11 Samferdselsdepartementets vurdering
Tromsø kommune og Troms og Finnmark fylkeskommune er samde om å vidareføre satsinga på transporttiltak i Tromsø gjennom ei bompengepakke. Tenk Tromsø skal avløyse dagens ordning med innkrevjing av eit lokalt finansieringstilskot på omsetnad av drivstoff. Det er lagt til grunn bompengeinnkrevjing i 15 år.
I 2020 vart det fastsett eit revidert nullvekstmål der det går fram at i «byområdene skal klimagassutslipp, kø, luftforurensning og støy reduseres gjennom effektiv arealbruk og ved at veksten i persontransporten tas med kollektivtransport, sykling og gange.» Dette nullvekstmålet vart sendt mellom anna til statsforvaltarane og Statens vegvesen i juni 2020.
Etter Samferdselsdepartementet si vurdering er ambisjonane i pakka i tråd med målet om nullvekst for persontransport med bil ved at framkomsten for kollektivtrafikk og mjuke trafikantar skal styrkast.
Samferdselsdepartementet vil peike på at opplegget med kostnadskontroll og porteføljestyring krev godt samarbeid og god ressursstyring internt – og på tvers av offentlege etatar.
Samferdselsdepartementet sluttar seg til føreslått opplegg med tovegs innkrevjing av tidsdifferensierte bompengetakstar i 15 bomstasjonar, fordelt på sju soner.
Kostnadene for aktuelle prosjekt og tiltak innanfor Bypakke Tenk Tromsø, slik pakka er vedteken lokalt, er førebels kalkulert til om lag 6 500 mill. 2021-kr. Det har vorte gjennomført ei ekstern kvalitetssikring (KS2) av trafikk- og finansieringsføresetnader for Bypakke Tenk Tromsø, og det er semje om at forventa bompengeinntekter kan leggjast til grunn.
Finansieringa av Bypakke Tenk Tromsø er basert på innkrevjing av bompengar samt statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. I tillegg kjem all meirverdiavgift som staten refunderer for prosjekt og tiltak i bypakka.
Samferdselsdepartementet merker seg at Bypakke Tenk Tromsø er basert på retningslinene i bompengeavtalen frå 2019. Det er lagt til grunn 20 pst. eigendel ved investering på lokale vegar, samt at meirverdiavgiftskompensasjon for investeringar på lokalt vegnett skal førast tilbake til bypakka. Det blir lagt opp til aktiv porteføljestyring i bypakka, og det er balanse mellom inntekter og kostnader i porteføljen som blir lagt fram.
Bypakke Tenk Tromsø er dermed i tråd med bompengeavtalen frå 2019.