2 Omtale av prosjektet og kostnadsoverskridingane
Nordøyvegen består av tre undersjøiske tunnelar, ein landtunnel og tre bruer og vil gje fast vegsamband til Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya, Fjørtofta og Harøya/Finnøya. Desse øyane blir omtalte som Nordøyane. Prosjektet er nærare omtalt i Prop. 140 S (2016–2017) Finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal.
Styrings- og kostnadsramma var opphaveleg fastsett til 3 442 mill. 2017-kr og 3 786 mill. 2017-kr. I 2022-prisnivå svarer dette til 4 058 mill. kr og 4 464 mill. kr. Bompengedelen var fastsett til 460 mill. 2017-kr, dvs. 13,4 pst. av styringsramma. I 2022-prisnivå utgjer dette eit bompengebidrag på 542 mill. kr.
Etter at tilbodsutlysinga for hovuddelen av prosjektet var avslutta, blei det klart at faktiske tilbod var vesentleg høgare enn føresett. Beste tilbod på hovudkontrakten var om lag 1 200 mill. 2018-kr høgare enn det som låg til grunn i siste overslag. Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok 11. desember 2018 å auke styringsramma til 4 900 mill. 2018-kr. Kostnadsramma blei fastsett til 5 340 mill. 2018-kr.
I november 2020 gjorde fylkesutvalet vedtak om å auke styrings- og kostnadsramma for å forsere opninga av delar av prosjektet. Etter denne justeringa er styringsramma for prosjektet på 5 564 mill. 2022-kr og kostnadsramma på 6 062 mill. 2022-kr.
Etter vedtak i fylkestinget blei hovudkontrakten inngått og prosjektet starta opp. For å sikre finansieringa av prosjektet legg Møre og Romsdal fylkeskommune til grunn ein auke i bompengebidraget på 134 mill. 2022-kr til prosjektet i forhold til det som var lagt til grunn i Prop. 140 S (2016–2017).
Det er gjennomført ei ny ekstern kvalitetssikring (KS2) av bompengeopplegget for fv. 659 Nordøyvegen. KS2-rapport blei ferdig i februar 2021. Kvalitetssikringa har omfatta finansieringsgrunnlag, trafikkgrunnlag og finansieringsevne. I følgje ekstern kvalitetssikrar er bompengefinansieringa robust då det blir teke utgangspunkt i eit konservativt trafikkanslag og bompengelånet lèt seg finansiere under føresetnadene til prosjektet. Vidare viser analysen at fylkeskommunen ikkje kan finansiere lånedelen sin basert på ferjeavløysingsmidlar og andre tilskot/overføringar åleine, og må finne andre budsjettmessige innsparingar eller inntektskjelder for å kunne betene lånet.