3 Lokalpolitisk handsaming
Kommunane Haram og Sandøy har slutta seg til Møre og Romsdal fylkeskommune sitt reviderte finansieringsopplegg for utbygginga av fv. 659 Nordøyvegen. Møre og Romsdal fylkeskommune har i tillegg vedteke å auke ramma for garantiansvar for bompengelånet.
Møre og Romsdal fylkeskommune handsama kostnadsauken for prosjektet Nordøyvegen i fylkestinget 11. desember 2018. Der blei det fatta følgjande vedtak:
1. Møre og Romsdal Fylkeskommune vedtek å gjennomføre bygging av Nordøyvegen innanfor ein kostnad på 5,1 mrd. kroner inkl. mva, som kjem fram av følgjande element (alle beløp inkl. mva):
Ny styringsramme for Statens vegvesen: 4,9 mrd.
Tillagt byggelån
Ekstra avsetning usikkerheit: 220 mill kr
Reinvestering innan 40 år: 90 mill kr
Minimumsutbetring av vegar på Nordøyane: 30 mill kr
2. Som finansiering legg fylkestinget følgjande til grunn (2018-kr):
Tilskott frå kommunane Nye Ålesund, Haram og Sandøy: 360 mill kr
(renter og avdrag over 20 år for lån på 360 mill)
Tilskott frå kommunar v/RDA midlar 312 mill kr
Tilskott frå andre (IP Huse): 15 mill kr
Rentekompensasjonsmidlar: 95 mill kr
MVA-kompensasjon: 1048 mill kr
Avvikling av Hurtigbåttilbod, 21,6 mill kr pr år i 40 år: 864 mill kr
Bompengelån jmf prp, 516 mill kr
Auka bompengelån pga auka takst, tilleggsprp.
Ferjeavløysingsmidlar 75 mill kr/år i 40 år 3000 mill kr
3. Fylkestinget legg til grunn at bompengeinntekter kan aukast gjennom auka takstar i samsvar med ferjetakstane i 2018, pluss justering for autopassregulativet og ei viss forlenging av bompengetida gjennom framlegging av ein tilleggsproposisjon våren 2019, slik Samferdselsdepartementet har gjort greie for og stadfesta. Ved oppstart av prosjektet vert allereie godkjent bompengeproposisjon lagt til grunn (516 mill. kr). Restbeløpet vert lagt til når behandling av tilleggsproposisjon er gjennomført.
Fylkestinget legg til grunn at kommunane godkjenner dette opplegget.
4. Fylkestinget legg til grunn at prosjektet Nordøyvegen vert nedbetalt over 40 år, og at minimumsavdrag på den samla låneporteføljen til fylkeskommunen vert nytta for å redusere den økonomiske belastninga i enkeltår.
5. Fylkestinget ber fylkesrådmannen starte forhandlingar med Skanska med sikte på å inngå kontrakt og gjennomføre byggeprosjektet i samsvar med fylkestinget sitt vedtak, men med dei kostnadskutt som er mogeleg innanfor kontrakta.
6. Fylkestinget godkjenner/vedtek låneopptak på inntil 2 900 mill. kroner.
I vedtaket punkt 1 er det referert til «Tillagt byggelån». Dette gjeld renter i byggjetida, som inngår som ein del av den totale kostnadsramma. Desse var rekna til 190 mill. kr på vedtakstidspunktet.
Fylkestinget i Møre og Romsdal fatta følgjande vedtak 9. desember 2019:
1. Møre og Romsdal fylkeskommune tilrår at følgjande vert lagt til grunn for bompengefinansieringa:
a. Gjennomsnittleg inntekt per passering vert sett til 160 2018-kroner.
b. Bompengeperiode vert på inntil 25 år.
c. Ved bruk av elektronisk brikke får køyretøy i takstgruppe 1 ein rabatt på 20 prosent. Det vil ikkje vere rabatt for køyretøy i takstgruppe 2.
d. Det vert lagt til grunn at nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 får 50 prosent rabatt.
e. Om dei nasjonale føringane for nullutsleppskjøretøy vert endra skal endringane også verte gjeldande for Nordøyvegprosjektet.
f. Passeringstaket føreslås til 40 passeringar pr. kalendermånad.
g. Alle rabattordningar føreset gyldig avtale og brikke.
2. Møre og Romsdal fylkeskommune garanterer ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak for bompengeselskapet, avgrensa opp til 720 mill. kroner, med tillegg av 10 prosent av til kvar tid gjeldande hovudstol til dekking av renter og omkostningar. Den samla lånegarantien er 800 mill. kroner. Garantien vert gitt med pant i bompengeselskapet sin rett til å krevje inn bompengar. Garantien vert gitt under føresetnad av Kommunal- og moderniseringsdepartementet si godkjenning.
3. Garantien gjeld frå første opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Statens vegvesen i byggeperioden og gjennom innkrevjingsperioden på 25 år. Innkrevjingsperioden kan i særskilte tilfelle forlengast med inntil fem år. I tillegg skal garantien gjelde inntil to år, jf. garantiforskriftens § 3.
4. Resten av dei lokalpolitiske vedtaka i sak T-89/16 som ikkje er omtala ovanfor står elles ved lag.
Kommunestyret i Haram fatta 29. august 2019 følgjande vedtak:
1. Haram kommune går inn for at fv. 659 Nordøyvegen vert delvis finansiert med bompengar. Det er lagt til grunn ei kostnadsramme på 5 100 mill. 2018-kroner.
