet. Til saman var det 11 757 godkjende stemmegivingar ved sametingsvalet.
Resultatet frå valet viser store variasjonar i valdeltakinga i dei ulike valkrinsane. Det var høgast valdeltaking i dei to nordlegaste valkrinsane; Ávjovári valkrins med 75,7 prosent og Austre valkrins med 78,3 prosent. Valdeltakinga i Sør-Noreg valkrins var lågast, med 61,4 prosent. Dette var likevel ein auke på 5,4 prosenteiningar samanlikna med sametingsvalet i 2013 og 7,1 prosenteiningar samanlikna med valet i 2009.
Om lag halvparten av dei godkjende stemmene til sametingsvalet blei gitt som førehandsstemmer.
5.3 Evaluering
Departementet har ikkje evaluert sametingsvalet særskilt. Sametinget gjer ei eiga evaluering av sametingsvalet. Departementet vil i tett samarbeid med Sametinget greie ut om det trengst endringar i regelverket for gjennomføring av sametingsval framfor sametingsvalet i 2021. Samelova § 2-4 om inndeling i valkrinsar er knytt opp mot kommune- og fylkesstrukturen og må oppdaterast som følgje av at denne blir endra.