7 Økonomiske og administrative konsekvensar
Dei foreslåtte endringane i vallova vil kunne gjennomførast innanfor gjeldande økonomiske rammer. Forslaga vil ha administrative konsekvensar i form av at ein del fylkesvalstyre vil vere ansvarlege for listeforslag, kontrollteljing og valoppgjer i meir enn eitt valdistrikt. Departementet vil sørgje for at fylkesadministrasjonane får tilpassa opplæring framfor valet i 2021, slik at dei er best mogleg førebudde. Forslaga krev òg oppfølging med god informasjon til veljarar, parti, kommunar og fylkeskommunar. Departementet vil leggje stor vekt på dette i førebuingane til stortingsvalet.