6 Fylkeskommunal garanti
Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok i fylkestinget 19. oktober 2021 å stille garanti ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak på 720 mill. kr, med tillegg av 10 pst. av til ei kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av renter og omkostningar. Den samla lånegarantien er 800 mill. kr.
Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og distriktsdepartementet. Garantisten sitt utlegg kan dekkjast gjennom å auke gjennomsnittstaksten med inntil 20 pst. ut over prisstigninga og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.