2. Haram kommune tilrår at følgjande vert lagt til grunn for finansieringa:
Gjennomsnittleg inntekt per passering vert sett til 155–160 2018-kroner.
Bompengeperiode vert på inntil 25 år.
Ved bruk av elektronisk brikke får køyretøy i takstgruppe 1 ein rabatt på 20 prosent. Det vil ikkje vere rabatt for køyretøy i takstgruppe 2.
I tråd ned nasjonale føringar er det lagt til grunn at nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 får 50 prosent rabatt.
Alle rabattordningar føreset gyldig avtale og brikke.
3. Lokalpolitisk vedtak gjort i Haram kommune frå 2016 står elles ved lag.
4. Haram kommune føreset at Møre og Romsdal fylkeskommune gjer vedtak om naudsynt auke i garanti for prosjektet.
5. Kommunestyret meiner at dei nasjonale føringane om at nullslippskøyretøy i takstgruppe 1 skal få 50 prosent rabatt ikkje bør gjelde slike samband.
Kommunestyret i Sandøy fatta 18. september 2019 følgjande vedtak:
1. Sandøy kommune går inn for at fv. 659 Nordøyvegen vert delvis finansiert med bompengar. Det er lagt til grunn ei kostnadsramme på 5 100 mill. 2018-kroner.
2. Sandøy kommune tilrår at følgjande vert lagt til grunn for finansieringa:
Gjennomsnittleg inntekt per passering vert sett til 155–160 2018-kroner.
Bompengeperiode vert på inntil 25 år.
Ved bruk av elektronisk brikke får køyretøy i takstgruppe 1 ein rabatt på 20 prosent.
Det vil ikkje vere rabatt for køyretøy i takstgruppe 2.
Sandøy kommune ser det som svært urimeleg at nullutsleppskøyretøy i takstgruppa får 50 % rabatt. Det bør vere lik takst.
Alle rabattordningar føreset gyldig avtale og brikke.
3. Lokalpolitisk vedtak gjort i Sandøy kommune frå 2016 står elles ved lag.
4. Sandøy kommune føreset at Møre og Romsdal fylkeskommune gjer vedtak om naudsynt auke i garanti for prosjektet.
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal fatta den 4. november 2020 følgjande vedtak:
1. Fylkesutvalet godkjenner at fylkeskommunedirektøren aksepterer tilbod 2 frå Skanska, med føresetnad om delopning av Nordøyvegen på strekninga Skjeltene – Lepsøya – Austnes i desember 2021.
2. Kostnadsramma for prosjektet blir auka tilsvarande netto endra prosjektkostnad, dvs. tilbodspris 24,8 mill. kroner ekskl. mva med frådrag for reduserte byggherrekostnader på om lag 6,0 mill. kroner. Total kostnadsramme aukar til 5 669 mill. 2021-kroner (inkl. mva). Auken i kostnadsramma vert fullfinansiert gjennom sparte ferjekostnader i ferjekontrakt «Midlertidig ferjerute til Nordøyane 2022».
3. Vedtaket er gjort med heimel i kommunelova § 11-8.
Fylkestinget i Møre og Romsdal fatta den 19. oktober 2021 følgjande vedtak:
1. Fylkestinget står fast på vedtaket i sak T-58/18 og T-81/19 om at det vert fremma ein tilleggsproposisjon for Stortinget om finansiering av Nordøyvegen.
2. Fylkestinget vedtar justering av punkt 2 i T-81/19 som omhandlar garanti for fv. 659 nordøyvegen:
«Møre og Romsdal fylkeskommune garanterer ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak for bompengeselskapet, avgrensa opp til 720 mill. kroner, med tillegg av 10 prosent av til kvar tid gjeldande hovudstol til dekking av renter og omkostningar. Den samla lånegarantien er 800 mill. kroner. Under føresetnad av Kommunal- og moderniseringsdepartementet si godkjenning, garanterer Møre og Romsdals fylkeskommune ved sjølvskuldnarkausjon for bompengeselskapet sin gjeld, med rett til 1. prioritets pant i bompengeselskapet sin rett til å innkrevje bompengar.»
3. Fylkestinget ber fylkeskommunedirektøren søke staten om tilskott til dekning av auka gjennomsnittleg bompengetakst, tilsvarande den til ei kvar tid gjeldande statlege dekninga av reduserte ferjetakstar i ferjesambanda som blir avløyst av ny veg til Nordøyane.
Når Stortinget vedtek reduserte ferjetakstar og kompenserer fylkeskommunane for tapte inntekter, er det urimeleg ovanfor trafikantane at dette ikkje skal komme til frådrag frå bompengesatsane på ferjeavløysingsprosjekt, slik at prinsippet om at bompengar skal vere ferjetakst + 40 prosent blir oppretthalde.
4. Samferdselsutvalet krev at fylkeskommunedirektøren legg fram for samferdselsutvalet, fylkesutvalet og fylkestinget fullverdig kontantstrømsanalyse for Nordøyvegprosjektet.
Dette skal leggjast fram med grunnlaget jf. det som vart lagt fram i behandlinga av saka i desember 2018, justert opp med gjeldande fakta ang. både ekstra inntekter og lågare utgifter som kjent pr i dag, opp mot eit realistisk 0 alternativ som også er kalibrert etter dagens grunnlag og krav.