Prop. 99 S (2020–2021)

Utbygging og finansiering av Bypakke Tenk Tromsø i Troms og Finnmark

Til innhaldsliste

6 Bompengar og bompengeopplegg

Plasseringa av bomstasjonane er fastsett gjennom ein omfattande lokal prosess der fleire alternativ har vorte vurderte. Det er lagt vekt på at dei som betaler bompengar, også får stor nytte av pakka. Det er óg lagt vekt på å unngå at mange får nytte utan at dei er med på å betale. I tillegg har ein teke omsyn til geografiske forhold, slik at plasseringa av bomstasjonane blir tenleg ut frå tekniske krav og reguleringar. Bomstasjonane er plassert slik at dei deler byområdet inn i soner, og ein har lagt vekt på at det innafor kvar sone er skole, barnehage og matbutikk. Det er lagt opp til at det skal etablerast til saman 15 bomstasjonar med tovegs innkrevjing, jf. tabell 6.1. Soneinndelinga med plassering av bomstasjonar er vist i figur 6.1.

Tabell 6.1 Bypakke Tenk Tromsø – plassering av bomstasjonar.

Nr.

Bomstasjonsplassering

1

E8 Flyplassen

2

E8 Giæverbukta

3

E8 Tverrforbindelsen vest

4

E8 Tverrforbindelsen øst

5

Kv. Hansine Hansen veg (Universitetet)

6

E8 Breivika

7

Fv. 7772/E8 Gimle

8

Kv. Ringvegen

9

E8 Tromsøysundtunnelen

10

Fv. 862 Tromsøbrua

11

Kv. Kvaløyvegen (Sydspissen)

12

Kv. Røstbakken

13

Kv. Holtvegen

14

Kv. Langnesvegen (Langnesbakken)

15

Fv. 862 Langnestunnelen

E8: Europa (riks-) veg

Fv: Fylkesveg

Kv: Kommunal veg

Figur 6.1 Soneinndeling og plassering av bomstasjonar.

Figur 6.1 Soneinndeling og plassering av bomstasjonar.

Takst- og rabattsystem

I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn følgjande takst- og rabattsystem for Bypakke Tenk Tromsø:

  • Tidsdifferensierte takstar med tredobbel takst i rushperiodane på kvardagar, dvs. måndag–fredag kl. 06.30–09.00 og kl. 15.00–17.00.

  • Køyretøy i takstgruppe 1 (køyretøy med totalvekt til og med 3 500 kg og alle køyretøy i kategori M1) med gyldig avtale og brikke får 20 pst. rabatt. Køyretøy i takstgruppe 2 vil ikkje få rabatt.

  • Det blir innført ei ordning med felles timesregel for alle bomstasjonar. Ordninga gjeld for alle køyretøy med gyldig avtale og brikke. Når timesregelen omfattar passeringar både innanfor og utanfor rushperiodane, skal bilistane betale taksten for den passeringa som er registrert først i sentralsystemet.

  • Køyretøy i begge takstgrupper med gyldig avtale og brikke skal maksimalt betale for 80 passeringar pr. månad.

  • Køyretøy i takstgruppe 2 skal betale det doble av taksten for køyretøy i takstgruppe 1.

  • Nullutsleppskøyretøy (elbilar og hydrogenkøyretøy) i takstgruppe 1, med gyldig avtale og brikke, skal betale halvparten av taksten for konvensjonelle køyretøy. Dette gjeld etter brikkerabatten på 20 pst. Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 med gyldig avtale og brikke får 100 pst. rabatt.

For å oppnå bompengeinntekter i tråd med føresetnadene, er det lagt til grunn ei gjennomsnittleg inntekt per passering på 5,4 2017-kr. Omrekna til 2021-kr blir dette 6,1 kr. Med utgangspunkt i dette er det i tabell 6.2 lagt til grunn førebelse grunntakstar.

Tabell 6.2 Førebelse grunntakstar i 2021-kr:

Takstgruppe 1

Takstgruppe 2

Utanfor rushtid

12

24

Rushtid (06.30–09.00 og 15.00–17.00)

36

72

Det er lagt til grunn at takstane kan justerast slik at gjennomsnittstaksten blir som føresett. Vidare er det lagt til grunn at takstane kan justerast i tråd med konsumprisindeksen. Det er elles lagt til grunn at rabattar og fritak for betaling skal følgje gjeldande takstretningslinjer for bompengeprosjekt.

Andre føresetnader

Følgjande føresetnader er elles lagt til grunn i bompengeopplegget:

  • Lånerente: 5,5 pst. dei ti første åra – deretter 6,5 pst.

  • Årleg prisvekst: 2,0 pst.

  • Årlege innkrevjings- og driftskostnader: 21,5 mill. kr.

Innkrevjingsstart av bompengar vil vere i 2022. Basert på føresetnadene i denne proposisjonen er brutto bompengeinntekter rekna til om lag 4 335 mill. 2021-kr. Av dette er om lag 3 800 mill. kr føresett nytta til gjennomføring av prosjekt og tiltak innanfor Bypakke Tenk Tromsø. Om lag 200 mill. kr vil dekke finansieringskostnader, og om lag 335 mill. kr vil gå til investeringane i innkrevjingsutstyr, innkrevjingskostnader og kostnader til drift.

Eventuelle midlar som blir til overs etter prosjektet på Stakkevollvegen (jf. kap. 2) vil kome som eit tillegg til dette.

Det er lagt til grunn at bompengeselskapet vil stille til disposisjon 50 mill. kr til finansiering av vidare prosjektering, grunnerverv og andre førebuande arbeid samt gjennomføring av enkelte tiltak i 2021.