7 Samferdselsdepartementets vurdering
Utbyggjar for prosjektet er fylkeskommunen. I det lokalpolitiske vedtaket frå 2018 blir det vist til Statens vegvesen, men fylkeskommunen har ansvaret for heile byggjeprosjektet.
Samferdselsdepartementet har merka seg den store kostnadsauken i prosjektet og at Møre og Romsdal fylkeskommune likevel har starta opp prosjektet før Stortinget har handsama nytt bompengeopplegg.
Samferdselsdepartementet legg til grunn at lokale styresmakter har vurdert det som nødvendig å utvide finansieringsramma gjennom auka takstar og å forlenge innkrevjingsperioden for bompengar for fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal, for å kunne finansiere prosjektet.
Hovudregelen om 15 eller 20 års innkrevjingsperiode i bompengeprosjekt står fast, men departementet foreslår at det blir gjort unntak for ein innkrevjingsperiode på 25 år, grunna den vesentlege kostnadsauken i prosjektet. Samferdselsdepartementet legg til grunn at dersom økonomien for bompengeselskapet blir betre enn føresett, skal dette i første omgang nyttast til å redusere innkrevjingsperioden, ikkje til reduserte takstar, slik at dei samla finansieringskostnadene blir så låge som mogleg.
Samferdselsdepartementet har merka seg at analysen i følgje ekstern kvalitetssikrar viser at fylkeskommunen ikkje kan finansiere lånedelen sin basert på ferjeavløysingsmidlar og andre tilskot/overføringar åleine, og må finne andre kjelder for å betene lånet. Samferdselsdepartementet vurderer at det er fylkeskommunen sitt ansvar å finne nødvendige midlar for å kunne betene lånet.
Samferdselsdepartementet har merka seg vedtak i fylkestinget 19. oktober 2021, punkt 3, der Møre og Romsdal fylkeskommune har knytt bompengetakstane til ferjetakstane. Sjølv om ein i plansamanheng i eit ferjeavløysingsprosjekt har lagt til grunn ferjetakstane som metodikk for å kunne rekna ut trafikk og grunnlaget for bompengetakstar, er det ingen bunden samanheng mellom fastsett gjennomsnittstakst for eit bompengeprosjekt og framtidige ferjetakstar. Den gjennomsnittstaksten som Stortinget sluttar seg til er bompengeselskapet si ramme for å finansiere sitt bompengebidrag ovanfor oppdragsgivar, som i dette tilfellet vil vere Møre og Romsdal fylkeskommune.